Offentleg utdanningsplan
Spesialisering i endokrinologi i Helse Møre og Romsdal
I Helse Møre og Romsdal er det endokrinologisk tilbod ved Volda, Ålesund og Molde sjukehus. I Kristiansund får nokre diabetes- og tyroideapasientar oppfølging frå lege etter eigen avtale. Alle sjukehusa har tilsett diabetessjukepleiarar og har diabetesteam.
Alle sjukehusa har velfungerande laboratorier med eit samarbeid om analyser. Dei viktigaste hormonanalysene blir gjort i foretaket. I Ålesund og Molde er det eige isotoplaboratorium, men bilda blir tolka av spesialist i nukleærmedisin ved St. Olavs Hospital i Trondheim. Det blir gjort godkjent bentetthetsmåling, DEXA, på røntgenavdelinga på alle dei fire sjukehusa.
Tyreoidea- og paratyreoideakirurgi er sentralisert til Ålesund sjukehus. Overvekts-poliklinikken er i Ålesund og overvektskirurgi er eit samarbeid mellom Ålesund og Volda.
Det endokrinologiske miljøet og tilbodet i Ålesund og Molde er omkring like. Volda har eit mindre tilbod enn dei to andre. LIS-utdanning etter ny spesialitetsstruktur skjer ved alle dei tre sjukehusa, men det er noko variasjon i kva læringsmål ein får oppfylt dei ulike stadene. Ein må difor pårekne noko hospitering eller teneste ved eit av dei andre sjukehusa. Det er i tillegg nødvendig med 18 månader teneste ved universitetssjukehus for å kunne få oppfylt læringsmål vi ikkje tilbyr i Møre og Romsdal.
Spesialisering i endokrinologi ved Volda sjukehus
Spesialisering i endokrinologi ved Ålesund sjukehus
Spesialisering i endokrinologi ved Molde sjukehus