Spesialisering i hjartesjukdommar ved Kristiansund sjukehus
Vi har ei felles indremedisinsk avdeling som dekker behandlingstilbodet til indremedisinske pasientar på Nordmøre, om lag 60 000 innbyggjarar. Ved avdelinga er det 8 LIS-legar og 7 overlegar. Vi har behandlingstilbod innan generell indremedisin, fordøyelsessjukdommar, hjertesjukdommar, lungemedisin, nyremedisin, hematologi og geriatri. Alle deltek i ordinær felles generell indremedisinsk vaktordning med heimevaktordning både for LIS- og overlegar. Primærsjiktet dekkast opp av LIS1-legar.
I og med organiseringa vår får du ei svært brei erfaring med i praksis heile fagfeltet indremedisin under heile spesialiseringa, frå akutte indremedisinske problemstillingar (som apoplexia cerebri og STEMI) til palliative pasientar. Medisinsk sekundærvakt tolkar også prehospitale EKG.
Vi er ikkje ein eigen kardiologisk seksjon, men vi er ei lita eining i avdelinga som i desse dagar utvidast til å bli 1,5 spesialistar. Vi har og om lag 1-2 LIS-legar tilknytt oss til ei kvar tid. Vi har ei eiga «gruppe» på sengeposten med dedikerte hjertesenger. På poliklinikken er det høg aktivitet med stor tilgang på kvardagskardiologi.
Hos oss får du utdanning som gjer det mogleg å få oppfylt alle læringsmåla i del 2 felles indremedisin, med noko hospitering ved andre avdelingar på sjukehuset. Vanlegvis startar du med teneste som er tilpassa del 2 av spesialiseringa dersom du har lite erfaring frå tidlegare. Etter kvart som du får meir erfaring får du og meir krevande oppgåver og blir og meir tilknytt det kardiologiske faget.
Kardiologi har prosedyrekrav og i foretaket har vi bestemt av vi skal bruke loggbok for LIS i kardiologi for å følge med på utdanninga, i tillegg til at det sjølvsagt skal dokumenterast i kompetanseportalen. I tillegg til prosedyrer og klinisk teneste under supervisjon, baserer utdanninga seg på kurs, ferdighetstrening og supervisjon. Tida du bruker for å oppfylle alle læringsmåla innan kardiologi vil vere individuelt og det er ikkje mogleg å fastslå på førehand kor lang tid dette tar. Tida vil avhenge av individuelle ferdigheter og moglegheiter for ferdighetstrening ut fra pasient- og prosedyrevolum. Dei største læringsmåla i kardiologi har ei lang læringskurve og opplæringa skjer gradvis gjennom heile spesialiseringa – frå å stille indikasjon og bruk, til endelig sjølvstendig utføing av til dømes ultralyd av hjertet. Ferdighetstrening skjer i tilpassa rekkefølge for den enkelte i si spesialisering i samråd med rettleiar og superviserande kardiologar.
Vi estimerer at du vil trenge om lag 4-5 år kardiologisk teneste hos oss for å få oppfylt dei læringsmål vi kan tilby. Enkelte læringsmål kan du og oppnå ved hospiteringsdagar eller avtale om intern rotasjon til andre sjukehus i foretaket dersom du ønsker det. Det gjeld i hovudsak for læringsmål som er knytt til delane av kardiologien som er funksjonsdelt i foretaket. Du vil likevel kunne oppnå alle læringsmåla ved rotasjon til universitetssjukehus. Intern rotasjon er derfor ikkje eit krav, men eit tilbod. Kva som passar best for deg, blir avtalt med deg. Spesialiseringsperiode er avtalt til 24 månader, og vi har avtale med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo universitetssjukehus for slik teneste. Du skal då ha 6 månader invasiv kardiologi, 6 månader ved ekkolab, 6 månader ved rytmeseksjon og 6 månader ved hjertemedisinsk overvåking.
Når du startar hos oss får opplæring i IT-verktøy for prosedyrer og nødvendig opplæring i bruk av relevante dataprogram du treng. Du får og tildelt rettleiar. Du får og opplæring i vaktarbeid før du blir sett i sjølvstendig vakt.
All undervisning skjer i veker utan ferieavvikling. Om sommaren og i samband med jule- og påskeferie er det ikkje planlagt undervisning.
Internundervisning skjer i samband med morgonmøtet 3 dagar i veka og utgjer 90 minutt. Det vekslar mellom alle legane ved avdelinga å halde innlegg her.
Den kardiologiske undervisninga er fordelt etter tema slik at læringsmåla for spesialiteten blir dekt i løpet av omtrent 2 år. Endringar blir gjort ved behov ved nyhende og etter vårt eige særlege behov. Vi skal delta i kardiologisk undervisning på skype/video med andre sjukehus i foretaket 45 minutt kvar veke. Det er og høve til å delta på videooverført ekkomøte frå St. Olavs Hospital 30 minutt kvar veke.
Som LIS får du fri til å delta på nasjonalt anbefalte kurs for spesialiteten.
Vi har trening av MET-team kvar månad og har og regelmessig trening i AHLR. Elles er det mykje god læring i mykje pasientkontakt, og det får du hos oss. Du øver opp ferdigheter med deltaking i det kardiologiske arbeidet ved avdelinga.
Vi er ei lita og oversiktleg eining der vi arbeider tett ilag og det er kort veg for å rådføre seg med spesialist når du treng det. Previsitt og visitt er med supervisjon av kardiolog. Alltid tilgang på spesialist for konferering og råd i klinisk arbeid og/eller ferdighetstrening i kardiologiske prosedyrer. Supervisjon ved rettleiar/superviserande kardiolog ved opplæring i prosedyrer skjer ad hoc i sengepost og poliklinikk.
Du får tildelt rettleiar når du startar i avdelinga. Det er sett av tid til faste månadlege møter, men god tilgang på samtalar utanom desse faste møtetidspunkta. Ved rettleiing blir det mellom anna systematisk gjennomgang av prosedyrekrav og læringsmål for kardiologi for å følgje opp progresjon i utdanninga.
Det er avsett tid til fagleg fordjuping tilsvarande 4 timar per veke.
Utdanningsutvalet utgjerast av ein overlege og ein LIS-lege. Det er overlege som er leiar av utdanningsutvalet. Utvalet planlegg gjennomføring av internundervisning, ser til at nye LIS-legar får tildelt rettleiar og arbeider for god kvalitet i utdanninga.
Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.
For spørsmål om spesialistutdanninga, kontakt:
Overlege i kardiologi Arild Dimmen, tlf 71 12 00 00
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.