Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spesialisering i gastroenterologisk kirurgi ved Molde sjukehus

Sjukehuset vårt er eit godt differensiert lokalsjukehus. Kirurgisk avdeling i Molde er ei felles kirurgisk avdeling med seksjonering innan gastrokirurgi, urologi og plastikkirurgi og sørger for kirurgisk behandlingstilbod til befolkninga i Nordmøre og Romsdal som utgjer om lag 110 000 innbyggjarar. Vi har og traumefunksjon for same region. Ved avdelinga har vi 28 blautkirurgiske senger fordelt på to sengepostar, de øvrige sengene ved dei to sengepostane er til andre kirurgiske fagfelt om ortopedi, ØNH, auge og gynekologi. Vi er 6-7 overlegar og 8 LIS-legar ved avdelinga. Det er felles kirurgisk vaktordning der LIS-legane går i eige vaktsjikt med todelt vaktdøgn heile veka. Primærsjiktet dekkast opp av LIS1-legar. Overlegane dekker bakvakt med heimevaktordning.

Gastrokirurgisk seksjon har eigen sengepost med 19 senger. Vi er 4 spesialistar og har til ei kvar tid 4 LIS-legar ved seksjonen. Vi har stort spenn i behandlingstilbodet og favnar nesten heile det gastrokirurgiske spekteret. Fedmekirurgi er sentralisert til Ålesund og Volda, og all kirurgi for rectumcancer er sentralisert til Ålesund. Kirurgi ved cancer i øvre GI-tractus er sentralisert til St. Olavs Hospital i Trondheim. Utover dette får du ei brei utdanning hos oss. Vi har stor operativ verksemd med både open og laparaskopisk kirurgi. Det er og høg aktivitet på poliklinikken og ved den dagkirurgiske eininga på sjukehuset.

Avdelinga vår er ein ypperleg arena for ei brei, generellkirurgisk erfaring. Når du startar hos oss vil du vanlegvis, med avhengig av tidlegare arbeidserfaring, starte med generell rotasjon for å kunne oppfylle læringsmåla knytt til del 2 felles kirurgi og vi estimerer at du treng om lag 2 år på å oppfylle desse læringsmåla. Dei fleste kan du gjere ved alle sjukehusa, men fordi vi har noko funksjonsdeling og det er litt variasjon i behandlingstilbodet ved dei ulike sjukehusa kan du trenge nokre hospiteringsdagar ved eit av dei andre sjukehusa. Etter kvart som du får meir erfaring og aukar kompetansen din, blir du og meir knytt til vår seksjon og får tilpassa oppgåver ut i frå din kompetanse og ferdigheter. For å kunne få oppfylt dei læringsmåla vi tilbyr, vil du trenge om lag 3 år ved vår seksjon. Du må i tillegg pårekne ei periode på 6-12 månader i Ålesund for å oppfylle læringsmåla vi ikkje tilbyr før du er klar for teneste ved universitetssjukehus.

Det er behov for 18 månader spesialiseringsperiode ved universitetssjukehus. Vi har avtale med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo universitetssjukehus for slik teneste. I løpet av denne tenesta skal du mellom anna ha teneste for å oppfylle læringsmål som mellom anna omhandlar lever- og pancreaskirurgi, avansert traumatologi, kreftsjukdom i øvre GI-tractus og simulatortrening.

Når du startar hos oss blir du tatt godt imot og introdusert i avdelinga! Du får omvisning og nødvendig opplæring i rutiner, prosedyrer og dataprogram du skal bruke. Deretter blir du raskt sett i arbeid etter erfaringsnivå, der overlege alltid er tilgjengelig for spørsmål. Dei som ikkje er kjent på sjukehuset frå før vil bli introdusert til vaktarbeid med å ha dagvakter den første tida.

Internundervisninga er tilpassa læringsmåla og vi følgjer eit undervisningsopplegg over om lag 2 år. Det blir satt opp undervisningslister for haust- og vårhalvår. Både overlegar, LIS-legar held undervisning. Det er undervisning 45 minutt kvar måndag og 90 minutt kvar torsdag. Undervisninga er både forelesningsbasert og gjennomgang av aktuelle kasuistikkar og artiklar. I tillegg er det felles internundervisning for alle legar på sjukehuset ein gong kvar veke.

Vi forventar at du deltek på nasjonale kurs som er obligatoriske for spesialiteten og fra avdelinga får du fem dagar kvar halvår til slik permisjon. Det blir og gitt ytterlegere permisjon dersom det passar med dei andre arbeidsoppgåvene du har.

Vi har regelmessig simulering med traumeteamet. Katastrofeøving i foretaket rullerer mellom dei fire sjukehusa, altså kvart 4. år på dei ulike sjukehusa. Her deltek m.a. alle tilknytta kirurgisk avdeling.

Ved avdelinga har vi D-box og det er høve til dagleg trening på denne.

I heile foretaket arbeider vi med å strukturere inngrep og utstyr. Mellom anna vil vi definere kvart inngrep som ein serie av etappar, der du kan gjere ulike etappar av eit inngrep ut i frå erfaring og kompetanse. Dette trur vi gir betre og raskare operasjonstrening.

Vi er ei lita og oversiktleg avdeling og alle jobbar tett i lag. Det er kort veg for å be om hjelp når ein treng det. Vi har kontinuerlig, tett kontakt i klinisk arbeid kvar dag. På sengepost er det supervisjon med overlege ved previsitt, og av og til visitt. På poliklinikken er det god tilgang på spesialist ved behov. Nye prosedyrer gjer du ilag med spesialist dei første gongane.

På operasjonsstova opererer du alltid ilag med overlege til du er sjølvstendig, og du skal alltid avklare inngrep med overlege etter kvart som du blir meir sjølvstendig.Du får tildelt rettleiar når du startar og det er sett opp regelmessige møter med rettleiar. Ved behov er det tilgang på både formelle og uformelle møter med rettleiar ved behov. Vi forventar at du deltek på faglege møter. Saman med rettleiar skal du lage ein plan for å få oppfylt alle nasjonale kurs og deltaking på regionale/nasjonale møter.

Det er ingen legar i avdelinga med PhD-grad. Foretaket har ei forskingsavdeling i Ålesund og vi bruker denne ved behov. Det er god tilgang på elektroniske tidsskrift i foretaket. Vi har ikkje noko pågåande forskingsprosjekt i avdelinga nok. LIS-legar hos oss blir oppmoda til å drive enkle registreringsarbeid, skrive artiklar og ha innlegg på kirurgisk haustmøte.

Utdanningsutvalet er sett saman av 1 overlege og 1-2 LIS-legar. Det er overlege som leiar utvalet.

Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.

For spørsmål om spesialistutdanninga, kontakt:
Seksjonsoverlege Kenneth Klemetzen, tlf 71 12 00 00

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Sist oppdatert 24.04.2023