Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spesialisering i nevrologi ved Ålesund sjukehus

Nevrologisk poliklinikk i Ålesund er ei eining for utgreiing, behandling og oppfølging av generelle nevrologiske sjukdommar. Vi har poliklinisk tilbod til pasientar på Sunnmøre som utgjer eit folketal på om lag 150 000.

Vi er tre spesialistar og har ei stilling for lege i spesialisering. Vi har samarbeidsavtale med St. Olavs Hospital i Trondheim og 4-6 gongar kvar pr år kjem to spesialistar i nevrologi for å følgje opp nokre av pasientane.  I tillegg er det ein MS-sjukepleiar og to epilepsisjukepleirar i deltidsstilling tilknytt poliklinikken. Poliklinikken har eit eige klinisk-nevrofysiologisk laboratorium med moglegheit for nevrofysiologisk utgreiing med EEG, 24-timars EEG, søvndeprivert EEG, ENG, VEP, SEP og EMG (ca 2200 undersøkelser kvart år). Tolkingar og EMG blir gjort av spesialistar frå St. Olavs Hospital. I poliklinikken har vi utstyr og erfaring med å justere/fylle på baklofenpumpe, kontroll av DBS- og STN-stimulator, vagusstimulator og Strataventil.

Forutan vanleg poliklinisk aktivitet, har vi og eit nært samarbeid med medisinsk avdeling. Kvar veke har ein av oss ansvar for å følgje opp innlagde pasientar med nevrologiske problemstillingar. Vi er og tilknytt ei eiga nevrorehabiliteringseining med fire senger i avdeling for Fysikalsk medisin og Rehabilitering.

Det er ikkje noko vaktarbeid ved poliklinikken.

Når du startar som LIS-lege hos oss, vil du starte med poliklinisk arbeid under tett supervisjon. Etter kvart som kunnskapen aukar får du gradvis meir sjølvstendige oppgåver i poliklinikken. Poliklinikken tek i mot alle nevrologiske sjukdommar og du vil etter kvart få god kjennskap til dei ulike diagnosane. Det er og god tilgang på å få oppfylt fleire av prosedyrekrava i spesialiteten.

På medisinsk avdeling på sjukehuset er det kvart år innlagt om lag 600 pasientar med nevrologiske diagnoser som hovuddiagnose. Vi har ei aktiv tilsynsteneste for medisinsk avdeling og har tett dialog med behandlande lege ved medisinsk avdeling om både utgreiing og behandling av desse pasientane. Slik får du og møte dei meir akuttnevrologiske pasientane.

I spesialiseringa vil du i løpet av om lag eit og eit halvt år ha fått teneste innanfor dei læringsmåla og læringsaktivitetane vi har tilbod om. For å fullføre spesialistutdanninga er det føresetnad om teneste ved vaktberande sengepost samt minimum seks måneder ved ei nevrologisk avdeling på universitetssjukehus og seks måneder ved ei nevrokirurgisk avdeling. Vi har samarbeid med avdelinga i Molde og St. Olavs Hospital i Trondheim for å gjennomføre heile spesialiseringa og du må pårekne å vere begge stader. Samarbeidsavtalen med St. Olavs Hospital er for eit år totalt inkludert nevrokirurgisk teneste. Den resterande tida på omlag 2,5 år vil vere i Molde. Gjennom tenesta i Molde og ved St.Olavs Hospital vil du få meir erfaring med akuttbehandlinga av nevrologiske pasientar samt vurderingar ved innlegging i nevrologisk sengepost.

Vi er ei lita einig og du blir raskt inkludert som «ein av oss». Du får tildelt rettleiar når du starter. Dei første dagane følgjer du rettleiar i dens polikliniske arbeid før du etter kvart gradvis startar med eigne pasientar, men då under tett supervisjon. Du får sjølvsagt opplæring i alt nødvendig utstyr og programvarer du treng, og du får og utdelt noko skriftleg informasjon.

Internundervisninga på poliklinikken er organisert delvis internt og delvis i samarbeid med andre. Vi har 30 minutt internundervisning på poliklinikken kvar veke. Denne er spesielt lagt opp for å dekke alle læringsmåla i spesialistutdanninga, og du vil få høve til å sjølv vere med på å utforme undervisningsplan. Ansvaret for denne undervisninga er likt fordelt mellom alle legane i poliklinikken. Det er i poliklinikken og lagt opp ein organisert kasuistikkdiskusjon kvar veke. Der presenterer ein til dømes vanskelege problemstillingar, interessante artiklar eller interessante pasientar for dei andre i avdelinga. To goner i veka følger vi internundervisninga frå Molde via videoforelesning som varer i 30 minutt og du som LIS-lege skal og bidra med innlegg på denne undervisninga.

Du har tilbod om å følgje internundervisninga ved medisinsk avdeling som er tirsdagar-fredagar om morgonen, og enkelte gonger i året helt ein av oss innlegg på undervisninga der. Første fredag i månaden er det fellesundervisning for heile sjukehuset i ein time der det vekslar mellom avdelingane å halde innlegg.

Vi legg til rette for at du får delta på dei nasjonalt anbefalte kursa nødvendig for spesialiteten. Vi oppmodar og alle LIS-legar til å ha presentasjonar (poster eller innlegg) på nevrodagane og internasjonale kongressar. Utgifter til reise og opphald i slike høve kan du søke om dekning til på førehand frå avdelinga sitt forskingsfond.

Hos oss får du god tilgang til ferdighetstrening. Dette gjeld for justering/påfyll av baklofenpumpe, kontroll av DBS- og STN-stimulator, vagusstimulator og Strataventil. I tillegg og spinalpunskjon med trykkmåling, spesifikk testing ved mistanke om normaltrykkshydrocephalus (NPH) med meir. Du vil og etter kvart få god kjennskap til nevroradiologien.

Vi er i lita eining arbeider alle tett i lag, slik at tilgang på fortløpande diskusjon og supervisjon er god. Du har din eigen rettleiar som er lett tilgjengeleg, men dei andre legane bidreg og med supervisjon når det trengs. Dersom du har eventuelle utfordrande pasientar, har vi tradisjon for å sette opp felleskonsultasjon med ein av spesialistane. Kva for ein spesialist er avhengig av nødvendig kompetanse og tilgang på spesialist.

Rettleing og fagleg utvikling
Rettleing blir til rettelagt som ein kombinasjon av individuell og gruppebasert rettleiing. Den faglege gruppebaserte rettleiinga er i samarbeid med legane i Molde. Det er planlagt eit møte kvar månad med rettleiar, men det er god tilgang på både ormelle og uformelle samtaler i tillegg til dette. Det er rettleiar som har hovudansvaret for oppfølging av din utdanningsprogresjon.

Ein dag i veka er det sett av 4 timar til fagleg fordjupning. Vi oppmodar og alle LIS-legar om å delta på faglege møter lokalt eller nasjonalt. Utgifter til reise og opphald kan på førehand søkast om dekning til frå avdelinga sine kursmidlar under føresetnad at kurs og møter er fagleg relevant.

Vi vektlegg forsking i det nevrologiske miljøet i foretaket. Du har høve til å søke støtte i avdelinga sitt forskingsfond for å starte opp både større og mindre prosjekt. 

Foretaket har ein eigen forskingsseksjon som er tverrgåande i føretaket med aktivitet ved alle fire sjukehusa, og får forskingsavdelinga får ein både hjelp og rettleiing i samband med forskingsprosjekt. 

For å dekke læringsmål knytt til forsking og kunnskapshandtering i felles kompetansemål er det sett opp kurs over 2,5 dagar med undervisning i tema innan både forsking og forbetringsarbeid og i samband med dette vil du som LIS også gjennomføre eit forbetringsprosjekt lokalt. Det er ansatte i forskingsseksjonen og seksjon for helsetenesteutvikling som deltek i undervisninga ved desse interne kursa. ​

Utdanningsutvalet utgjerast av vår einaste LIS-lege og ein overlege. Det er overlege som leiar utdanningsutvalet. Hovudoppgåvene er planlegging av internundervisning til forbetring av LIS-utdanninga ved poliklinikken.

Vi har ikkje eigen YLF-tillitsvalt ved poliklinikken då vi berre har ein LIS-lege, men det er kort veg til sjukehuset sin eigen hovudtillitsvalt for YLF dersom det er behov for råd og hjelp. Foretaket har og eigen YLF-tillitsvalt.

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med

Bernd Müller, overlege og seksjonsleiar for legar i Molde og Ålesund
Hans Henrik Daae-Qvale, overlege og koordinator på Nevrologisk poliklinikk i Ålesund


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Sist oppdatert 23.05.2023