Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spesialisering i hjartesjukdommar ved Molde sjukehus

Sjukehuset vårt er eit godt differensiert lokalsjukehus. Medisinsk avdeling i Molde er ei seksjonert avdeling med behandlingstilbod innan generell indremedisin, fordøyelsessjukdommar, hjertesjukdommar, lungemedisin, hematologi, infeksjonsmedisin og endokrinologi til befolkninga i Romsdal som utgjer om lag 65 000 innbyggjarar som aukar til om lag 100 000 når det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal blir ferdig. Ved avdelinga har vi 41 senger og 6 plassar på intensivavdelinga. Kvart år har vi om lag 3600-3800 innleggingar og 15 000 polikliniske konsultasjonar. Vi er 13 overlegar og 10 LIS-legar ved avdelinga. Det er felles indremedisinsk vaktordning der LIS-legane går i eige vaktsjikt med todelt vaktdøgn heile veka. Primærsjiktet dekkast opp av LIS1-legar og vi har til ei kvar tid 10 LIS1-legar ved avdelinga. Organiseringa vår gir eit bredt erfaringsgrunnlag frå vaktarbeid. Medisinsk sekundærvakt tolkar også prehospitale EKG.

Kardiologisk seksjon har eigen sengepost og poliklinikk. Vi er 3 tilsette kardiologar og det er 2 LIS-legar ved seksjonen. Som LIS-lege hos oss vil du ta del i både sengepost- og poliklinikkarbeidet. Ved poliklinikken har vi eit stort og variert tilbod med stor aktivitet. Det blir gjort AEKG, ulike ecco cor-undersøkingar, pacemakerinnleggingar, pacemakerkontrollar og elektrokonverteringar. I samarbeid med røntgenavdelinga gjerast CT-koronarkar og MR-cor. Det gjerast også stressekko og MR-cor under stressbelastning. Det er i tillegg mykje sjukepleierdreve poliklinisk aktivitet under supervisjon av kardiologi, til dømes atrieflimmerpoliklinikk, koronar poliklinikk og hjertesviktpoliklinikk. To gongar kvart år blir det arrangert hjerteskule der ernæringsfysiolog, fysioterapeut, hjertesjukepleiar og kardiolog deltek.

Hos oss får du utdanning som gjer det mogleg å få oppfylt alle læringsmåla i del 2 felles indremedisin, med noko hospitering ved andre avdelingar på sjukehuset. Vanlegvis startar du med teneste som er tilpassa del 2 av spesialiseringa dersom du har lite erfaring frå tidlegare. Etter kvart som du får meir erfaring får du og meir krevande oppgåver og blir og meir tilknytt det kardiologiske faget.

Kardiologi har prosedyrekrav og i foretaket har vi bestemt av vi skal bruke loggbok for LIS i kardiologi for å følge med på utdanninga, i tillegg til at det sjølvsagt skal dokumenterast i kompetanseportalen. I tillegg til prosedyrer og klinisk teneste under supervisjon, baserer utdanninga seg på kurs, ferdighetstrening og supervisjon. Tida du bruker for å oppfylle alle læringsmåla innan kardiologi vil vere individuelt og det er ikkje mogleg å fastslå på førehand kor lang tid dette tar. Tida vil avhenge av individuelle ferdigheter og moglegheiter for ferdighetstrening ut fra pasient- og prosedyrevolum. Dei største læringsmåla i kardiologi har ei lang læringskurve og opplæringa skjer gradvis gjennom heile spesialiseringa – frå å stille indikasjon og bruk, til endelig sjølvstendig utføing av til dømes ultralyd av hjertet. Ferdighetstrening skjer i tilpassa rekkefølge for den enkelte i si spesialisering i samråd med rettleiar og superviserande kardiologar.

Vi estimerer at du vil trenge om lag 3 år kardiologisk teneste hos oss for å få oppfylt dei læringsmål vi kan tilby. Enkelte læringsmål kan du og oppnå ved hospiteringsdagar eller avtale om intern rotasjon  til Ålesund dersom du ønsker det. Det gjeld i hovudsak for læringsmål som er knytt til delane av kardiologien som er funksjonsdelt i foretaket. Du vil likevel kunne oppnå alle læringsmåla  ved rotasjon til universitetssjukehus. Intern rotasjon er derfor ikkje eit krav, men eit tilbod. Kva som passar best for deg, blir avtalt med deg. Spesialiseringsperiode er avtalt til 24 månader, og vi har avtale med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo universitetssjukehus for slik teneste. Du skal då ha 6 månader invasiv kardiologi, 6 månader ved ekkolab, 6 månader ved rytmeseksjon og 6 månader ved hjertemedisinsk overvåking. 

Når du startar hos oss får opplæring i IT-verktøy for prosedyrer og nødvendig opplæring i bruk av relevante dataprogram du treng. Du får og tildelt rettleiar seinast tre veker etter oppstart. Det er to veker vaktfri og deretter tre følgevakter før du startar med sjølvstendig vaktarbeid.

All undervisning skjer i veker utan ferieavvikling. Om sommaren og i samband med jule- og påskeferie er det ikkje planlagt undervisning.

Internundervisning skjer i samband med morgonmøtet 4 dagar i veka og utgjer 120 timar i året. Det vekslar mellom alle legane ved avdelinga å halde innlegg her.

Den kardiologiske undervisninga er fordelt etter tema slik at læringsmåla for spesialiteten blir dekt i løpet av omtrent 2 år. Endringar blir gjort ved behov ved nyhende og etter vårt eige særlege behov. Vi har planlagt kardiologisk internundervisning onsdagar, 45 minutt. Dette kan og vere på skype/video saman med Ålesund. Det er og høve til å delta på videooverført ekkomøte frå St. Olavs Hospital 30 minutt kvar veke.

Som LIS får du fri til å delta på nasjonalt anbefalte kurs for spesialiteten.

Vi har trening av MET-team kvar månad og har og regelmessig trening i AHLR. Elles er det mykje god læring i mykje pasientkontakt, og det får du hos oss. Du øver opp ferdigheter med deltaking i det kardiologiske arbeidet ved avdelinga.

Vi er ei lita og oversiktleg eining der vi arbeider tett ilag og det er kort veg for å rådføre seg med spesialist når du treng det. Previsitt og visitt er med supervisjon av kardiolog. Alltid tilgang på spesialist for konferering og råd i klinisk arbeid og/eller ferdighetstrening i kardiologiske prosedyrer. Supervisjon ved rettleiar/superviserande kardiolog ved opplæring i prosedyrer skjer ad hoc i sengepost og poliklinikk.Du får tildelt rettleiar når du startar i avdelinga. Det er sett av tid til rettleiing første onsdag kvar månad, men god tilgang på samtalar utanom desse faste møtetidspunkta og det bør vere minst eit møte kvar månad. Ved rettleiing blir det mellom anna systematisk gjennomgang av prosedyrekrav og  læringsmål for kardiologi for å følgje opp progresjon i utdanninga.

Det er avsett tid til fagleg fordjuping tilsvarande 4 timar per veke.

Fleire av legane ved avdelinga har delte stillingar mellom foretaket og NTNU. To av overlegane ved avdelinga er i gang med eit PhD-løp.

Foretaket har ei eiga forskingssavdeling som er tverrgåande i foretaket med aktivitet ved alle fire sjukehusa, og frå forskingsavdelinga får ein både hjelp og rettleiing i samband med forskingsprosjekt. 

For å dekke læringsmål knytt til forsking og kunnskapshandtering i felles kompetansemål er det sett opp kurs over 2,5 dagar med undervisning i tema innan både forsking og forbetringsarbeid og i samband med dette vil du som LIS også gjennomføre eit forbetringsprosjekt lokalt. Det er ansatte i forskingsavdelinga og seksjon for helsetenesteutvikling som deltek i undervisninga ved desse interne kursa. 

Utdanningsutvalet utgjerast av ein overlege og ein LIS-lege, i tillegg til medisinsk leiar etter behov. Utvalet fungerer og som utdanningsutval for dei ulike seksjonane og representantar frå dei ulike spesialitetane er og medlemmer av utvalet.
 
Utdanningsutvalet skal ivareta utdanningsbehov for legar i avdelinga.  Utvalet har ansvar for oppsetting av program for internunderisning og for å sjå til at undervisninga fungerer etter intensjon.  Utdanningsutvalet oppnemner rettleiarar og skal ha oppsyn med at rettleiinga fungerer for dei enkelte LIS-legane. 

Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.

For spørsmål om spesialistutdanninga, kontakt:
Seksjonsoverlege Torgeir Sand Aas, tlf 71 12 00 00

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Sist oppdatert 23.05.2023