Offentleg utdanningsplan
Spesialisering i nyresjukdommar i Helse Møre og Romsdal
Nyremedisin er ein spennande spesialitet med stor variasjon mellom pasientgruppene, både i diagnoser, alderssamansetning og prognose og faget famnar om heile indremedisinen. Pasientane våre er frå dei heilt unge vaksne og til siste del av livet.
Nokre er innom oss berre ei kort stund og blir friske, medan andre forblir kronisk sjuke og blir fulgt opp av oss i lang tid. Spesialiteten byr på alt frå hastig akuttbehandling med dialyse ved alvorlig akutt nyresvikt til meir tilmålt utgreiing, behandling og oppfølging når det ikkje er hast på same måte.
Dette gir stor variasjon i arbeidsoppgåver og innhald i arbeidsdagen der vi får bruke både faget og oss sjølv i møte med pasientane våre og deira utfordringar.
I Helse Møre og Romsdal er det nyreseksjon ved Kristiansund sjukehus og Ålesund sjukehus som begge er organisert i ein lokal sjukehusklinikk, Klinikk Kristiansund sjukehus og Klinikk Ålesund sjukehus. Der er i tillegg satelittdialyse ved Molde sjukehus og Volda sjukehus som nefrolog ved høvesvis Kristiansund og Ålesund sjukehus har ansvar for.
Alle pasientar som behandlast med peritoneal dialyse i fylket blir fulgt opp av nefrolog i Ålesund. LIS-utdanning innan nefrologi skjer både i Ålesund og i Kristiansund.
Spesialisering i nyresjukdommar ved Ålesund sjukehus
Spesialisering i nyresjukdommar ved Kristiansund sjukehus