Offentleg utdanningsplan
Spesialisering i kreftsjukdommar i Helse Møre og Romsdal
Kreftavdelinga i Helse Møre og Romsdal omfattar sengepost, poliklinikk og stråleterapieining ved Ålesund sjukehus, samt poliklinikkar ved Volda, Molde og Kristiansund sjukehus. Alle sjukehusa har også eit palliativt team knytt til seg, som er kreftavdelinga si forlenga arm til kommunane.
Som lege i spesialisering vil du hovudsakelig jobbe på sengepost, poliklinikk og stråleterapieininga ved Ålesund sjukehus. Her inngår også vaktar ved sengeposten som per no er 8-delt. Det kan bli enkelte dagar med poliklinikk i Volda og Molde, men då med spesialist til stades.
For å gjennomføre spesialistutdanninga krevjast teneste ved medisinsk avdeling for å oppfylle læringsmål knytt til indremedisin. Denne tenesta kan gjennomførast i Ålesund, eller på andre sjukehus som kan gi ei utdanning som tilfredsstiller dei aktuelle læringsmåla i Kompetanseportalen.
Nokre av dei onkologiske læringsmåla vert ikkje dekt i Ålesund og må oppnåast gjennom teneste ved universitetssjukehus.
Spesialisering i kreftsjukdommar ved Ålesund sjukehus