Spesialisering i medisinsk mikrobiologi ved Molde sjukehus
Mikrobiologi Molde er hovudlaboratorium og utfører størstedelen av diagnostikken for primærhelsetenesta, og har det mest differensierte tilbodet. Mikrobiologi Ålesund har et repertoar satt saman for å yte tenester mot avdelingane på sjukehuset.
Årleg blir det gjennomført ca 500.000 analyser delt på fagfelta bakteriologi, mykobakteriologi, virologi og parasittologi. Avdelinga har eit stort analysepertoar og arbeider kontinuerleg med utvikling av tenesta.
Det er tilsett 6 legar ved avdelinga; 3 overlegar og 3 LIS. Vi ønsker på sikt å endre dette til fire overlegar og 2 LIS.
Avdelinga har ein seks delt vaktordning der også overlegar går i primærsjiktet. LIS har overlege som bakvakt ved sine vakter. Tilstedevakt kvardager mellom 08:00 og 16:00, laurdag 08:00 – 16:00 og søndag 09:00 – 11:00. Heimevakt til 00:00 alle dagar. Ved heimevakt må du pårekne noko arbeid som heimekontorløysing, i tillegg til telefonkontakt.
For å få spesialiteten Medisinsk mikrobiologi gjennom tilsetting i Helse Møre og Romsdal må du minimum gjennomføre:
• 1 års klinisk teneste ved ein infeksjonsmedisinsk sengepost eller avdeling. Teneste ved andre relevante kliniske avdelinger kan godkjennast i samsvar med unntaksbestemmelsane i retningslinene for spesialiteten.
• Om lag 4 års teneste ved avdeling for medisinsk mikrobiologi HMR
• 3 månader teneste ved Avdeling for medisinsk mikrobiologi ved St.Olavs hospital eller anna universitetssjukehus med avtale, organisert som hospitering.
Det er ikkje eit formelt rekkefølgjekrav til dei ulike tenesteperiodane, men vi tilrår å gjennomføre klinisk teneste før teneste ved Avdeling for medisinsk mikrobiologi(AMM). Tilrådinga vil også vere med i vurderinga av søkjarar på stilling ved AMM. Eit solid klinisk grunnlag er viktig for seinare å mestre ei rådgjevarrolle ovanfor kliniske avdelingar.
Nytilsette LIS ved AMM vil gjennom det første året få grunnopplæring i basal mikrobiologi og bli gradvis innført i rådgjevingsarbeid og som deltagar i infeksjonsteam. Første 6-8 månader er avsatt til opplæring i bakteriologi, mens påfølgande halvår fokuserer på virologi, infeksjonsimmunologi og molekylærdiagnostikk. Resterende teneste ved AMM består av 2 månaders rotasjonar mellom fagfelta, kor det også i periodar blir sett av tid til å drive utviklings/prosjektarbeid. Periodane ved dei ulike fagfelta er generelt lengre for kandidatar som skal bli mikrobiolog, enn for kandidatar i sideutdanning for spesialitet i infeksjonsmedisin.
Teneste ved avdeling for mikrobiologi ved St.Olavs hospital fokuserer blant anna på avanserte genteknologiske metoder og overordnet smittevernarbeid.
Ved tilsetting i avdelinga får du tildelt en veiledar. Rotasjonsplan for første år blir utarbeida og du får opplæring i bruk av datasystema. Etter dette starter du raskt inn i utdanningsprogrammet i bakteriologi. Første del av dette inneheld å bli kjent med laboratoriemetodikk og dei basalfaglige delane av faget.
Det stilles krav om at LIS deltar som tilhøyrar og forelesar i våre internundervisningar. Dei blir og bedt om å delta som underviser ved våre faste undervisningsoppdrag blant anna ved høgskulen i Molde.
Faste internundervisninger:
• Mandag 1 time: Gjennomførast som ein «journal watch» der alle presenterer dei viktigaste artiklane for gjeldande nummer av det tidsskriftet dei følger. Etter 6 uker roterer vi på dei som følgjer dei ulike tidsskrifta.
• Tirsdag 1 time: Regional undervisning i infeksjonsmedisin og mikrobiologi
• Onsdag 30 minutt: Undervisning for alle yrkesgrupper i avdelinga
• Annakvar onsdag 1 time: Nasjonal nettundervisning i medisinsk mikrobiologi
Deltagelse på obligatoriske kurs i spesialiteten utføres så raskt som mogleg. Spesielt tilrår vi å ta kurs som blir holdt anna kvart år ved første mulige anledning for å sikre rask gjennomføring av utdanninga. I løpet av utdanninga bør du også ha deltatt på eit internasjonalt kurs eller konferanse i regi av den europeiske foreningen for infeksjonsmedisin og mikrobiologi.
Dette er ikkje aktuelt for avdelinga.
Vi baserer oss på mester-svenn utdanninga i introduksjonen til alle nye deler av faget, og du får direkte supervisjon både frå spesialist i mikrobiologi, og frå tilsette med anna fagbakgrunn, som bioingeniører og molekylærbiologer.
Du får faglig rettleiing kontinuerleg, og daglig møter du komplekse infeksjonsproblemstillingar der det drøftes saman med infeksjonsspesialistar og/eller legar frå andre kliniske fag. I løpet av den første rotasjon til fagfelta blir problemstillingane alltid drøfta med spesialist i egen avdeling før du gir rettleiing vidare til kliniker. Spesialist deltar først som aktiv part i diskusjon mot klinikere med LIS som lyttande part, men så raskt som du er skikka, så snus rolla slik at spesialist er tilhøyrar og diskusjonen/rådgivninga gjeres av deg som LIS. Du får i etterkant tilbakemelding rundt: kontaktform, gjensidig respekt i samtalen, fagleg nøyaktigheit og tilpassing av rådgivninga undervegs ut frå opplysningar frå kliniker. Er begge partane innforstått med usikkerheits momenta? Oppnår ein felles forståing for vidare plan? Er ansvaret for vidare oppfølging tydelig plassert? Det møter alltid ein LIS og ein spesialist på tverrfaglege møter (t. d. visitt intensivavdeling og visitt ortopedisk avdeling).
Alle LIS er satt opp til veiledersamtale ein gong i månaden. Vi bruker tid til oppdatering av utdanningsplan, tar opp trivsel og fagleg utvikling. Før og i etterkant av din undervisning, gir vi veiledning og tilbakemelding.
Mikrobiologi er eit forskingsnært fag, og metodikk brukt i forsking er nyttig også i utviklingsarbeid ved laboratoriet. Avdelinga har forskingssamarbeid med andre mikrobiologiske avdelingar og kliniske forskingsmiljø i og utanfor eige foretak. Vi oppmoder til og legger til rette for at LIS skal involveres i forsking samt utvikle egne forskningsprosjekt.
Føretaket har ei eiga forskingssavdeling som er tverrgåande i føretaket med aktivitet ved alle fire sjukehusa, og frå forskingsavdelinga får ein både hjelp og rettleiing i samband med forskingsprosjekt.
Det er avdelingssjefen som leder utdanningsutvalet, i tillegg er ein av dei fast tilsette LIS deltagar. Legegruppa til avdelinga er lita, og heile gruppa skal bidra til å halde ved like kvaliteten til utdanninga
LIS har egen tillitsvald ved avdelinga og er representert av hovudtillitsvald for Yngre Legers Forening Molde sjukehus.
For spørsmål om spesialistutdanninga ta kontakt med Einar Nilsen, overlege og avdelingssjef.
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.