Spesialisering i hud og veneriske sykdommer ved Ålesund sjukehus
Hudpoliklinikken i Helse Møre og Romsdal er ei lita eining med få legar, men vi dekker eit stort fagfelt og har ansvar for alt frå enklare polikliniske kontakter til meir alvorleg hudsjukdom og vurdering av innlagte pasientar ved andre avdelingar. Som LIS hos oss får du dermed tilgang til eit stort spekter av hudsjukdommar og raskt mengdetrening i å vurdere både enklare og meir komplekse sjukdomsbilete.
Hudpoliklinikken har 2 overlegar som begge er spesialistar. Vi dekker primært Sunnmøre og sørligle delar av Romsdal, men for nokre tilstandar har vi heile fylket som opptaksområde. Arbeidet hos oss utgjerast av dagleg poliklinikk, tilsyn av innlagte pasientar ved andre avdelingar, samt svare på spørsmål frå fastlegar og andre legar. Vi behandlar alle typer av hudsjukdommar poliklinisk. Ved behov for kompletterande utredning/behandling, eller inneliggande behandling, samarbeider vi med hudavdelinga ved St. Olavs Hospital i Trondheim. Pasientar med hudlymfom og yrkesdermatologiske utgreiingar vert sendt vidare til universitetssjukehus.
Av behandlingar tilbyr poliklinikken lysbehandling, PDT-behandling, mikrokirurgi, biopsiar, kryoterapi, diatermi, vortebehandling, jontoferese, epikutantester, utredning av dermatoser, hudkreft, infestasjoner, prøvetaking for ulike mikroorganismar m.m.. Vi har ikkje tilbod om laserbehandling, lystesting, Buchybehandling og fotoferese. Det er førebels heller ikkje venerologisk tilbod ved poliklinikken.
Utdanninga skjer ved dagleg klinisk praksis i poliklinikken ved sjukehuset, i tillegg til samarbeidsmøter med avtalespesialistane i fylket. Du får oppfylt mange av læringsmåla hos oss, men det er nødvendig med eit års spesialiseringsperiode for å fullføre dette. Vi har avtale med St. Olavs Hospital om slik teneste. Du vil då vere ved sengeavdelinga, lære meir om venerologi og også lære meir om laserbehandling, grensestrålebehandling og fotoferesebehandling. I tillegg treng du 6 månader teneste ved indremedisinsk avdeling som du vil få gjennomført ved sjukehuset her.
Vi set stor pris på nye kollegaer! Når du startar hos oss møtest du av seksjonsleiar som også viser deg rundt, og du får vårt «velkommenskriv» med informasjon om oss og sjukehuset. Sjukepleiar og sekretær vil lære deg opp i praktiske rutinar og så startar du med pasientar. Du får og naudsynt opplæring i journalsystem og anna IT-utstyr, samt tid til ulike obligatoriske e-kurs i føretaket. I starten er det sett av god tid til supervisjon av spesialist slik at du blir raskt meir sjølvstendig i arbeidet.
Vi har internundervisning i samband med morgonmøtet tirsdag og etter lunsj på torsdag. Tirsdagar bruker vi ein halvtime på artikkelgjennomgang. Torsdagar er det tradisjonell internundervisningi om lag 45 minutt i samarbeid med hudpoliklinikken i Kristiansund. Vi samarbeider med St. Olavs Hospital om undervisning via Skype kvar onsdag som varer i to timar. I tillegg deltek vi i felles undervisning med revmatologane. Vi planlegg internundervisninga etter tema slik at alle aktuelle læringsmål vil inngå i internundervisninga.
Som LIS er det fleire kurs du må ta i spesialiteten, og desse får du fri til å dra på, både lokale og nasjonale kurs. Det hender og at det er aktuelt med kurs i Skandinavia eller utlandet elles.
Det er alltid utstyr og høve til å trene på suturteknikk. Utover dette er det lite simulering og utstyr for anna ferdighetstrening. Du får elles også mykje ferdighetstrening gjennom klinisk arbeid, ved internundervisning og ved deltakelse på kurs.
Hudpoliklinikken er ei lita og oversiktleg eining der LIS og overlege jobbar tett ilag. Du blir raskt involvert i det meste av behandling og det er kort veg for å be om hjelp når du har behov. I starten er det sett av mykje tid til supervisjon for å hjelpe deg godt i gang slik at du kan arbeide meir sjølvstendig med hjelp når du ønsker det og vi samarbeider tett gjennom heile utdanningsløpet. Vi set av tid i arbeidsprogrammet gjennom veka for supervisjon og det vert og sett av tid til simultanpoliklinikk der overlege og LIS gjennomfører undersøking av pasient samtidig. Nye prosedyrer lærast under tett supervisjon og det vert planlagt.
Rettleing og fagleg utvikling:
Du får oppnemd rettleiar når du starter, som er overlege ved poliklinikken. Dokke jobbar tett ilag og du får mykje tett oppfølging frå rettleiar underveis, både i formelle og uformelle samtalar. Det planleggast to timar avsett tid til rettleiing kvar månad.
I arbeidsplanen vert det sett av tid til fordjupning tilsvarande 4 timer pr veke. Du deltek og på samarbeidsmøter med dei andre avtalespesialistane og andre spesialister etter behov. I tillegg vert det sett av ein halv dag i veka til administrativt arbeid.
Vi har ingen pågåande forskingsprosjekt i poliklinikken, men vil legge til rette for at LIS kan få ta del i forskingsprosjekt. Foretaket har ein eigen forskingsseksjon som er tverrgåande i føretaket med aktivitet ved alle fire sjukehusa, og får forskingsavdelinga får ein både hjelp og rettleiing i samband med forskingsprosjekt. Vi set av tid kvar veke for å gå gjennom aktuelle artiklar for seksjonen.
For å dekke læringsmål knytt til forsking og kunnskapshandtering i felles kompetansemål er det sett opp kurs over 2,5 dagar med undervisning i tema innan både forsking og forbetringsarbeid og i samband med dette vil du som LIS også gjennomføre eit forbetringsprosjekt lokalt. Det er ansatte i forskingsseksjonen og seksjon for helsetenesteutvikling som deltek i undervisninga ved desse interne kursa.
Utdanningsutvalet utgjerast no av overlege og seksjonsleiar. Utvalet set opp program for internundervisning og planlegg utdanningsløpet til LIS-legen slik at dette blir best mogleg for å lære mest mogleg.
Det er felles YLF-tillitsvalt med revmatologane. I tillegg er det eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.
For spørsmål om spesialistutdanningen ta kontakt med:
Utdanningsansvarlig overlege Therese Abusland
Seksjonsleiar Karl Arne Remvik
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.