Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spesialisering i geriatri ved Kristiansund sjukehus

Vi har ei felles indremedisinsk avdeling som dekker behandlingstilbodet til indremedisinske pasientar på Nordmøre, om lag 60 000 innbyggjarar. Ved avdelinga er det 8 LIS-legar og 7 overlegar. Vi har behandlingstilbod innan generell indremedisin, fordøyelsessjukdommar, hjertesjukdommar, lungemedisin, nyremedisin, hematologi og geriatri. Alle deltek i ordinær felles generell indremedisinsk vaktordning med heimevaktordning for overlegar. LIS-sjiktet har aktiv vakt tilstades på sjukehuset. Primærsjiktet dekkast opp av LIS1-legar.

Ved sengeposten får vi innlagt ei brei og uselektert pasientgruppe. Vi er i dag ein spesialist i geriatri ved avdelinga og ein spesialist i indremedisin med lang erfaring innan geriatri. I tillegg har vi ein lege som snart er ferdig spesialist og som har forskingspermisjon for stipendiatstilling i geriatri. Det er ei LIS-stilling i geriatri ved avdelinga. 

Vi har 8 senger til vårt fagområde ved avdelinga. Det er høg aktivitet og desse sengene er stort sett alltid belegg i. Pasientane er ei blanding av geriatriske problemstillingar og meir generell indremedisin. Vi har omlag 100 hjerneslagpasienter kvart år. Den andre store delen av pasientgruppa er geriatrisk utgreiing som falltendens, delir og akutt funksjonssvikt.

Hos oss blir du tilsett i medisinsk avdeling og går mellom dei ulike fagområda slik at læringsmåla knytt til del 2 felles indremedisin kan oppfyllast. Avdelinga er ei useksjonert avdeling. Vi har likevel ei inndeling i kva pasientar spesialistane har ansvar for på sengeposten og som LIS vil du være tilknytt ulike fagområde med jamnleg rotasjon. Som LIS i geriatri vil du ha teneste knytt til pasientar for hjerneslag og geriatri og vi disponerer 8 senger på avdelinga. På sengeposten går du previsitt og visitt saman med spesialist. Vi arbeider etter geriatrisk arbeidsmetode med teambasert tilnærming til pasientane. I dette teamet inngår lege, sjukepleiar, ergoterapeut, fysioterapeut, ernæringsfysiolog og somme gonger sosionom. Kvar mandag og torsdag er det tverrfaglege møter. I tillegg til våre 8 senger er det ortogeriatisk tilbod ved sjukehuset der geriater går visitt og fylgjer opp geriatriske pasienter inneliggande på ortopedisk avdeling. Som LIS vil du også få delta i dette arbeidet. 

Ein gong i veka har du poliklinikk med oppfølging av pasientar som har gjennomgått hjerneslag eller kjem til kognitiv vurdering og oppfølging. Før du startar eigen poliklinikk går du saman med spesialist for opplæring. Når du startar sjølvstendig poliklinikk får du oppfølging av spesialist for diskusjon om diagnose og plan for utgreiing og behandling. 

Du får oppfylt mange av læringsmåla dine i geriatri også hos oss, men du treng og teneste ved større sjukehusavdeling. Dette vil enten vere 12 månader ved St. Olavs Hospital i Trondheim eller Oslo Universitetssjukehus. Du kan og velge 12 månader ved seksjon for slag og alderdomssjukdommar i Ålesund og 6 veker hospitering ved St. Olavs Hospital. Kva for ei av desse alternativa du ynskjer kan du sjølv velge. 

Når du startar hos oss får opplæring i IT-verktøy for prosedyrer og nødvendig opplæring i bruk av relevante dataprogram du treng. Du får og tildelt rettleiar. Du får og opplæring i vaktarbeid før du blir sett i sjølvstendig vakt.

Den teoretiske undervisninga skjer i samband med morgonmøtet og utgjer 90 minutt i veka. I tillegg har vi eigen seksjonsundervisning og det er og mogleg å følgje nasjonal nettbasert undervisning (GerIT).

Som LIS får du fri til å delta på nasjonalt anbefalte kurs for spesialiteten.

Mykje av dei kliniske ferdighetene får du i det praktiske arbeidet. Vi har trening av MET-team kvar månad og har og regelmessig trening i AHLR.

Vi er eit lite og oversiktelig miljø, arbeider tett saman og blir godt kjent med kvarandre. Det er dermed god tilgang på formelle og uformelle samtaler med både supervisører og rettleiar etter behov. I vaktsamanheng er det god tilgang på hjelp og råd frå bakvakt når du treng det. Du får tildelt rettleiar når du startar hos oss, som er spesialist i geriatri. Det er sett av tid fast kvar måned til rettleiing. I tillegg er det kort veg for å ta kontakt med rettleiar utanom oppsette møtetider.

Den daglege supervisjonen av arbeidet ved sengepost og poliklinikk er ein viktig del av bakgrunnen for evaluering og tilbakemeldingar i rettleiingssamtalen. Elles vil rettleiinga handle om faglig progresjon, vidare planar for utdanning, hendingar/opplevelsar i arbeidskvardagen i forhold til pasientbehandling og rolle som lege.

Det er ingen med PhD-grad på avdelinga, men ein lege har no forskingspermisjon for PhD-arbeid. Utover dette har vi inga eiga forskning knytt til geriatri ved avdelinga. 

Foretaket har ein eigen forskingsseksjon som er tverrgåande i føretaket med aktivitet ved alle fire sjukehusa, og får forskingsavdelinga får ein både hjelp og rettleiing i samband med forskingsprosjekt. 

For å dekke læringsmål knytt til forsking og kunnskapshandtering i felles kompetansemål er det sett opp kurs over 2,5 dagar med undervisning i tema innan både forsking og forbetringsarbeid og i samband med dette vil du som LIS også gjennomføre eit forbetringsprosjekt lokalt. Det er ansatte i forskingsseksjonen og seksjon for helsetenesteutvikling som deltek i undervisninga ved desse interne kursa. ​

Utdanningsutvalet utgjerast av ein overlege og ein LIS-lege. Det er overlege som er leiar av utdanningsutvalet. Utvalet planlegg gjennomføring av internundervisning, ser til at nye LIS-legar får tildelt rettleiar og arbeider for god kvalitet i utdanninga.

Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa

For spørsmål om spesialistutdanninga, kontakt:
Overlege i geriatri Monica Ødegård, tlf 71 12 00 00


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Sist oppdatert 23.05.2023