Offentleg utdanningsplan
Spesialisering i vaksenpsykiatri i Helse Møre og Romsdal
Spesialistutdanninga i vaksenpsykiatri foregår ved alle dei fire sjukehusa i Helse Møre og Romsdal. Du må ha teneste innanfor ulike obligatoriske tenesteområde og vil gå i rotasjonsordning mellom desse. Nokre læringsmål må dekkast ved spesifikke seksjonar, medan mange læringsmål kan dekkast ved to eller fleire seksjonar.
Møre og Romsdal har om lag 260.000 innbyggjarar fordelt med litt mindre enn 50% i Nordmøre og Romsdal og litt meir enn 50% på Sunnmøre. LIS i spesialistutdanning enten i Molde/Kristiansund eller i Ålesund/Volda vil møte heile spekteret av pasientar med ulike diagnosekategoriar innanfor psykiatrifaget.
Klinikk for psykisk helse og rus i Helse Møre og Romsdal er organisert med fem avdelingar. Til saman dekker desse heile tilbodet i spesialisthelsetenesta til befolkninga i Møre og Romsdal innan fagområda rusbehandling og vaksenpsykiatri. Spesialistutdanninga i psykiatri foregår vanlegvis ved fire av avdelingane: Avdeling for distriktspsykiatriske senter Sunnmøre, avdeling for distriktspsykiatriske senter Nordmøre og Romsdal, avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre og avdeling for sjukehuspsykiatri Nordmøre og Romsdal.
Spesialisering i vaksenpsykiatri ved Volda sjukehus
Spesialisering i vaksenpsykiatri ved Ålesund sjukehus
Spesialisering i vaksenpsykiatri ved Molde sjukehus
Spesialisering i vaksenpsykiatri ved Kristiansund sjukehus