Spesialisering i generell indremedisin ved Kristiansund sjukehus
Hos oss får du utdanning som gjer det mogleg å få oppfylt alle læringsmåla i del 2 felles indremedisin, med noko hospitering ved andre avdelingar på sjukehuset. Vi reknar med at du treng om lag 3,5 år på å få oppfylt alle læringsmåla som hører til del 2. Vanlegvis startar du med teneste som er tilpassa del 2 av spesialiseringa dersom du har lite erfaring frå tidlegare. Etter kvart som du får meir erfaring får du meir krevande oppgåver slik at du også kan få oppfylt læringsmål for del 3 indremedisin. Vi reknar med at du treng om lag 2 år på å få oppfylt alle læringsmåla i del 3. Du får oppfylt også det meste av desse læringsmåla ved vår avdeling, men du vil trenge 1 år teneste ved sjukehuset i Ålesund for å få oppfylt alle læringsmåla i spesialiteten.
Når du startar hos oss får opplæring i IT-verktøy for prosedyrer og nødvendig opplæring i bruk av relevante dataprogram du treng. Du får og tildelt rettleiar. Du får og opplæring i vaktarbeid før du blir sett i sjølvstendig vakt.
Vi har trening av MET-team kvar månad og har og regelmessig trening i AHLR.
Rettleiing og fagleg utvikling
Det er to legar i PhD-løp i avdelinga og ein tredje på gang. Vi leiger lokale i Campus Kristiansund for PhD-kandidatar. Vi deltek også i regionale forskingsprosjekt. Det er eiga forskingsavdeling i Ålesund som vi og nyttar etter behov.
Utdanningsutvalet utgjerast av ein overlege og ein LIS-lege. Det er overlege som er leiar av utdanningsutvalet. Utvalet planlegg gjennomføring av internundervisning, ser til at nye LIS får tildelt rettleiar og arbeider for god kvalitet i utdanninga.
Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.