Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spesialisering i fysikalsk medisin og rehabilitering ved Ålesund sjukehus

Vi har 7 overlegestillingar og 4 stillingar for LIS. Som LIS vil du rotere mellom sengepost og poliklinikk. Vi har beredskapsvakt for våre innlagde pasientar fram til kl 21 på kvardagar og frå 9-14 i helgene. Denne ordninga deltar alle legane i, men når det er LIS som har vakt vil ein av overlegane vere satt opp som bakvakt.

Sengeposten har 24 senger. I tillegg har vi 4 senger på pasienthotellet. Vi gir rehabiliteringstilbod til ulike diagnosegrupper der hovudgruppene er pasientar med ervera hjerneskade, subakutte og kroniske nevrologiske skader/sjukdommar, multitraumepasientar, intensivoverlevere og underekstremitetsamputerte. Vi har inndelt sengeposten i to team med ulike diagnosegrupper. Som LIS vil du rotere mellom dei to ulike teama.

Poliklinikken tek seg av diagnostisering og konservativ behandling av skader og sjukdommar i muskel-/skjelettsystemet. Poliklinikken har og tilbod innan HelseIArbeid (HIA). Det er to overlegar og ein LIS på poliklinikken. 

Hovuddelen av utdanninga skjer ved Ålesund sjukehus, både på sengeposten og poliklinikken.

Som LIS skal du vere minst 1 år på poliklinikken. Der vil du kunne oppnå læringsmål innan tema bevegapparatet, smerte, fysisk aktivitet, nervesystemet med fleire.

På sengeposten er du minst 6 månader på kvart av teama. Der vil du kunne oppnå læringsmål innan rehabiliteringsleiing, metode for utgreiing og rehabilitering ved ulike problemstillingar, rehabilitering ved dei ulike diagnosegruppene med fleire.

Du vil trenge 12 månaders teneste ved annan relevant spesialitet, ev. to spesialitetar i 6+6 mnd. Du kan velje mellom teneste i indremedisin, revmatologi, ortopedi, nevrologi, nevrokirurgi, psykiatri, onkologi, rus- og avhengigheitsmedisin eller allmennmedisin. Dersom du har relevant teneste frå andre fagfelt vil ein gjere konkrete vurderingar av kva teneste utanfor vår seksjon som er nødvendig.

Du vil kunne få oppfylt dei fleste læringsmåla for spesialiteten i Ålesund, men det er og behov for inntil 6 månaders spesialiseringsperiode ved universitetssjukehus for å oppnå læringsmål knytt til rehabilitering av pasientar med erverva hjerneskade og spinalskade. Dette er organisert som hospitering i to bolkar som kvar er på inntil 3 månader. Vi har avtale om samarbeid med St. Olavs hospital i Trondheim for slik teneste. Vi reknar med at du i løpet av 5 års teneste totalt skal vere ferdig med spesialiteten din.

Som ny LIS får du opplæring av ansvarleg overlege på poliklinikken eller sengeposten. Du vil etter kvart delta i tverrfaglege team og gjere fleire oppgåver sjølvstendig. Det er laga skriftleg informasjon til nye tilsette, samt interne informasjonsskriv og prosedyrar som du får når du startar. Du vil og få informasjon om og opplæring i våre eigne pasientforløp. 

Vi har sett av tid til to undervisningstimar kvar torsdag utanom ferieveker. Første time deltek vi i regional undervisning saman med St. Olavs hospital og Levanger sjukehus. Andre time er internundervisning lokalt. Tema for undervisninga baserer seg på læringsmål og sentrale tema innan spesialiteten. Det er obligatorisk å delta på denne undervisninga for alle legar når vi er på jobb. Både LIS og overlegar bidreg med innlegg til internundervisninga.

Vi har ein langtidsplan for undervisning som sikrar strukturert og planmessig gjennomgang av dei sentrale emna i faget over ein periode på 2 år.

Det er organisert nasjonal fjernundervisning 10 gonger i året som videoundervisning via Norsk Helsenett. Denne skal og LIS hos oss delta på.

Som LIS er det fleire obligatoriske nasjonale kurs som er nødvendig for spesialiteten. Du får fri til å delta på to nasjonale kurs pr år. I tillegg oppfordrar vi til at du deltek på kurs internt på sjukehuset/i føretaket.  

I samband med internundervisning blir det lagt til rette for praktisk ferdighetstrening på kvarandre, med gjennomgang av undersøkingsteknikk og injeksjonsteknikk. Det er elles gode moglegheiter for at du er saman med overlege eller meir erfaren LIS ved undersøking av pasientar både på sengeposten og poliklinikken.

Vi er ei lita og oversiktleg eining der vi alle raskt blir kjent med kvarandre. Det er både tradisjon og låg terskel for å drøfte problemstillingar internt og spørre kvarandre om råd. Supervisjon til deg som LIS blir gitt i direkte tilknytning til arbeids- eller læringsoppgåver både i sengeposten og poliklinikken.

Du får tildelt rettleiar når du startar, og saman med din rettleiar lagar de din individuelle utdanningsplan. De avtaler tidspunkt for samtale med rettleiar, som de skal ha ein gong pr månad. I tillegg til dette vil det vere god tilgang på både uformell og formell kontakt med rettleiar etter behov. Som ledd i kompetansevurdering blir det arrangert vurderingskollegium i samband med kvar rotasjon. Her deltek du, leiar, medisinskfagleg rådgivar, utdanningsansvarleg overlege, rettleiar og supervisør(ar).

Det blir sett av tid til fagleg fordjuping tilsvarande 4 timar per veke. 

Som LIS vil du få høve til å delta i aktuelle forskingsprosjekt i seksjonen eller i forskingsprosjekt som utgår frå andre avdelingar, eventuelt ved anna sjukehus som til dømes St. Olavs hospital i Trondheim. Elles vil du som LIS bli oppfordra til å delta på interne kurs på sjukehuset om forsking, og tema innan internundervisning omhandlar og forskingsmetodikk.

For å dekke læringsmål knytt til forsking og kunnskapshandtering i felles kompetansemål er det sett opp kurs over 2,5 dagar med undervisning i tema innan både forsking og forbetringsarbeid og i samband med dette vil du som LIS også gjennomføre eit forbetringsprosjekt lokalt. Det er tilsette frå forskingsseksjonen og seksjon for helsetenesteutvikling som deltek i undervisninga ved desse interne kursa.   

Alle legane hos oss er medlem i utdanningsutvalet, som blir leia av ein overlege. Det er møte 1 gong pr halvår. 

Det er eigen YLF-tillitsvalt på avdelinga som ivaretar interessene dine på best mogleg måte. I tillegg er det eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og føretaksnivå.

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med einingsleiar Hanne Elde.

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Sist oppdatert 23.05.2023