Offentleg utdanningsplan
Spesialisering i infeksjonssjukdommar i Helse Møre og Romsdal
I Helse Møre og Romsdal er det infeksjonsmedisinske tilbodet lagt til dei medisinske avdelingane i Ålesund og Molde. Det er tilbod om LIS-utdanning etter ny spesialitetsstruktur ved begge sjukehusa.
Det infeksjonsmedisinske miljøet og tilbodet er størst i Ålesund, medan Mikrobiologisk avdeling ligg ved Molde sjukehus som gir eit godt utgangspunkt for tett samarbeid med ein viktig samarbeidspartner i kvardagen vår.
For læringsmål vi ikkje tilbyr i foretaket, treng du teneste ved eit universitetssjukehus.
Spesialisering i infeksjonssjukdommar ved Ålesund sjukehus
Spesialisering i infeksjonssjukdommar ved Molde sjukehus
Her finn du ei oversikt over alle våre spesialistutdanningar.
Sist oppdatert 23.05.2023