Offentleg utdanningsplan
Spesialisering i hud og veneriske sjukdommar i Helse Møre og Romsdal
I Helse Møre og Romsdal er det hudpoliklinikk i Ålesund og Kristiansund. LIS-utdanninga skjer både i Ålesund og i Kristiansund. Vi har inga eiga sengeavdeling i foretaket. I Ålesund er Hudpoliklinikken organisert i Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering, medan i Kristiansund er poliklinikken vår organisert i Klinikk Kristiansund sjukehus. Elles i foretaket er det tre avtalespesialistar, to i Ålesund og ein i Ulsteinvik og vi har felles samarbeidsmøter med desse legane. Vi har og eit tett samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim.
Sist oppdatert 11.11.2022