Spesialisering i bryst- og endokrinkirurgi ved Ålesund sjukehus
Vår avdeling er ei fullseksjonert avdeling med alle dei blautkirurgiske spesialitetane som eigne seksjonar utanom plastikkirurgi. Med dette dekker vi eit nedslagsfelt på om lag 100 000, men nokre fagfelt dekker større område frå 150 000 til 260 000 innbyggjarar. Avdelinga har to sengepostar som dei ulike spesialitetane er fordelt på. Vi deler ein sengepost med gastrokirurgi, medan dei andre spesialitetane deler den siste sengeposten med nokre andre kirurgiske fag. Vi fungerer som ei felles avdeling med felles morgonmøter, internundervisning og vaktordning. Det er ingen seksjonerte vakter hos oss og utanom urologane deltek alle i den generelle kirurgiske vaktordninga. Vi har ei beredskapsordning for urologiske pasientar. Ved avdelinga er vi 11-12 overlegar og 9 LIS-legar. LIS-legane går i 9-delt tilstandevakt med todelt vaktdøgn. Overlegane har bakvakt med heimevaktordning.
Det er eigen stor kirurgisk poliklinikk med variert behandlingstilbod, i tillegg til eigen poliklinikk ved brystdiagnostisk senter som vi og har ansvar for ilag med radiologane. Sjukehuset har ein stor hovudoperasjon og ei stor og relativt ny dagkirurgisk eining.
Bryst- og endokrinkirurgi er ein eigen seksjon med 2 overlegar og 2 LIS-legar. Vi har nokre sengeplassar på den eine av våre to kirurgiske sengepostar, men hovudtyngda av våre pasientar blir behandla på poliklinikken eller dagkirurgisk. Vi har vår eigen poliklinikk som er samlokalisert med brystdiagnostisk senter, som vi og har ansvar for. All behandling og oppfølging av cancer mamma er sentralisert til oss, men det gjerast og noko diagnostikk i Molde. Det plastikkirurgiske miljøet i foretaket er i Molde, men vi samarbeider tett med desse og dei kjem regelmessig til oss for primær rekonstruksjon og onkoplastikk.
Du treng både teneste ved alle seksjonane våre for å kunne få oppfylt læringsmåla i del 2 felles kirurgi, og mykje praktisk trening i våre prosedyrer og rutiner. Vi prøver å legge til rette for at du får starte ved vår seksjon utan deltaking i vakt slik at du raskt oppnår kompetanse og kan gjere fleire sjølvstendige vurderingar. Du har eigen poliklinikk og deltek på mykje inngrep i lag med overlege. I løpet av tenesta må du og ha den nødvendige rotasjonstenesta med deltaking i vakt elles ved avdelinga. Det er behov for 12 månader spesialiseringsperiode ved universitetssjukehus. Vi har avtale med St. Olavs Hospital i Trondheim for slik teneste.
Når du startar hos oss blir du tatt godt imot og introdusert i avdelinga! Du får omvisning og nødvendig opplæring i rutiner, prosedyrer og dataprogram du skal bruke. Deretter blir du raskt sett i arbeid der overlege alltid er tilgjengelig for spørsmål. Du får opplæringsvakter før du starter sjølvstendige vakter.
Internundervisninga er tilpassa læringsmåla og vi følgjer eit undervisningsopplegg over om lag 2 år. Det blir satt opp undervisningslister for haust- og vårhalvår. Både overlegar, LIS-legar held undervisning. Det er 2 faste undervisningsdagar kvar veke i samband med morgonmøtet. I tillegg har vi eigen undervisning ved seksjonen. Det er felles internundervisning for heile sjukehuset ein time kvar månad.
Du får delta på nasjonalt anbefalte kurs for spesialiteten.
Vi har regelmessig simulering med traumeteamet. Katastrofeøving i foretaket rullerer mellom dei fire sjukehusa, altså kvart 4. år på dei ulike sjukehusa. Her deltek m.a. alle tilknytta kirurgisk avdeling.
Ved avdelinga har vi D-box og det er høve til dagleg trening på denne.
I heile foretaket arbeider vi med å strukturere inngrep og utstyr. Mellom anna vil vi definere kvart inngrep som ein serie av etappar, der du kan gjere ulike etappar av eit inngrep ut i frå erfaring og kompetanse. Dette trur vi gir betre og raskare operasjonstrening.
Vi er ei lita og oversiktleg eining og alle jobbar tett i lag. Det er kort veg for å be om hjelp når ein treng det. Vi har kontinuerlig, tett kontakt i klinisk arbeid kvar dag. Du har tilgang på supervisjon frå spesialist ved alle arenaer ved behov. Nye prosedyrer gjer du ilag med spesialist dei første gongane. På operasjonsstova opererer du alltid ilag med overlege til du er sjølvstendig, og du skal alltid avklare inngrep med overlege etter kvart som du blir meir sjølvstendig.
Rettleiing og fagleg utvikling:
Du får tildelt rettleiar når du startar og det er sett opp regelmessige møter med rettleiar. Ved behov er det tilgang på både formelle og uformelle møter med rettleiar ved behov.
Vi har faste multidisiplinære møter kvar veke og dette deltek du på. Det er og høve til å nokre gonger få delta på lokale, regionale og nasjonale faglege møter når dette passar for avdelinga.
Det er sett av tid til fordjuping tilsvarande 4 timar per veke.
Vi har ein lege med PhD-grad i avdelinga. Foretaket har ei forskingsavdeling som ligg ved sjukehuset vårt og vi bruker denne ved behov. Det er god tilgang på tidsskrift og litteratur gjennom fagbiblioteket som er bemanna til kl 15 på kvardgar. På seksjonen deltek vi i fleire forskingsprosjekt. Vi har nyleg avslutta Cyclokapronstudien der vi har rekruttert pasientar i samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim og sendt inn artikkel til BMJ. No rekrutterer vi pasientar til COBRA-studien som ser på langtidseffektene på hjertet ved pustestyrt strålebehandling samanlikna med konvensjonell strålebehandling. Vi planlegg og deltaking i EMIT-studien. LIS-legar hos oss deltek i arbeid med dei nevnte studiane og vert og oppmoda til å drive enkle registreringsarbeid, skrive artiklar og ha innlegg på kirurgisk haustmøte.
Det er utdanningsutval ved avdeling som utgjerast av ein overlege og ein LIS-lege. Overlegen leiar utdanningsutvalet.
Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.
For meir informasjon, ta kontakt med:
Sverrir Olafsson, seksjonsoverlege.
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.