Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Offentleg utdanningsplan

Spesialisering i patologi i Helse Møre og Romsdal

Patologi er eit spennande spesialfelt med stor bredde i arbeidsoppgåver og tett samarbeid med dei kliniske miljøa for å sette rett diagnose slik at pasienten kan få den rette behandlinga for sin sjukdom. Målsettinga vår er å utdanne spesialistar i patologi som er fagleg sterke og har god evne til refleksjon omkring faglege og etiske problemstillingar, og over eiga rolle som lege i spesialisering, ferdig spesialist og som overlege i vår patologiavdeling.

Illustrasjonsbilete
Avdelinga mottar eit stort og variert volum av prøver frå interne og eksterne rekvirentar og som LIS får du raskt brei diagnostisk erfaring gjennom arbeid med biopsi, cytologi og obduksjon under supervisjon av spesialistar i patologi. Du vil delta aktivt i obduksjonsverksemda ved avdelinga, og denne omfatter både medisinske og perinatale obduksjonar. Det er og forventa at du aktivt deltek i avdelinga sitt internundervisningsprogram og øvrige møteaktivitet. 
 
I Helse Møre og Romsdal HF skjer utdanning i patologi ved Avdeling for patologi, Ålesund sjukehus. I tillegg treng du eitt år ved eit universitetssjukehus for å oppfylle læringsmål vi ikkje dekker ved vår avdeling. Meir informasjon om dette finn du i punkta under.  
​Spesialisering i patologi ved Ålesund sjukehus


Her finn du ei oversikt over alle våre spesialistutdanningar.

Sist oppdatert 02.05.2023