Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spesialisering i radiologi ved sjukehuset i Volda

Volda sjukehus har primæransvar for ei befolkning på drøyt 50.000 innbyggere på Søre Sunnmøre og vi leverer radiologisk tilbod til desse pasientane. I tillegg ser vi aukande tilsig av pasientar frå delar av Nordfjord.
 
Røntgenavdelinga i Volda er organisert som eigen seksjon under Avdeling for radiologi Ålesund/Volda. Vi har følgande laboratorier: 1 MR, 1 CT, 1 ultralyd, 1 gjennomlysningslab, 3 for konvensjonell røntgen, 1 osteodensitometri til beintettheitsmåling, samt eit mobilt røntgenapparat
 
Vi er no 1 LIS og 4 overlegar. Avdelinga er ei generell avdeling og vi fordeler dei ulike modalitetane og arbeidsoppgåvene mellom oss. Vi har 5-delt vakt. På kvardagar dekker vi vakt fram til kl 22 på kvelden, med passiv tid 17.00-19.30. Det er inga helgevakt, men kvar 5.søndag er det fire timar arbeid for å forberede demonstrasjon til mandag morgon. Resten av døgnet og i helgane er det radiolog i Ålesund som dekker vaktarbeidet via teleradiologi.
 
Alle legane våre har tilbod om heimegranskingsstasjon.

Vi dekker eit stort spekter av radiologien for å vere eit relativt lite lokalsjukehus, og  også med stort volum av basisundersøkingane innan både konvensjonell radiologi, CT, ultralyd og MR. Panoramaet av undersøkingar speglast i stor grad av dei kliniske avdelingane ved sjukehuset som er kirurgi, ortopedi, indremedisin, gyn/føde og psykiatri som alle både har inneliggande og polikliniske pasientar. I tillegg utfører vi undersøkingar knytta til mellom anna barnepoliklinikk, BUP, kreftpoliklinikk og dialyseeining. Vi utfører og polikliniske undersøkingar relatert til andre spesialitetar som ikkje er på sjukehuset, til dømes nevrologi, augesjukdommar, ØNH etc.

Det er daglege demonstrasjonar for medisinske, kirurgisk og ortopedisk avdeling. Elles demonstrasjon ved behov.
Innan modaliteten CT utfører vi dei aller fleste undersøkingar, inkludert CT colon, CT-angiografi av hjerte og CT-veileda intervensjon. Innan MR gjer vi og dei fleste undersøkingar, inkludert MR prostata og MR artrografi. Vi har stort volum av MSK-MR. Vil tilbyr derimot ikkje MR hjerte og MR rektum. Innan ultralyd gjer vi alle typer undersøkingar inkludert kontrast-undersøkingar, elastografi og ultralydveileda intervensjon. Vi har elles ikkje mammadiagnostikk (kreft) eller konvensjonell angiografi.
Forventa tid for å oppnå dei læringsmåla som kan oppfyllast i Volda er 2,5 år. Øvrige læringsmål er estimert til 2,5 år og må lærast ved større avdelingar. Vi har avtale om spesialiseringsperiode ved St. Olavs Hospital og Oslo Universitetssjukehus. Det kan og vere eit alternativ å ha noko teneste ved sjukehuset i Ålesund, som vi har eit nært samarbeid med, slik at tida i spesialiseringsperiode utanfor foretaket vert mindre. 

Som nytilsett LIS hos oss arbeider du tett med overlege fra første dag, etter mester-svenn modellen. Dersom du ikkje har erfaring i radiologi frå tidlegare startar vi med innføring i basal radiologi, ultralyd og CT. Introduksjon til MR kjem etter kvart. På ultralydlab vil dei første vekene vere saman med overlege. Du starter med vakt og røntendemonstrasjon etter om lag 1-2 månader. I starten har du ein av overlegane ved avdelinga tilgjengeleg i bakhand, men etter nokre månader vil bakvakt i Ålesund også vere di bakvakt på kveldstid. 

Vi følgjer Ålesund sine onsdagsundervisninger kvar onsdag 11.30-12.30 via Skype på storskjerm og inngår også i undervisningsrotasjonen slik at vi og held innlegg. I løpet av fem veker er du to onsdagar i Ålesund for å delta fysisk på undervisninga og også bli kjent med legane som jobber ved avdelinga der. På torsdagar kl 11.30-12.30 har vi gjennomgang av kasuistikk med tilhørande teori. Dette fordelast mellom alle legane på avdelinga.

Du vil starte med enklare intervensjonar (ascites- og pleuradrenasje samt ultralydveileda finnålsaspirasjon så snart du er klar for dette. Etter kvart som erfaringa blir betre får du opplæring i meir krevande intervensjonar. Det er BEST-øving (traumeøving)  i mottak ein gang kvar månad som du deltek på, og du deltek også på øving med medisinsk team ein til to gongar kvar månad.

Avdelinga vår er kompakt med 4 faste overlegar. Desse arbeider dagleg i nær relasjon til LIS, noko som gir rom for tett og nær opplæringssituasjon, jfr ”mester-svenn”-modellen, som blir sterkt vektlagt i utdanninga hos oss. Dine tolkingar blir signert av overlege oftast same dag, men alltid innan får dagar. Du får kontinuerleg tilbakemelding, enten direkte eller via eige meldingssystem dataprogrammet for bildebehandling.

Når du startar hos oss får du oppnemd rettleiar. Det er mykje tett kontakt mellom deg og din rettleiar både ved formelle og uformelle samtaler. Vi sett opp planlagte møter kvar andre månad. To gonger i året har vi også felles møte der du, rettleiar og seksjonsoverlege er tilstade for å eigenskapsvurdering og for å evaluere progresjon slik at du skal få ei best mogleg utdanning hos oss.

Som LIS får du fri til å delta på anbefalte kurs for spesialiten og det er og avsett fordjupningstid tilsvarende 4 timer pr veke i arbeidsplanen.

Ein av overlegane våre har doktorgrad frå Austerrike. Vi har også ein overlege som planlegg å disputere for PhD ved Universitet i Bergen i løpet av 2019. Vi set pris på forskingsinteresserte LIS og vil legge til rette for at slikt arbeid kan gjennomførast. Det er gode ressursar for rettleiing både i eige foretak og i regionen. 

Utdanningsutvalet består av veileder og LIS ved avdelingen. Seksjonsoverlegen innkallast dersom behov.

Det er felles avdelingstillitsvalgt for YLF i Volda og Ålesund. På sjukehuset er det eigen YLF-tillitsvalt som LIS hos oss også nyttar ved behov. Foretaket har eigen foretakstillitsvalt for YLF.

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:

Thomas Kleinrath, seksjonsoverlege.

Kristian Kolnes, leder av utdanningsutvalget.

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Sist oppdatert 23.05.2023