Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Offentleg utdanningsplan

Spesialisering i nevrologi i Helse Møre og Romsdal

Helse Møre og Romsdal har nevrologisk pasienttilbod i Molde og Ålesund. I Ålesund er det eit bredt poliklinisk tilbod, inklusive elektrofysiologisk laboratorium, for utredning, behandling og oppfølging av fleire ulike enkle og komplekse nevrologiske sjukdommar. Legane på poliklinikken har og eit tett samarbeid med medisinsk avdeling og rehabiliteringsavdelinga på sjukehuset. Det største nevrologiske miljøet er i Molde. Der ligg sengeposten og det nevrologiske døgntilbodet er sentralisert til Molde. Det er stor bredde i pasienttilbodet både på sengeposten og poliklinikken, med eit bredt utval av utstyr som høyrer til på ei nevrologisk avdeling.

Illustrasjonsbilete

LIS-utdanning skjer både i Molde og Ålesund, men det er nokre læringsmål ein ikkje får oppfylt i Ålesund og derfor må ha teneste i Molde for å kunne få oppfylt. Det er og nødvendig med eit års teneste ved eit universitetssjukehus for å kunne oppfylle læringsmål vi ikkje tilbyr i foretaket.

Spesialisering i nevrologi ved Ålesund sjukehus

Spesialisering i nevrologi ved Molde sjukehus

Her finn du ei oversikt over alle våre spesialistutdanningar.

Sist oppdatert 23.05.2023