Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Offentleg utdanningsplan

Spesialisering i radiologi i Helse Møre og Romsdal

Det er i radiologen mykje av diagnostikken skjer! Arbeidsoppgåvene er varierande og ingen dag er lik! I nært samarbeid med dei kliniske miljøa arbeider vi for å finne beste undersøking for pasienten for å finne svar på det klinikarane treng i sin diagnostikk. Den teknologiske utviklinga gir oss stadig nye moglegheiter.

Illustrasjonsbilete

I Helse Møre og Romsdal er det to radiologiske avdelingar. Avdeling for radiologi Ålesund/Volda har ein seksjon ved Ålesund sjukehus og ein seksjon ved Volda sjukehus, medan Avdeling for radiologi Molde/Kristiansund har ein seksjon ved Molde sjukehus og ein seksjon ved Kristiansund sjukehus. Utdanning i radiologi er lokalisert til Ålesund, Volda og Molde sjukehus.

Begge dei radiologiske avdelingane er organisert under Klinikk for diagnostikk saman med Avdeling for medisinsk biokjemi, Avdeling for medisinsk mikrobiologi og Avdeling for patologi. Du kan lese meir om dei ulike seksjonane vår under.

Spesialisering i radiologi ved sjukehuset i Volda

Spesialisering i radiologi ved sjukehuset i Ålesund

Spesialisering i radiologi ved sjukehuset i Molde


Her finn du ei oversikt over alle våre spesialistutdanningar.

Sist oppdatert 23.05.2023