Spesialisering i generell indremedisin ved Volda sjukehus
Medisinsk avdeling er ei felles indremedisinsk avdeling med behandlingstilbod til innbyggjarane på Søre Sunnmøre som utgjer om lag 50 000. Vi har behandlingstilbod innan generell indremedisin, fordøyelsessjukdommar, hjartesjukdommar, blodsjukdommar, lungesjukdommar og endokrinologi. Avdelinga har til saman 30 sengeplassar. Avdelinga er useksjonert, men er inndelt i tre einingar etter fagfelt. Det er og mykje generell indremedisin ved alle einingane. Ved avdelinga er vi no 10 overlegar og 10 legar i spesialisering. Det er felles indremedisinsk vaktordning med tre vaktsjikt. Primærvakt dekkast av LIS1. LIS2/3 går i tilstadevakt med vaktdøgnet delt i to. Overlegane dekker bakvaktsjiktet og har og heimevaktordning. Vi har organisert vaktene i eigne vaktveker slik at du får stabile veker med samanhengande postteneste.
I og med organiseringa vår får du ei svært brei erfaring med i praksis heile fagfeltet indremedisin under heile spesialiseringa, frå akutte indremedisinske problemstillingar (som apoplexia cerebri og STEMI) til palliative pasientar.
Avdelinga kan dekke alle læringsmål i del 2 felles indremedisin og du roterer på avdelinga for å kunne få oppfylt desse.
Hos oss får du utdanning som gjer det mogleg å få oppfylt alle læringsmåla i del 2 felles indremedisin. Vanlegvis startar du med teneste som er tilpassa del 2 av spesialiseringa dersom du har lite erfaring frå tidlegare. Etter kvart som du får meir erfaring får du meir krevande oppgåver slik at du også kan få oppfylt læringsmål for del 3 indremedisin. Vi reknar med at du treng om lag 5,5 år på å oppnå samla kompetanse i del 2 og del 3 indremedisin. Sidan vi manglar spesialistar i fagområdene infeksjonsmedisin, geriatri og nyremedisin og også har litt lite volum av enkelte diagnosegrupper, vil du trenge 1,5 år teneste ved sjukehuset i Ålesund for å få oppfylt alle læringsmåla i spesialiteten.
Når du startar hos oss får du introduksjonskurs og opplæringsperiode med fokus på rutinar, prosedyrer, vaktarbeid og dataprogram før du startar i sjølvstendig vakt. Du får og tilbod om basale kurs innanfor ultralyd og enkel ultralyd cor på vakt.
Den teoretiske undervisninga skjer i samband med morgonmøtet to dagar per veke og varer i 45 minutt kvar gong. I tillegg har dei ulike fagområda eigen undervisning med andre sjukehus i foretaket eller webbasert regionalt eller nasjonalt som du deltek på når du er i rotasjon til de ulike fagområda. Kvart halvår set vi av tid til gjennomgang av viktige vaktprosedyrer og medisinsk-teknisk utstyr. Over ei periode på tre år blir alle større fagfelt innanfor indremedisin dekt.
Som LIS får du fri til å delta på nasjonalt anbefalte kurs for spesialiteten.
Kvar andre månad er trening i MET-team og slagteam. Vi har årleg AHLR-trening. Kvart halvår er det kurs i praktisk ultralyd på vakt (kardiologi, gastro, lunge).
Avdelinga vår er ikkje stor og du vil jobbe tett ilag med alle spesialistane. Det er dermed god tilgang på råd og hjelp etter behov, og tilgangen på både formell og uformell supervisjon og rettleiing er god.
Du vil dagleg få supervisjon av ansvarleg overlege ved sengepost, spesialist på poliklinikken og av bakvakt.
Rettleiing og fagleg utviklig:
Du får tildelt rettleiar når du startar hos oss og både du og rettleiar har eit felles ansvar for at rettleiing blir gjennomført. Det er lagt opp til rettleiing kvar månad. I tillegg kan det av og til bli arrangert grupperettleiing.
Ved avdelinga har vi ein spesialist som er PhD-stipendiat. Vedkommande tar del i eit klinisk forskningsprosjekt utgåande frå St. Olavs hospital.
Utdanningsutvalet utgjerast av ein overlege og ein LIS-lege. Det er overlege som er leiar av utdanningsutvalet. Utvalet planlegg gjennomføring av internundervisning, ser til at nye LIS-legar får tildelt rettleiar og arbeider for god kvalitet i utdanninga.
Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.