Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spesialisering i fødselshjelp og kvinnesjukdommar ved Volda sjukehus

Avdeling for Fødselshjelp og kvinnesjukdommar Volda er ei lita og oversiktleg avdeling. Vi har omtrent 6200 pasientkontakter kvart år. Vi disponerer 10 senger og hadde 1 200 døgnpasientar, 200 dagbehandlingar og 4 700 polikliniske konsultasjonar i 2018. Vi har omtrent 500 fødslar per år.

Ved avdelinga er vi 4 spesialister og 1 LIS. LIS går 4-5-delt vakt med arbeid kvar 5.helg og har alltid spesialist som bakvakt. Det er døgnvakt ved avdelinga, men med heimevakt på natt under føresetnad at ein oppheld seg i kort avstand frå sjukehuset.

Vi har omtrent 500 fødslar i året frå graviditetsveke 35. Vaginale tvillingfødslar, vaginale seteleie og andre risikofødslar en sentralisert til avdelinga i Ålesund. Av fødslane er om lag 70 keisarsnitt og 40 operativt vaginale forløysingar (tang og vakuum)

Gynekologisk poliklinikk og fødepoliklinikken er lokalisert til same område. Kvar av legane har poliklinikk ein fast dag pr veke. Ved fødepoliklinikken er det oppfølging av kompliserte svangerskap to gonger pr veke og ordinær ultralydscreening 2 dagar pr veke. Ved screening er det jordmor som gjer det meste av arbeidet, men som LIS har du god tilgang til opplæring og får gjort dine nødvendige undersøkingar som er krav i spesialiteten. I tillegg er det tilbod om uropoliklinikk med uroterapeut og gynekolog ein dag i veka. Vi har og pasientar ved Kreftpoliklinikken ved sjukehuset, om lag 50 gynekologiske cellegiftkurar i året.

All operativ verksemd skjer på operasjonsavdelinga. Våre pasientar blir som regel operert av legen som har stilt indikasjon for operasjon. Som LIS blir du prioritert som hovudoperatør og får operere mykje. Operasjonslista er som regel ferdig utfylt for gynekologi innan 2 år. Vi har valt vaginal hysterektomi som hovudmetode (rundt 85% av hysterektomiane) og det er omtrent TVT-operasjonar i året.  35 hysterektomier per år. Vi har omtrent 40 laparoskopier, 35 hysteroskopiar og 30 TVT-operasjonar per år.

Avdelinga vår er ei lita fødeavdeling, men fordi det er få LIS-legar har du god tilgang på prosedyrer og vanlege tilstandar. Du treng om lag 3 år i foretaket for å kunne få oppfylt alle læringsmåla vi kan tilby her. Du vil trenge noko tid ved avdelinga i Ålesund for å kunne få oppfylt dine læringsmål. I tillegg treng du eit år med kirurgisk teneste som kan gjerast i Volda, Ålesund eller Molde. Det er planlagt med 18 månader spesialiseringsperiode ved universitetssjukehus for å kunne få oppfylt læringsmål vi ikkje tilbyr i vårt foretak. Vi har avtale om samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo Universitetssjukehus. Vi samarbeider med kirurgisk avdeling på sjukehuset for nokre av læringsmåla. Du vil og bli godt kjent med røntgenavdelinga og medisinsk avdeling som vi samarbeider godt med for ulike problemstillingar, sjølv om du ikkje har noko tjeneste ved desse avdelingane. 

Når du startar som LIS hos oss blir du tatt godt imot og raskt inkludert og sett inn i arbeidsoppgåvene. Dei første 8 vekene er di viktigaste oppgåve å følge jordmor på flest mogleg normale fødslar. Du har ein lang arbeidsdag per veke, men ingen vakter i denne perioda. Utanom oppfølging av normale fødsler, følger du rettleiar eller ein av dei andre spesialistane i det daglige arbeidet. Etter kvart får du gradvis tildelt meir sjølvstendig arbeid.

Det er laga ei felles undervisningsliste for heile foretaket der tema som skal vere gjennomgått i løpet av ei 2-års periode framgår. Lista er revidert for også å vere tilpassa læringsmåla for ny spesialitetsstruktur.

Vi har internundervisning 45 minutt to gonger kvar veke utanom ved ferieavvikling eller planlagt fråvær for vår eine LIS. To gongar kvar månad er det  30 minutt CTG-møter saman med jordmødrene. Ein gong kvar månad er det 45 minutt fellesundervisning for heile sjukehuset. Vi har to «akuttdagar» og to dagar med opplæring/trening i nyføddresucitering kvart år, der alle legar skal delta ein gong pr år.
 
Avdelinga legg til rette for at du som LIS får delta på nasjonale kurs du treng for å bli spesialist.

Vi har ein D-box (simulator for laparoskopisk trening) som vi deler med kirurgisk avdeling. På føden har vi fantomtrening for å øve på bruk av tang og vakuum ved forlyøsingar. To dagar i året trener vi på akutt obstetrikk med jordmødrene og to dagar i året trener vi med barnelegane på neonatal resuicitering.

Avdelinga er lita og oversiktleg og vi jobbar alle tett ilag. Supervisjonen blir tilpassa LIS sin tidlegare erfaring og faglege utvikling. Du vil alltid ha spesialist tilgjengeleg å konferere med eller få hjelp til pasientbehandlinga av.

Du får tildelt rettleiar når du startar, rettleiar er spesialist. Det er sett av tid til månadleg rettleiing, men det er lav terskel for oftare uformell og formell kontakt med rettleiar. LIS 3 har fast veileder som er overlege. Veiledning månedlig og ellers ved behov. Utdanninga skal fortløpande dokumenterast i Kompetanseportalen og rettleiar følger opp dette ilag med deg.

Du får sett av tid til fagleg fordjuping tilsvarande 4 timar per veke.

Foretaket har ei eiga forskingssavdeling som er tverrgåande i foretaket med aktivitet ved alle fire sjukehusa, og frå forskingsavdelinga får ein både hjelp og rettleiing i samband med forskingsprosjekt. 

For å dekke læringsmål knytt til forsking og kunnskapshandtering i felles kompetansemål er det sett opp kurs over 2,5 dagar med undervisning i tema innan både forsking og forbetringsarbeid og i samband med dette vil du som LIS også gjennomføre eit forbetringsprosjekt lokalt. Det er ansatte i forskingsavdelinga og seksjon for helsetenesteutvikling som deltek i undervisninga ved desse interne kursa. 

Det er for tida ikkje noko pågåande forskningsaktivitet ved avdelinga.

Avdelinga sitt utdanningsutval utgjerast av LIS og rettleiar. Utdanningsutvalet skal organisere internundervisning og bidra til kvalitetsforbetring av utdanninga.

LIS er sjølv tillitsvalt i avdelinga. Sjukehuset er lite og oversiktleg og sjukehuset har eigen hovedtillitsvalt for YLF som kontaktast etter behov og vil ofte fungere som felles tillitsvalt for alle LIS-legar på sjukehuset. Det er og eigen YLF-tillitsvalt på foretaksnivå.

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:

Idunn Myklebust, seksjonsoverlege.

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Sist oppdatert 19.05.2023