Spesialisering i lungesjukdommar ved Volda sjukehus
Medisinsk avdeling er ei felles indremedisinsk avdeling med behandlingstilbod til innbyggjarane på Søre Sunnmøre som utgjer om lag 50 000. Vi har behandlingstilbod innan generell indremedisin, fordøyelsessjukdommar, hjartesjukdommar, blodsjukdommar, lungesjukdommar og endokrinologi. Avdelinga har til saman 30 sengeplassar. Avdelinga er useksjonert, men er inndelt i tre einingar etter fagfelt. Det er og mykje generell indremedisin ved alle einingane. Ved avdelinga er vi 10 overlegar og 10 legar i spesialisering. Det er felles indremedisinsk vaktordning med tre vaktsjikt. Primærvakt dekkast av LIS1. LIS2/3 går 10-delt vakt med vaktdøgnet delt i to og fri før/etter vakt. Overlegane dekker bakvaktsjiktet og har heimevaktordning. Vi har organisert vaktene i eigne vaktveker slik at du får stabile veker med samanhengande postteneste.
Du vil ha teneste både på sengeposten, poliklinikken og i vakt medan du er hos oss. Det blir lagt til rette for at du har teneste ved alle eininga i avdelinga slik at du skal kunne få oppfylt læringsmål for del 2 indremedisin hos oss.
For lungespesialiseringa tilbyr vi både sengepostarbeid, poliklinikk og opplæring i praktiske prosedyrer som bronkoskopi, thoracocentese, pleuradren m.m. Du startar tidleg med poliklinikk med aukande vanskegrad og får tett oppfølging frå spesialist. Det er fast dag for EBUS. Du som LIS blir prioritert til å få delta i prosedyreaktivitet tilknytt lungefaget, både på poliklinikken og sengeposten. Av anna poliklinisk aktivitet får du stort volum i respirasjonsfysiologiske undersøkingar, i tillegg til at vi og har ergospirometri og allergiutgreiing som du vil delta i.
For å oppnå læringsmål vi ikkje har tilbod om hos oss vil du trenge teneste ved universitetssjukehus.
Spesialiseringsperioden ved universitetssjukehus er 18 månader. Vi har avtale om samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo Universitetssjukehus for slik teneste.
Nye LIS blir tatt godt imot ved avdelinga. Du startar raskt i klinisk sjølvstendig arbeid, men under tett supervisjon frå meir erfaren LIS-lege eller spesialist. Du får tildelt rettleiar ved oppstart.
Vi har internundervising lokalt og i tillegg felles lungeundervising med dei andre lungemiljøa i foretaket.
Den lokale undervisninga skjer to dagar per veke og varer i 40-45 minutt kvar gang. I tillegg er det digital lungeundervisning for heile foretaket ein gong per veke som varer i 45 minutt. Her vert det forelest etter oppsatt plan som dekker læringsmål i del tre lungemedisin over ei periode på om lag to år.
Som LIS-lege får du delta på nasjonale anbefalte kurs for spesialiteten.
Felles for sjukehusa: Ved lungeavdelinga har vi tilgang til dukke med luftvegar for bronkoskopitrening. Medisinsk avdeling har også simulering for LIS i «medisinsk mottaksteam» og «stansteam» som del av ferdigheitstreninga.
Vi er ei lita og oversiktleg avdeling og eining og det er kort veg for å be om råd og assistanse ved behov. Vi blir raskt godt kjent og jobbar tett ilag.
Vi legg opp til at previsitt og visitt alltid skjer i lag og beslutningar blir tatt i samråd med spesialist. Dette sikrar mester-svenn-prinsippet som er viktig for god læring av lunge- og indremedisinfaget. Du får elles kontinuerleg oppføling ved prosedyrer i starten, etter kvart som kompetanse aukar gjer du dette meir sjølvstendig. Vi tilstreber å ta deg med i dei prosedyrene som er tilgjengeleg kvar dag.
Du får tildelt rettleiar når du starter. Rettleiing med møte kvar månad (satt opp som fast rutine) mellom spesialist og LIS.
Det er inga aktuell forsking ved avdelinga per no.
Ved medisinsk avdeling består utdanningsutvalet av 1 overlege og 1 LIS. Desse organiserer mellom anna internundervisning, oppfølging av LIS sine utdanningsplanar samt i aukande grad grupperettleiing rundt nokre tema. I tillegg har lungeavdelinga 1 overlege og ofte også LIS som følgjer opp utdanningsplan spesifisert for lungemedisin. Vi er tilgjengelege for spørsmål og tek gjerne imot konstruktive innspel angåande spesialiseringa
Ved medisinsk avdeling har vi ein YLF-tillitsvalt for LIS-legar og ein OF-tillitsvalt for overlegane. Tillitsvalgt er tilgjengleg for alle spørsmål om arbeidskvardagen, til dømes arbeidsplan, kontrakt, lønn, ferieavvikling og anna. Det er og eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.
For spørsmål om spesialistutdanninga, kontakt
Lungespesialist og leiar av utdanningsutvalet Odd Frode Aasen, tlf 70 10 50 00
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.