Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spesialisering i infeksjonssjukdommar ved Ålesund sjukehus

Vår avdeling er ei fullseksjonert avdeling med alle dei indremedisinske spesialitetane som eigne seksjonar og den største indremedisinske avdelinga i fylket. Med dette dekker vi eit nedslagsfelt på om lag 100 000, men for nokre fagfelt dekker større område frå 150 000 til 260 000 innbyggjarar. Avdelinga har 72 senger og til saman. Vi fungerer som ei felles avdeling med felles morgonmøter, internundervisning og vaktordning. Det er ingen seksjonerte vakter hos oss og alle deltek i den generelle indremedisinske vaktordninga, men vi har ei beredskapsordning for dei ulike spesialitetane. Ved avdelinga er vi 25 overlegar og 15 LIS-legar.

LIS-legane går i 14-delt vaktordning med vaktdøgnet delt i to. Vi startar no opp med ei ordning der det er to LIS-legar på vakt delar av ettermiddag og tidleg kveld. Dagvakta på kvardagar varer dermed til kl 20, medan nattevakt på kvardagar startar kl 15. I helgene er det dagvakt til kl 19 og nattevakta startar kl 18. Overlegane har 20-delt bakvaktsordning med heimevakt. Primærsjiktet utgjerast av LIS1-legar. Det er om lag 20-30 innleggingar pr døgn, og også ei stor mengd pasientar som blir avklart i akuttmottaket. Prehospitale EKG blir vurdert av vakthavande LIS-lege. Vaktarbeidet er variert og gir gode høve til ferdighetstrening med handhaldt ultralyd, elektrokonvertering og akuttmedisinske vurderingar. Sekundærvakt på medisinsk avdeling er og leiar av fleire akuttmedisinske team som stansteam, MET-team og slagteam.

Infeksjonsmedisinsk seksjon har to overlegar og ein LIS-lege. I tillegg har helseforetaket 50% stilling som smittevernoverlege, og i denne stillinga er det tilsett ein spesialist i infeksjonssjukdommar som også er tilknytt vår seksjon. Vi har ansvaret for det infeksjonsmedisinske behandlingstilbodet på Sunnmøre, som utgjer eit folketal på omkring 150 000 innbyggjarar. Seksjonen har eigen sengepost med 8 senger, i tillegg til eit bredt poliklinisk tilbod ved felles medisinsk poliklinikk. Dagen hos oss startar med felles morgonmøte med røntgendemonstrasjon og deretter undervisning før postarbeid og poliklinikk tek til. Som LIS vil du delta i både postarbeid, poliklinikk og relevante prosedyrer. Mykje av arbeidet vårt er også rådgjeving til andre indremedisinske seksjonar og avdelinger ved sjukehuset, elles i foretaket og til fastlegar. Hos oss møter du eit stort spekter av infeksjonssjukdommar, frå dei heilt enkle til dei mest avanserte med multiorgansvikt og behov for langvarig intensivbehandling. 

Hos oss får du utdanning som gjer det mogleg å få oppfylt alle læringsmåla i del 2 felles indremedisin, med noko hospitering ved andre avdelingar på sjukehuset. Vi reknar med at du treng om lag 3,5 år på å få oppfylt alle læringsmåla som hører til del 2. Vanlegvis startar du med teneste som er tilpassa del 2 av spesialiseringa dersom du har lite erfaring frå tidlegare. Etter kvart som du får meir erfaring blir du knytt meir til vår seksjon og får fordjupe deg i det infeksjonsmedisinske faget.

For læringsmål vi ikkje tilbyr treng du teneste ved universitetssjukehus. Det er planlagt 18 månader spesialiseringsperiode og vi har avtale med St. Olavs Hospital i Trondheim for slik teneste. Du treng og eit år ved mikrobiologisk avdeling, og dette får du gjort i Molde.

Når du startar hos oss får du eit tilpassa introduksjonsprogram avhengig av tilegare erfaring. Dette inkluderer innføring i daglege rutinar, prosedyrer, vaktarbeid og IT-opplæring. Du får tildelt rettleiar og vil og få ein «mentor» i LIS-gruppa som du kan kontakte etter behov for alle moglege praktiske spørsmål du måtte ha den første tida. Du får følgevakter etter eigen plan før du startar i sjølvstendige vakter.

Internundervisning for heile avdelinga skjer i samband med morgonmøtet 4 dagar i veka og utgjer 120 timar i året. Internundervisninga er basert på eit 3-årleg undervisningsprogram som dekker læringsmål for LIS 2/3-utdanning i indremedisin. Overlegar og LIS-legar vekslar på å halde innlegg ved internundervisninga. Det er og felles undervisning for heile sjukehuset ein time kvar månad. Ved vår seksjon er det i tillegg eigen undervisning, og vi følgjer også regionale og nasjonale nettundervisningar.

Som LIS får du moglegheit til å delta på minst to nasjonalt anbefalte kurs innan spesialiteten kvart år. 

Vi har årleg praktisk oppdatering i AHLR og MTU (medisinsk-teknisk utstyr) for alle legar. I tillegg trener vi regelmessig på slagteam og MET-team. Det er tilgang til modell for spinalpunksjon.

Avdelinga vår er ikkje stor og du vil jobbe tett ilag med alle spesialistane. Det er dermed god tilgang på råd og hjelp etter behov, og tilgangen på både formell og uformell supervisjon og rettleiing er god.

Du vil dagleg få supervisjon av ansvarleg overlege ved sengepost, spesialist på poliklinikken og av bakvakt.

Du får tildelt rettleiar når du startar hos oss og både du og rettleiar har eit felles ansvar for at rettleiing blir gjennomført. Det er lagt opp til rettleiing første måndag i månaden. I tillegg kan det av og til bli arrangert grupperettleiing.

Det er sett av tid til fagleg fordjuping tilsvarande 4 timer per veke i arbeidsplanen.

Foretaket har ei eiga forskingssavdeling som er tverrgåande i helseforetaket med aktivitet ved alle fire sjukehusa, og frå forskingsavdelinga får ein både hjelp og rettleiing i samband med forskingsprosjekt. 

For å dekke læringsmål knytt til forsking og kunnskapshandtering i felles kompetansemål er det sett opp kurs over 2,5 dagar med undervisning i tema innan både forsking og forbetringsarbeid og i samband med dette vil du som LIS også gjennomføre eit forbetringsprosjekt lokalt. Det er ansatte i forskingsavdelinga og seksjon for helsetenesteutvikling som deltek i undervisninga ved desse interne kursa. 

Ved medisinsk avdeling har vi ei stilling som er 50% forsking og 50 % klinikk. Det er fire legar ved avdelinga som har PhD, men ingen av desse er tilknytt infeksjonsmedisinsk seksjon. Avdelinga sine seksjoner har eit tett samarbeid, mellom anna med felles morgonmøter kvar dag og felles internundervisning fleire dagar i veka, og det er eit godt samarbeid med lokale prosjekt på dei einskilde seksjonane når dette er aktuelt. 

Utdanningsutvalet utgjerast av ein overlege og ein LIS-lege. Det er overlege som er leiar av utdanningsutvalet. Utvalet planlegg gjennomføring av internundervisning, ser til at nye LIS-legar får tildelt rettleiar og arbeider for god kvalitet i utdanninga.

Det er tillitsvalgte på både avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå. Samarbeidet mellom dei tillitsvalte er godt og dei blir inkludert i alt som er relevant for LIS-gruppa.

For spørsmål om spesialistutdanninga, kontakt:
Seksjonsoverlege Pascal Brügger-Synnes, tlf 70 10 50 00

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.





Sist oppdatert 23.05.2023