Felles kompetansemål LIS1
Felles kompetansemål er ei samling kompetansemål som er felles for alle legar. Desse handlar om å ulike tema som går utover det reint medisinsk faglege og skal utfylle legerolla Temaene som vert omhandla er etikk, kommunikasjon, forskingsforståing og kunnskapshandtering, kvalitet og pasientsikkerheit, lovverk, pasient- og brukarmedvirking, samhandling, systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Totalt er det 74 slike læringsmål som skal oppnåast i løpet av spesialiseringa. 50 av desse er i tida som LIS1. Av desse 50 skal 24 fullførast i løpet av sjukehusåret og ytterlegare 5 startar ein på i løpet av året hos oss før dei skal fullførast i kommunehelsetenesta.
Introduksjonskurset før oppstart dekker fleire av desse læringsmåla, inkludert mellom anna innan etikk, samhandling og forskingsforståing og kunnskapshandtering. I tillegg er det lagt opp til eit dagskurs i pedagogikk og kommunikasjon i løpet av sjukehusåret som skjer fysisk på kvart sjukehus. Tre gongerr i året vert det arrangert eit videobasert kurs om nye trendar i medisinsk forsking. Fleire av temaene i felles kompetansemål vil vere aktuelle for grupperettleiing. Nokre av læringsmåla har også tilknytt e-læring og sjølvstudium.
Når du seinare fortset som LIS 2/3, uavhenig av kvar i landet du vel å jobbe, fortset du med dei siste 24 læringsmåla, som bygger på dei 50 du har hatt i tida som LIS1.