Spesialisering i barnesjukdommar ved Ålesund sjukehus
Som LIS vil du ta del i det daglege arbeidet på sengepost, nyfødd intensiv, poliklinikk og dagpost hos oss. Vi har lagt opp til hospitering på seksjon for habilitering i løpet av tenesta.
Barneavdelinga i Ålesund har 2 LIS1-stillingar, 8 LIS-stillingar og 13,5 spesialiststillingar. I tillegg har vi to spesialistar som roterer i stillingar ved avvikling av permisjonar.
LIS hos gåri 8-delt tilstadevakt der vaktdøgnet er delt i to. Det er 7-delt generell bakvakt og 5-delt tertiærvakt for neonatolog.
Hos oss deltek du, etter opplæring, i varierte oppgåver ved alle seksjonar ved avdelinga med gradvis aukande ansvar og kompleksitet i oppgåvene. Du har visittansvar både på sengepost for store barn og på nyføddintensiv heilt frå starten av tilsettinga for å auke kompetansen inn mot vaktarbeid. Som LIS startar du med sjølvstendig poliklinikk etter 3 måneder, ofte med enkle pediatriske problemstillingar den første tida, med moglegheit for fordjuping i spesialfelt ved meir erfaring. Det blir lagt opp til parallell poliklinikk med subspesialist for fordjuping i enkelte fagfelt. Det er og lagt opp til hospitering på barnehabiliteringa, som er ein del av vår avdeling. Med teneste hos oss vil du kunne få oppfylt dei aller fleste læringsmåla i fagfeltet utanom akutt onkologi og nyføddmedisin for premature under svangerskapsveke 26.
Det er behov for 18 måneder teneste ved universitetssjukehus for å kunne få oppfylt læringsmål vi ikkje tilbyr i foretaket. Vi har avtale om samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo Universitetsjukehus om slik teneste.
Før du startar hos oss vil du få tilsendt introduksjonsmappe med informasjon om avdelinga. Etter at du starter får du tildelt rettleiar. Du vil ha gjennomgang med alle seksjonsleiarane om dei enkelte seksjonane slik at du blir kjent med dei og oppgåvene dine der. Du vil i tillegg få ein rettleiar som er neonatolog. Den har ansvar for å lære deg opp i praktiske ferdigheter og prosedyrer som gjeld nyføddmedisin det første halve året. Du vil få åtte følgevakter før du startar i sjølvstendig vakt.
Det er laga oversikt over tema for internundervisning som er knytt til spesifikke læringsmål og går etter eigen rotasjon som gjentek seg etter om lag 2,5 år. Mykje av undervisninga er felles for Kristiansund og Ålesund.
Vi har lagt inn 120 minutt internundervisning per veke. Dette utgjerast av 45 minutt kvar tirsdag og torsdag morgon. I tillegg er det satt av 30 minutt kvar onsdag for faglege møter ilag med andre avdelingar ved sjukehuset og internt i avdelinga, bortsett frå fjerde onsdag i måneden som er sett av til rettleiing.
Det blir lagt til rette for at LIS får delta på to årlige nasjonale kurs tilsvarande 10 arbeidsdagar totalt. Dersom ein har fritt foredrag eller anna innlegg på møter/kurs leggast det og til rette for permisjon og støtte til dette .
To gonger i året arrangerer vi akuttveke. Då trener vi på fleire ulike scenarier for både akutt sjuke store barn og nyfødde.
Vi har kvart år gjennomgang av medisinsk teknisk utstyr (med nokre unntak) for praktisk trening og utsjekk. Det er i tillegg planlagt regelmessige dagar med ferdighetstrening med rettleiing i ulike prosedyrer.
Vi er eit lite og oversiktleg miljø og jobbar tett i lag ved alle seksjonar, samt ved felles legemøter. Det er dermed lett tilgang på spesialist eller meir erfaren LIS i løpet av dagen. Supervisjon vert gitt som direkte tilbakemeldingar av legar og sjukepleiarar ved previsitt, visitt, parallellpoliklinikk samt ved personlig oppfølging på vakter.
Det blir oppnemnd rettleiar til deg før du startar og både du og rettleiar blir informert om dette. Ved oppstart vil du få ein kartleggingssamtale. Det er sett av tid til rettleiing fjerde onsdag kvar månad, men det er gode høve for samtale med rettleiar utanom dette.
Vi har ein spesialist med norsk doktorgrad og ein som held på med doktorgradsarbeid, og vi har og ein LIS-lege med doktorgrad. Avdelinga har fleire større og mindre forskningsprosjekt i aktivitet, nokre på nasjonalt nivå. Både overlegar og LIS-legar oppfordrast til å vere med i forskingsarbeid.
Føretaket har ei
eiga forskingssavdeling som er tverrgåande i føretaket med aktivitet ved alle
fire sjukehusa, og frå forskingsavdelinga får ein både hjelp og rettleiing i
samband med forskingsprosjekt.
For
å dekke læringsmål knytt til forsking og kunnskapshandtering i felles
kompetansemål er det sett opp kurs over 2,5 dagar med undervisning i tema innan
både forsking og forbetringsarbeid og i samband med dette vil du som LIS også
gjennomføre eit forbetringsprosjekt lokalt. Det er ansatte i forskingsavdelinga
og seksjon for helsetenesteutvikling som deltek i undervisninga ved desse
interne kursa.
Utdanningsutvalet består av ein spesialist og ein LIS. Utvalet har ansvar for organisering av internundervisning, tildeling av rettleiar og informasjon til nytilsette.
Avdelinga har ein tillitsvalt for LIS og ein for spesialistar. Det er og tillitsvalt for YLF på sjukehus- og foretaksnivå.
Christine Vaksdal Nilsen, seksjonsleiar legar Molde, Volda og Ålesund.
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.