Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spesialisering i urologi ved Ålesund sjukehus

Kirurgisk avdeling er ei fullseksjonert avdeling der urologisk seksjon utgjer ein av seksjonane, i tillegg til gastroenterologisk kirurgi, karkirurgi og bryst- og endokrinkirurgi. Ved avdelinga er det 11-12 overlegar og 9 LIS-legar. Litt avhengig av fagfelt og kompetanseområde, dekker vi eit nedslagsfelt på omlag 100 000 – 260 000 innbyggjarar. Det er felles generellkirurgisk vaktordning der LIS-legane går i 9 delt tilstadevakt med vaktdøgnet delt i to. Urologane deltek ikkje i generell bakvakt, men har beredskapsordning for innlagde og opererte pasientar. Vi planlegg oppstart av seksjonert bakvakt for urologi i 2020. Avdelinga har og LIS1-legar som dekker primærvaktsjiktet.

Ved urologisk seksjon er vi 4 overlegar og det er til ei kvar tid 2-3 LIS-legar hos oss. Den eine LIS-stillinga er for spesialisering i urologi, medan dei to andre er rotasjonsstillingar for LIS-legar i andre utdanningsløp. Vi har og tilsett 2 uroterapeutar. Vi har ansvar for pasienttilbodet på Sunnmøre, men for nokre fagområde har vi fylkesfunksjon. Vi om lag 760 innlagde pasientar kvart år, og om lag 130 dagpasientar. I tillegg har vi rundt 100 dagkirurgiske inngrep i året, 640 større inngrep og om lag 4 400 polikliniske konsultasjonar.

Vi har fylkesfunksjon for nyrekirurgi, kirurgi ved testiscancer og for avanserte urodynamiske undersøkingar. I tillegg har vi eit bredt tilbod innan generell urologisk utgreiing, behandling og nødvendig etterkontroll. Vi har og tilbod om endourologisk steinbehandling.

Av utstyr kan vi mellom anna nemne: 3D-laparaskopiutstyr, laser for endoskopisk steinknusing, fleire fleksible cystoskop, semirigide og fleksibe ureterorenoscop, fleire ultralydapparat med proble for alle aktuelle undersøkingar, videomonitorering ved endoskopiske prosedyrer, utstyr for avansert urodynamiske undersøkingar og alt av nødvendig utstyr for transuretral diagnostikk og behandling av vaksne.

Som LIS hos oss får du tilgang til stort volum av kvardagsurologien, men og god tilgang på meir sjeldne diagnoser og prosedyrer då vi har fylkesfunksjon for nokre fagområde og er den største urologiske eininga i fylket. Dagane brukast til arbeid på sengeposten, operasjonsavdelinga, dagkirurgisk eining og poliklinikken. Vi tilpassar arbeidsoppgåvene ditt kompetansenivå og tilser at du stadig får meir avanserte oppgåver for å auke kompetansen og få ønskeleg progresjon.

På sengepost er det felles previsitt med overlege, visitt av og til med supervisjon. Operasjonar blir assistert inntil dei kan gjerast sjølvstendig. Større inngrep er alltid teamarbeid. Som LIS-lege hos oss blir du alltid sett opp på alle operasjonar når du er ved seksjonen, utanom ved vakt og poliklinikk. Poliklinikken for LIS-legane våre planlegg vi til dagar som ikkje ordinært er operasjonsdagar slik at ein skal få med seg flest moglet inngrep. Ved poliklinikken arbeider ein sjølvstendig, men med tilpassa pasientgrupper og arbeidsmengde etter kompetansenivå. Det er god tilgang på overlege for råd og hjelp etter behov. Vi tilstreber at same lege utreder, behandlar og følgjer opp pasienten.

Vi har møter med onkolog kvar veke for drøfting av aktuelle kasus, og også møter med radiolog kvar veke. Det er vekentlege MDT-møter med St. Olavs Hospital i Trondheim, arrangert som videomøte.

Ved avdelinga roterer du mellom seksjonane for å kunne få oppfylt læringsmål i del 2 felles kirurgi. I tillegg til denne tenesta treng du om lag to år ved vår seksjon for å kunne få oppfylt dei læringsmåla vi har tilbod om. I tillegg til dette treng du 1,5 år spesialiseringsperiode ved universitetssjukehus for å kunne få oppfylt dei resterande læringsmåla vi ikkje har tilbod om i Møre og Romsdal. Vi har avtale med St. Olavs Hospital for slik teneste.


Nye LIS-legar som startar på avdeling får nødvendig opplæring i våre rutiner, dataprogram vi brukar med meir. Du får og følgevakter før du startar sjølvstendige vakter.

Ved seksjonen blir du raskt inkludert i miljøet og vi tilpassar opplæringa ditt behov.

Det er internundervisning 2 undervisningstimar i veka. Kvar onsdag er det felles undervisning for heile kirurgisk avdeling, det vekslar mellom seksjonane å halde innlegg her. Kvar torsdag er det seksjonsvis undervisning. Dersom utdanningskandidaten vår ikkje er tilstades torsdagen, vert undervisninga flytta til ein annan dag. Det blir lagt til rette for at dette kan vere videoundervisning med resten av sjukehusa i foretaket. Vi har etablert 1-2 halve fagdagar artikkelgjennomgang, referat frå kurs og kongressar og følgjer webbasert undervisning frå mellom anna EAU. Ein time kvar månad er det felles internundervisning for heile sjukehuset.

Siden vi er ein liten seksjon, kan det ikkje ventast hyppig formell undervisning som krever mykje førebuing. Kasuistikkdiskusjonar, litteraturgjennongang og referat frå kurs, møter og kongressar er også ein del av undervisningsopplegget. Vi går og gjennom viktige kapitler i siste utgåve av ”Campells Urology” med vekt på det som er nytt frå forrige utgåve. Vi brukar også Web-cast der vi ser på og diskuterer foredrag frå kongressar (EAU og lignende).
Gjennomgang av sentrale emner i EAU Guidelines, vi bruker dette som vår ”metodebok”.
Gjennomgang av prioriteringsveilder for urologi.
Gjennomgang av NUFs anbefalingar for allmennlegar.
Gjennomgang av oppdaterte norske retningslinjer,- blære og prostatacancer etc.
Gjennomgang av «Pakkeforløpene».

Du får fri til å delta på nasjonalt anbefalte kurs nødvendig for spesialiteten.

Det er ein D-boks for å øve på laparaskopiske inngrep på avdelinga. Du får elles opplæring i alle prosedyrer før du gjer dei sjølvstendig med nødvendig supervisjon, og det er god tilgang på prosedyrer av ulike slag ved seksjonen.

Vi er ei lita eining og jobbar alle tett ilag. Alle overlegane har oversikt over både oppgåver, plan og progresjon til LIS-legane og det er god tilgang på både formell og uformell supervisjon og rettleiing når det er behov for det. På sengepost og operasjon/dagkirurgi arbeider du under tett supervisjon av overlege heile tida, på poliklinikken er det meir sjølvstendig arbeid der du henter inn spesialist når du treng det.

Rettleiing og fagleg utvikling:
Du får tildelt rettleiar når du startar og rettleiings skal kome i gang i løpet av dei første 4 vekene etter oppstart. Vi planlegg rettleiing kvar andre månad, men det er tett kontakt mellom deg og din rettleiar i arbeidskvardagen og du får i praksis tett oppfølging kvar veke. Ved dei planlagde møta blir evaluering av fagleg progresjon og planlegging av vidare utdanning hovudtema. Elles blir progresjon evaluert fortløpande både med og utan deg. Vi meiner det er viktig med regelmessig samanlikning av måla i utdanningsplanen med kva du har oppnådd av kompetanse og gjennomført av prosedyrer for å sikre kvaliteten i utdanninga.

Det er sett av tid til fordjupingsdag tilsvarande 4 timar per veke.

Vi har ingen legar med PhD ved seksjonen. Det er ingen eigne pågåande forskingsprosjekt. Helse Møre og Romsdal har eiga forskingsavdeling som bistår med råd og rettleiing til dei som ønsker å drive forsking.

Alle overlegane og LIS-lege i spesialisering til urologi utgjer utdanningsutvalet. Det er møte 4 gongar kvart år der utdanninga vår planleggast og evaluerast. Det er seksjonsoverlege som er leiar av utdanningsutvalet.

Det er eigen YLF-tillitsvalt på avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå.

For spørsmål om spesialistutdanninga,  ta kontakt med:

Valborg Bakke, seksjonsoverlege og spesialist i generell kirurgi og urologi


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Sist oppdatert 24.04.2023