Spesialisering i fødselshjelp og kvinnesjukdommar ved Molde sjukehus
Nye LIS blir tatt godt imot ved avdelinga og får innføring i vanlige arbeidsoppgåver. Arbeidet skjer under rettleiing og supervisjon og blir gradvis tilpassa arbeidsmengde og ansvarsområde etter den enkeltes evne og kapasitet. Det blir tilrettelagt for og tilstrebast at du som LIS får kome i gang med nasjonale anbefalte kurs tidlig i utdanninga.
Simulering og ferdighetstrening i nyføddresucitering arrangerast kvar sjette månad der jordmødre, barnepleiarar og legar deltek. Det kjem då tilsette frå nyfødt intensiv i Ålesund som held undervisninga. Ved årlege akuttdagar trenar vi ulike akuttsituasjoner.
Vi har per i dag inga forskingsaktivitet i avdelinga.
Utdanningsutvalet består av felles utdanningsansvarlig overlege for Molde og Kristiansund og ein LIS frå kvart sykehus. Det er overlege som leiar utdanningsutvalet. Utvalet har som hovudoppgåve å planlegge internundervisning og arbeide med kvalitetsforbetring av utdanninga.
Avdelinga har felles YLF-tillitsvalt for Molde og Kristiansund, og det opplevast at interesser blir ivaretatt på ein god måte. Det er lav terskel for kontakt med tillitsvalt ved avdelinga ved behov. Det er elles og YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.