Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spesialisering i fødselshjelp og kvinnesjukdommar ved Kristiansund sjukehus

Avdeling for Fødselshjelp og kvinnesjukdommar Kristiansund er ei lita og oversiktleg avdeling. Vi har årleg omtrent 6 000 pasientkontakter.  
Vår kliniske aktivitet skjer på gynekologisk poliklinikk, svangerskapspoliklinikken, kreftpoliklinikken, operasjonsavdelinga og barsel. Fødslane foregår for tida ved fødeavdelinga i Molde, og LIS går vakter der. Vi deler gynekologisk sengepost med kirurgi/ortopedi og har nokre sengeplassar til rådigheit for våre inneliggande gynekologiske pasientar. Pasientar som innleggast til planlagt gynekologisk operasjon innleggast ved barselavdelingen.

Gynekologisk poliklinikk og svangerskapspoliklinikk foregår i hovudsak på dagtid. Fleire dagar i veka er det også poliklinikk der det blir gjort tidlig ultralyd og rutineultralyd av egne ultralydjordmødre.

Operativ aktivitet skjer på to faste dagar i veka, samt øvrige ukedagar for akutte inngrep. Det er fokus på poliklinisk- og dagkirurgi. Det er stor urogynekologisk kirurgisk aktivitet med m.a. prolaps- og inkontinenskirurgi. 
 
Det er 4 overleger og 2 LIS ved avdelinga. Da fødeavdeinga for tiden er stengd er vakt for LIS ved Molde sykehus, der det er tilstedevakt med fri før og etter vakt. LIS går inn i rullerande 8 delt plan. Overlegar har også tilstedevakt hele døgnet.  

Kristiansund er eit lite sjukehus med liten, men brei gyn-/fødeavdeling og derfor er det hensiktsmessig for ferske LIS å starte utdanninga her. Du får raskt god oversikt over heile faget, og jobbar tett med overlegane. Det er kun 2 LIS-stillingar ved avdelinga, noko som mellom anna gjer at operativ aktivitet lettare er tilgjengelig enn ved større avdelingar. Det er gode moglegheiter for å få utført mange kirurgiske prosedyrer hos oss. Ved rotasjon til universitetssjukehus må det leggast vekt på å få meir erfaring med fødselshjelp, da mengdetreninga ikkje er stor ved ei lita fødeavdeling. 

Du treng om lag 3 år i foretaket for å kunne få oppfylt alle læringsmåla vi kan tilby her. Du vil trenge noko tid ved andre avdelingar i foretaket for å kunne få oppfylt dine læringsmål. I tillegg treng du eit år med kirurgisk teneste som kan gjerast i Molde, Ålesund eller Volda. Det er planlagt med 18 månader spesialiseringsperiode ved universitetssjukehus for å kunne få oppfylt læringsmål vi ikkje tilbyr i vårt foretak. Vi har avtale om samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo Universitetssjukehus. Vi samarbeider og med andre avdelingar på sjukehuset for nokre av læringsmål, til dømes kirurgisk avdeling, medisinsk avdeling og røntgenavdelinga. 

Nye LIS blir tatt godt imot ved avdelinga og tek straks del i alle arbeidsoppgåver. Arbeidet skjer under rettleiing og supervisjon og blir gradvis tilpassa arbeidsmengde og ansvarsområde etter den enkeltes evne og kapasitet. Det blir tilrettelagt for og tilstrebast at du som LIS får kome i gang med nasjonale anbefalte kurs så tidleg som mogleg.

Det er laga ei felles undervisningsliste for heile foretaket der tema som skal vere gjennomgått i løpet av ei 2-års periode framgår. Lista er revidert for også å vere tilpassa læringsmåla for ny spesialitetsstruktur.

Det er planlagt internundervisning saman med avdelinga i Molde. I tillegg er det sett av tid til undervisning og trening i nyføddresucitering med instruktørar frå andre sjukehus. Alle legar skal delta på akuttdagar og nyføddresucitering.
 
Avdelinga legg til rette for at du får delta på kurs.

Simulering og ferdighetstrening i nyføddresucitering arrangerast kvar sjette månad der jordmødre, barnepleiarar og legar deltek. Det kjem då tilsette frå neonatal intensiv i Ålesund som held undervisninga. Ved årlege akuttdagar trenar vi ulike akuttsituasjoner. Avdelinga har og ein D-box til laparoskopitrening.

Avdelinga er lita og oversiktleg og vi arbeider alle tett ilag. Det er overlege som har ansvar for å koordinere utdanninga ved avdelinga tilpassa nasjonale retningslinjer. Vi har fokus på gjennomføring av operasjonslister og obligatoriske kurs. Supervisjon vil foregå ved at du alltid har ein meir erfaren kollega, enten meir erfaren LIS eller spesialist, tilgjengelig for konferering og tilsyn ved gjennomføring av prosedyrer der det er ønskeleg eller nødvendig. Ein gong kvar månad har vi og gjennomgang av «spørsmål og svar» medan vi etter kvart kvartal går gjennom det siste kvartalet og legg planar for det komande.
Du får tildelt rettleiar når du startar hos oss, rettleiar er spesialist. Det er sett av tid til månadleg rettleiing.

Alle LIS hos oss har to fordjupningsdagar på til saman 16 timar kvar månad.  

Vi har per i dag inga forskingsaktivitet i avdelinga.

Utdanningsutvalet består av ein overlege og ein LIS. Det er overlege som leiar utdanningsutvalet. Utvalet har som hovudoppgåve å planlegge internundervisning og arbeide med kvalitetsforbetring av utdanninga.

Avdelinga har eigen YLF-tillitsvalt og det opplevast at interesser blir ivaretatt på ein god måte. Det er lav terskel for kontakt med tillitsvalt ved avdelinga ved behov. Det er elles og YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:
Johan Kippervik, overlege, avdelingssjef



Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.








Sist oppdatert 04.05.2023