Spesialisering i nyresjukdommar ved Kristiansund sjukehus
Medisinsk avdeling er ei useksjonert avdeling med 29 sengeplassar, men avdelinga er inndelt i einingar etter diagnosegrupper. Vi har seks av dei indremedisinske spesialitetane i avdelinga og samarbeider tett med Molde sjukehus om dei to andre (infeksjonsmedisin og endokrinologi). Dei to medisinske avdelingane vert etter kvart ei felles avdeling fram mot innflyttinga i nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal (SNR).
Nedslagsfeltet for vårt fagområde er omkring 120 000 innbyggjarar.
Nyrepasientane deler sengeområde med geriatriske pasientar ved sjukehuset, men vi arbeider likevel fagnært med våre eigne pasientar og vi disponerer pr i dag om lag 3 senger. I tillegg har vi dagleg kontakt med kollegaene våre i Molde for oppfølging av innlagte nyremedisinske pasientar der. Vi er 3 tilsette spesialistar i nefrologi ved avdelinga og vi har ein LIS tilknytt oss.
I tillegg til sengeposten har vi ei dialyseeining i Kristiansund med 11 plassar og vi har ein satellitt i Molde med 9 behandlingsplassar. Pasientar med behov for oppstart og oppfølging av peritoneal dialyse får dette tilbodet i Ålesund. Slik vil det vere fram til det nye sjukehuset står klart omkring våren 2024.
Vi har eigen poliklinikk og denne ligg geografisk i sjukehuset nær dialyseavdelinga og sengeposten. Det er og poliklinisk verksemd i Molde, men som LIS i Kristiansund vil du ikkje ta del i dette.
Det er eit tett samarbeid med intensivavdelinga for pasientar med akuttmedisinske tilstandar som treng akuttbehandling, inklusive dialysebehandling. Pasientar som treng kontinuerleg dialyse vert flytta til Molde eller Ålesund.
Som LIS hos oss vil du delta i 8- delt generell indremedisinsk vakttjeneste med døgnvakt der det er tilstadetid kl 0800-2200 og heimevakt resten av vakta. Overlegane dekker generelle indremedisinsk bakvakt. Sidan vi er ei generell medisinsk avdeling får du raskt brei vakterfaring.
Arbeidsdagen startar med felles morgonmøte for alle medisinske legar før vi startar arbeidet i vår eigen eining. Kvar dag er det er felles diskusjonsmøte for alle legar i lunsjen og internundervisning etter dette dei fleste dagar. Som LIS hos oss vil du få det daglege ansvaret for sengepostarbeidet med god støtte frå spesialistane. Du vil også ha eigen poliklinikk og delta i gjennomgang av dialysepasientar, samt gjennomføre nyremedisinske tilsyn ved andre einingar og avdelingar på sjukehuset.
Det blir lagt til rette for at du skal få dekka nødvendig teneste for å oppnå læringsmål tilhørande del 2 felles indremedisin og dei læringsmåla i del 3 nyremedisin som vi kan tilby. For å oppfylle læringsmål i del 2 må du pårekne rotasjon mellom ulike fagområde og einingar i avdelinga.
For å oppfylle alle læringsmål i del 3 knytt til dialysebehandling, vaskulittar, multiorgansvikt og dialysebehandling hos barn, samt for å få nok volum av pasientar innanfor dei meir sjeldne tilstandane må du gjennomføre spesialiseringsperiode ved universitetssjukehus. I løpet av om lag 3 år vil du ha fått den utdanninga vi kan tilby ved vår avdeling og resten av teneste må gjennomførast andre stader. Det er inngått avtale med St. Olavs hospital om teneste i 2,5 år for dei uteståande læringsmåla. Dersom du ønsker kan dette delast opp med 12 månader i Ålesund og 18 månader ved St. Olavs hospital eller Oslo Universitetssjukehus. I tillegg er det avtalt 3 veker hospiteringsteneste ved Rikshospitalet for læringsmål knytt til transplantasjon.
LIS som starter hos oss blir tatt godt imot! Du følgjer opplæringsprogrammet for avdelinga, som består i å bli kjent på sjukehuset, med avdelinga og innføring i våre rutiner. Dersom behov får du også nødvendig opplæring i IT-program og elektronisk journalsystem. Før du startar med sjølvstendige vakter får du opplæringsvakter.
Du blir inkludert i våre rutiner slik at det arbeidsmessige skal fungere raskt. Vi har eit godt arbeidsmiljø både i vår eining, og ikkje minst i heilskapen: Vår felles medisinske avdeling med til saman åtte LIS i parallelle utdanningsløp. I samband med inntak av nye LIS1 er det ei introduksjonsveke, som er mogleg å vere med på dei relevante føredraga sjølv om du startar på andre tidspunkt.
Medisinsk avdeling har felles internundervisning 30 minutt mandag, torsdag og fredag etter lunsj. Onsdager har vi felles undervisning med Nyreseksjonen i Ålesund over Skype i 30 minutt. Vi har eigen oversikt over kva tema som det i løpet av to år skal vere internundervisning i, og dette er planlagt ut ifrå læringsmåla i LIS-utdanninga. Alle legar tilknytt avdelinga bidreg med internundervisning.
Som LIS får du sjølvsagt permisjon til å gjennomføre dei kursa som er anbefalt som ein del av spesialiseringa.
Nyremedisin er i all hovudsak eit teoretisk fag med lite praktiske prosedyrer, men mykje direkte pasientkontakt. Vår prosedyre er dialysebehandling. Vi har ultralydapparat ved avdelinga som blir brukt for å vurdere AV-fistlar, og dette må vi alle øve på for å bli flinke.
Når du går vakt ved Medisinsk avdeling er du ein del av både hjartestansteam, slagteam og MET-team. Det er regelmessig simulering med MET-team og årleg simulering/trening med hjartestansteamet. Det er også årleg trening i bruk av medisinsk-teknisk utstyr på avdelingen.
Kvar haust arrangerer vi «Beredskapsveke» med mange viktige og nyttige kurs og i det inngår og simulering.
Vi er ein liten seksjon med god kontakt mellom alle legane og kort avstand for hjelp. Som LIS har du alltid tilgang på spesialist når du treng det.
Den meir systematiske supervisjonen skjer ved alle våre arenaer. På sengepost er det felles previsitt, til dels visitt og felles møtepunkt mot slutten av dagen. I den vanlege poliklinikken arbeider du sjølvstendig, men med gjennomgang av alle pasientar før og etter poliklinikkdagane etter behov, og du har og tilgang på hjelp i samband med timen dersom du treng det. Tidleg i spesialiseringa får du tett oppfølging og etterkvart som du blir meir sjølvstendig vil dette tilpassast. Ved dialyseavdelinga går LIS alltid saman med spesialist i starten. Dialysegjennomgang blir gjort i fellesskap til ein sjølvstendig handterer dette, mens kliniske ad hoc-vurderingar av pasientar på dialyseavdelinga vert gjort meir sjølvstendig med støtte frå spesialist etter behov.
Når du startar hos oss får du tildelt ein rettleiar som er spesialist i nyresjukdommar. Vi gjer det vi kan for at du skal få ha same rettleiar gjennom heile tenesta hos oss. Det vert sett av tid ein gong kvar månad til rettleiing.
I tenesteplanen din er det sett av eigne dagar til fagleg fordjuping, i mengde utgjer dette i snitt 4 timer pr veke. I tillegg får du fri til å delta på alle anbefalte kurs internt og eksternt. Det vert med ujamne mellomrom arrangert faglege møte både internt i eininga og tverrfagleg med andre fagmiljø, og dette blir du inkludert i.
Det er ingen av legane ved vår eining som har doktorgrad, og vi har heller ingen pågåande sjølvstendige forskingsprosjekt. Vi er positive til at LIS deltek i eksisterande prosjekt eller eventuelt vil starte eige forskingsprosjekt.
I helseføretaket er det ei eiga forskingsavdeling som er organisert på tvers, med tilsette i heile føretaket. Læringsmål knytt til forsking vil dekkast med undervisning frå forskingsavdelinga.
Medisinsk avdeling har eit utdanningsutval med både overlege og LIS.
Utdanningsutvalet planlegg mellom anna felles internundervising for heile avdelinga. I tillegg har dei ansvar for opplæringsprogram for nye LIS og den kontinuerlege forbedringa av LIS-utdanninga ved avdelinga.
I vår eining har vi og eit utdanningsutval med ein spesialist og ein LIS.
Medisinsk avdeling har eigen YLF-tillitsvald. Avdelinga sin tillitsvalde deltek i samarbeidsråd ved avdelinga. Det er også eigne YLF-tillitsvalgte på sjukehus- og føretaksnivå.
For spørsmål om spesialistutdanningen ta kontakt med:
Seksjonsoverlege Runar T. Simonsen, Nyremedisinsk seksjon