Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spesialisering i generell indremedisin ved Ålesund sjukehus

Vår avdeling er ei fullseksjonert avdeling med alle dei indremedisinske spesialitetane som eigne seksjonar og den største indremedisinske avdelinga i fylket. Med dette dekker vi eit nedslagsfelt på om lag 100 000, men for nokre fagfelt dekker større område frå 150 000 til 260 000 innbyggjarar. Avdelinga har 72 senger og til saman. Vi fungerer som ei felles avdeling med felles morgonmøter, internundervisning og vaktordning. Det er ingen seksjonerte vakter hos oss og alle deltek i den generelle indremedisinske vaktordninga, men vi har ei beredskapsordning for dei ulike spesialitetane. Ved avdelinga er vi 25 overlegar og 15 LIS-legar.

LIS-legane går i 14-delt vaktordning med vaktdøgnet delt i to. Vi startar no opp med ei ordning der det er to LIS-legar på vakt delar av ettermiddag og tidleg kveld. Dagvakta på kvardagar varer dermed til kl 20, medan nattevakt på kvardagar startar kl 15. I helgene er det dagvakt til kl 19 og nattevakta startar kl 18. Overlegane har 20-delt bakvaktsordning med heimevakt. Primærsjiktet utgjerast av LIS1-legar. Det er om lag 20-30 innleggingar pr døgn, og også ei stor mengd pasientar som blir avklart i akuttmottaket. Prehospitale EKG blir vurdert av vakthavande LIS-lege. Vaktarbeidet er variert og gir gode høve til ferdighetstrening med handhaldt ultralyd, elektrokonvertering og akuttmedisinske vurderingar. Sekundærvakt på medisinsk avdeling er og leiar av fleire akuttmedisinske team som stansteam, MET-team og slagteam.

Dagen hos oss startar med felles morgonmøte med røntgendemonstrasjon og deretter undervisning før postarbeid og poliklinikk tek til på dei enkelte seksjonane. Arbeidet der organisert noko ulikt mellom dei ulike fagområda. Som LIS vil du delta i både postarbeid, poliklinikk og relevante prosedyrer ved dei enkelte seksjonane.

Hos oss får du utdanning som gjer det mogleg å få oppfylt alle læringsmåla i del 2 felles indremedisin, med noko hospitering ved andre avdelingar på sjukehuset. Vi reknar med at du treng om lag 3,5 år på å få oppfylt alle læringsmåla som hører til del 2. Vanlegvis startar du med teneste som er tilpassa del 2 av spesialiseringa dersom du har lite erfaring frå tidlegare. Etter kvart som du får meir erfaring får du meir krevande oppgåver slik at du også kan få oppfylt læringsmål for del 3 indremedisin. Du kan få oppfylt alle desse læringsmåla i Ålesund og vi reknar med at du totalt treng 5,5-6 år for å kunne oppfylle alle læringsmåla.

Når du startar hos oss får du eit tilpassa introduksjonsprogram avhengig av tidlegare erfaring. Dette inkluderer innføring i daglege rutinar, prosedyrer, vaktarbeid og IT-opplæring. Du får tildelt rettleiar og vil og få ein «mentor» i LIS-gruppa som du kan kontakte etter behov for alle moglege praktiske spørsmål du måtte ha den første tida. Du får følgevakter etter eigen plan før du startar i sjølvstendige vakter.

Internundervisning skjer i samband med morgonmøtet 4 dagar i veka og utgjer 120 timar i året. I tillegg har kvar seksjon eigen internundervisning kvar veke, samt at nokre deltek i nettbasert undervisning i foretaket, regionalt eller nasjonalt. Internundervisninga er basert på eit 3-årleg undervisningsprogram som dekker læringsmål for LIS 2/3-utdanning i indremedisin. Overlegar og LIS-legar vekslar på å halde innlegg ved internundervisninga. Det er og felles undervisning for heile sjukehuset ein time kvar månad.

Som LIS får du moglegheit til å delta på minst to nasjonalt anbefalte kurs innan spesialiteten kvart år. 

Vi har årleg praktisk oppdatering i AHLR og MTU (medisinsk-teknisk utstyr) for alle legar. I tillegg trener vi regelmessig på slagteam og MET-team. Det er tilgang til modell for spinalpunksjon og koloskopi for opplæring.

Avdelinga vår er ikkje stor og du vil jobbe tett ilag med alle spesialistane. Det er dermed god tilgang på råd og hjelp etter behov, og tilgangen på både formell og uformell supervisjon og rettleiing er god.

Du vil dagleg få supervisjon av ansvarleg overlege ved sengepost, spesialist på poliklinikken og av bakvakt.

Rettleiing og fagleg utvikling:
Du får tildelt rettleiar når du startar hos oss og både du og rettleiar har eit felles ansvar for at rettleiing blir gjennomført. Det er lagt opp til rettleiing første måndag i månaden. I tillegg kan det av og til bli arrangert grupperettleiing.

Det er sett av tid til fagleg fordjuping tilsvarande 4 timer per veke i arbeidsplanen.

Vi har ei LIS-stilling som er 50% forsking og 50% klinikk. Det er og fire legar ved avdelinga som har PhD, samt ein i PhD-løp. Sjukehuset har eigen forskingspost som er leia av ein av våre legar tilsett i ei post-doc stilling. Dei ulike seksjonane deltek i varierande grad i regionale og nasjonale forskingsprosjekt, og nokre av seksjonane har og eigne forskingsprosjekt.

Utdanningsutvalet utgjerast av ein overlege og ein LIS-lege. Det er overlege som er leiar av utdanningsutvalet. Utvalet planlegg gjennomføring av internundervisning, ser til at nye LIS-legar får tildelt rettleiar og arbeider for god kvalitet i utdanninga.

Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:

Sameer Maini, overlege geriatri og indremedisin. Leiar av utdanningsutvalet.


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Sist oppdatert 23.05.2023