Helse Møre og Romsdal (HMR) er det sørlegaste av dei fire helseforetaka i Helse Midt-Norge, og Volda sjukehus er sørlegaste av dei fire sjukehusa i HMR. Sjukehuset ligg heilt på grensa til Vestland fylke og Helse Vest.
Kirurgisk avdeling er ei felles kirurgisk/ortopedisk avdeling med behandlingstilbod til innbyggjarane på Søre Sunnmøre som utgjer om lag 50 000. Vi merkar og eit visst tilsig av pasientar frå Nordfjordregionen og er næraste sjukehuset for om lag 75 000 pasientar. Sjølv om det er ei felles avdeling med ortopedane, er dagaktivitet og dagarbeid atskilt for LIS. Vi har blautkirurgisk behandlingstilbod innan generell kirurgi, gastrokirurgi og urologi, med alle obligatoriske basisfunksjonar ift Legeforeninga sitt vedtak om slike. Det er fødesamarbeid med Nordfjord, slik at Volda har over 500 fødslar i året. Vi har 18 blautkirurgiske senger ved avdelinga for både akutte og elektive innleggingar. Vi er no seks overlegar ved avdelinga, der to er urologar og resten har dobbeltspesialitet i gastro- og generell kirurgi. Seksjonen har 4 LIS. I vaktsamanheng er det felles sekundærvaktlag med LIS i ortopedi slik at som LIS hos oss går du i 7-delt vaktordning der du dekker både blautkirurgi og ortopedi, men med både blautkirurgisk og ortopedisk bakvakt. Vaktsystemet for både LIS og overlegar er basert på heimevakt. Primærvakt dekkast av LIS1. LIS har aktiv vakt til kl 20, deretter passiv heimevakt. Overlegar har passiv vakt frå kl 17. Urologar har vakt 1-2 dagar i veka.
Som LIS 2/3 hjå oss får du stort volum for basale kirurgiske ferdigheiter, og vi forventar rask progresjon. Vi er ein viktig operasjonsmotor i foretaket, og du blir tidleg inkludert i dette. Du får også erfaring med høgspesialiserte kirurgiske prosedyrer etterkvart, og m.a. får du moglegheit til å fullføre alle gastro- og koloskopiar. Kirurgar skoperer 1-2 dagar i veka, og det blir satt av tid på arbeidsplanen for LIS på gastrolab. Det vil ofte være den mest erfarne LIS som blir prioritert til det. Vi har ikkje seksjonert dagkirurgi, noko som kan gi noko utfordringar med logistikk og pasientflyt. Vi har sidan 2011 arbeida med intern operasjonsflyt etter Namsos-modellen, noko som har gitt gode resultat. Vi har samarbeid med Ålesund om galle- og brokkoperasjonar, og opererer hhv ca 90 og 120 slike operasjonar årleg. Vi gjer alle slags akuttkirurgiske inngrep, samt elektive benigne tarmreseksjonar, og utvalde kreftoperasjonar, dei fleste laparoskopisk. Vi driv standard proktologisk verksemd. I HMR vert fedmeoperasjonar gjort i Volda. Tjukktarms- og endetarmskreft blir gjort i Ålesund eller Molde per i dag.
Du får også høve til å fullføre læringsmål i urologi. Vi har to urologar i full stilling, og urologisk seksjon har ca 1600 polikliniske konsultasjonar i året og betjener befolkninga på Søre Sunnmøre og dei nordlegaste kommunene i Vestland fylke. Alle vanlege urologiske problemstillingar blir utreia ved avdelinga. Den operative verksemda omfattar hovedsakleg transurethral kirurgi med 100-120 inngrep årleg. Det vert gjort alle typar dagkirurgiske inngrep. Større urologisk kreftkirurgi, til dømes nefrektomiar, skjer i Ålesund.
Vi er akuttsjukehus med traumefunksjon, og driv eit aktivt traumearbeid etter nasjonal traumeplan. LIS tek del i praktisk øving med kasuistikk ein gong i månaden. På sjukehuset nyt vi godt av småsjukehusfordelane ifa korte avstandar og eit tett lege- og sjukepleiemiljø. Det fører til at samarbeidet er godt og drifta blir effektiv. Arbeidstida er fordelt mellom vakt, postarbeid, intensiv visitt, poliklinikk, operasjon, gastrolab og overvektspoliklinikk i Ålesund. Dette planleggast i vekentlig oversikt og i vaktplanen. I tillegg til å handtere vanlege akutte og elektive urologiske, generell- og gastrokirurgiske tilstandar, driv vi også med overvektskirurgi. Du får høve til å fullføre læringsmål som omhandlar overvektsbehandling, både operasjonar og poliklinikk. Ein blir fordelt mellom dei ulike oppgåvene i vaktplanen og i ei vekentlig oversikt. Vi har ikkje eigne MDT-møter, men har planer om å delta på Ålesund sitt møte. Enn så lenge må LIS oppfylle læringsmål som omhandlar MDT på anna sjukehus.
Ved vår kirurgiske avdeling jobbar LIS og overlegar tett ilag med kvarandre, med ein lett tone og mykje rom for diskusjonar, og der fagleg fokus står i sentrum. Vi er kjent for å rekruttere godt, og vi vel å tru at det er grunna godt arbeidsmiljø, høg fagleg kvalitet og stort fokus på å gi god utdanning. Det er eit stort tilbod av fritidsaktivitetar her og som tilsett LIS hos oss blir du inkludert også i den delen av legelivet i Volda. Vi vil veldig gjerne ha deg som vår nye LIS!
Vi var nyleg omtala i «Kirurgen», og i vedlagte lenke kan du lese om oss. Vi gjengir denne artikkelen etter tillatelse frå redaktør av «Kirurgen».