Spesialisering i radiologi ved Molde sjukehus
Vi tilbyr deg ei spennande og variert utdanning innan radiologi der du etter få dagar er med i den daglege drifta ved avdelinga. Vi er overbevist om at du får den beste utdanninga ved å velge oss eller eit anna godt organisert og veldifferensiert lokalsjukehus! Avdelinga har eit tett samarbeid med dei kliniske avdelingane ved sjukehuset. Det er daglege demonstrasjoner for kirurgisk avdeling og kvar veke er det og demonstrasjonar for ØNH og Nevrologisk avdeling. Vi deltek kvar veke i MDT-møter (Multidisiplinære Team) innanfor cancer mamma og cancer coli.
Det vil ta ca. 3,5 år å oppnå læringsmålene som kan oppfyllast i vår avdeling, og det er dei aller fleste i spesialiteten. Mot slutten av tida her vil du ha eit godt erfaringsgrunnlag for å gjennomføre spesialiseringsperiode på 1,5 år ved universitetssjukehus. Vi har avtale om samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim og Oslo Universitetssjukehus. Dei fleste hos oss har hatt tradisjon for å velge St. Olavs Hospital. Vi blir saman einige om kvar du skal ha di spesialiseringsperiode.
Som nytilsett LIS utan erfaring i radiologi vil du gjennomgå eit praktisk opplæringsprogram med sikte på å gjere deg raskt sjølvstendig innanfor basal radiologi, særlig med sikte på vaktarbeid. LIS startar i vakt etter om lag 4 vekers teneste.
Avdelinga har ein langsiktig undervisningsplan der sentrale tema og læringsmål i radiologi blir gjennomgått med jamne mellomrom. Det er avsett tid til internundervisning mandag 11.30-12.15, onsdag 11.30-12.15 og fredag 08.30-0900. På mandager går vi gjennom kasustikkar frå føregåande helg og ein kort, valgfri, teorigjennomgang. Onsdager og fredager er det tradisjonell forelesningsbasert undervisning. Kvar tirsdag er det fellesundervisning i auditoriet på sjukehuset for alle legar der dei ulike avdelingane ved sjukehuset bytter på å ha innlegg
Som LIS vil du få kontinuerleg tilbakemelding (skriftleg og munnleg) på jobben du gjer. Du får tidlig kome i gang med enkle intervensjonar (som pleura- og ascitestapping) og enkle biopsiar. Med økte ferdigheter / erfaring vil bredden i intervensjonar og auke. Den første fredagen kvar månad er det BEST-øving (traumeøving) i mottak der du som LIS deltek med jamne mellomrom.
Avdelinga vår er oversikteleg og det er fysisk nær avstand mellom spesialistar og LIS i den vanlege arbeidskvardagen, slik at spesialistane er lett tilgjengelig for råd og innspel. Spesialist vil signere ut LIS sine undersøkingar og prosedyrer og vil da kunne sende skriftlege tilbakemeldinger på tolkingar via eigen meldingsfunksjon i dataprogrammet som nyttast til bildebehandling.
Vi oppnemner rettleiar før du startar og det leggast til rette for månadlege samtaler. Minst to gonger i året har overlegane evalueringsmøte der alle LIS blir evaluert med hensyn til eigenskapsvurdering, progresjon, styrker og utfordringar for betre å kunne følgje opp kvar og ein av dokke.
Du får delta på anbefalte kurs i spesialiteten og det er sett av tid til studiedagar tilsvarande 4 timar pr veke.
Ved avdelinga er det ein av overlegane som er i gang med PhD og jobbar no 50 % med dette.
Utdanningsutvalet består av to overlegar og to erfarne LIS. Utdanningsutvalet har ansvar for at nye LIS får rettleiar. Utvalet sett opp undervisningsplan for kvart halvår og evaluerer undervisninga saman med resten av avdelinga.
Det er eigen YLF-tillitsvalt på avdelinga, sjukehuset og på foretaksnivå.
For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:
Martin Grotnes, seksjonsleder.
Einar L. Krinsgtad, leder utdanningsutvalet.
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.