Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spesialisering i vaksenpsykiatri ved Ålesund sjukehus

Psykiatrien på Sunnmøre dekkeer avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre og Avdeling for distriktspsykiatriske senter (DPS) Sunnmøre. Det er til saman 10 LIS og 4 LIS1 fordelt på desse avdelingane. Ved alle seksjonar i Avdeling for sjukehuspsykiatri og DPS Sunnmøre vil du som LIS inngå som ein viktig og sentral del av den daglege drifta gjennom deltakelse i vaktordning, mottak av pasientar samt oppfølging av inneliggande og polikliniske pasientar. Du får også delta i konsultasjon-liaisonverksemd ved å følge bakvakt/overlege på interntilsyn ved dei somatiske avdelingane ved sjukehuset.

Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre er lokalisert på Ålesund sjukehus og er inndelt i fire seksjonar: akutt psykisk helse, utgreiing og behandling, alderspsykiatri og lokal sikkerhetpsykiatri. Som LIS vil du rotere mellom desse seksjonane. Rotasjonsordninga sikrar at du får gjennomført ulike typer teneste ved dei ulike seksjonane. I seksjon for utgreiing og behandling blir ECT gjennomført. Gjennom rotasjonen skal det vere lagt til rette for at spesialistutdanninga blir gjennomført innan normalt forventa tid. Antallet LIS ved dei enkelte seksjonane vil derfor over tid kunne variere noko utifrå den enkelte sitt utdanningsbehov.

Avdeling for DPS Sunnmøre omfattar både Ålesund og Volda. DPS i Ålesund består av følgande einingar:

  • DPS Ålesund, poliklinikk med allmennteam, ROP-team og gruppebehandlingsteam (GBT)
  • DPS Vegsund, ambulant og døgnseksjon
  • DPS Sjøholt, ambulant og døgnseksjon (denne er vedteken å bli slått saman med DPS Vegsund)
  • DPS Ålesund ambulant seksjon med akutt hjemmebehandlingsteam (AHT) og ACT team.

Vi har til ei kvar tid 16-18 overlegar tilsett i sjukehuspsykiatrien og DPS på Sunnmøre. Desse er fordelt mellom dei ulike avdelingane og seksjonane. Akuttavdelinga er særleg prioritert med tanke på bemanning av overlegar, derfor er det no 4 overlegar ved akutt psykisk helse og i tillegg er det nyleg tilsett ein psykologspesialist.

Utdanningsløpet kan gjerast på mange ulike måtar og det er ikkje nokon standardmal for alle. Dette vert tilpassa både kva kompetanse du eventuelt har frå før, kva du manglar for å oppnå læringsmål og korleis vi får alt til å passe i hop. Det vil framgå av Kompetanseportalen kva læringsmål som kan oppnåast ved dei ulike seksjonane, og fleirtalet av læringsmål kan oppnåast ved fleire seksjonar. I tillegg vil ditt utdanningsløp også framgå av din individuelle utdanningsplan.

  • Læringsarena for læringsmål knytt til akuttpsykiatri er Akutt psykisk helse Molde eller Akutt psykisk helse Ålesund. Tenestetid her er minimum 12 månader. 
  • Læringsarena for læringsmål knytt til allmennpsykiatrisk poliklinikk er Poliklinikk psykisk helse Kristiansund, Molde, Ålesund eller Volda. Tenestetid er minimum 12 månader.
  • Læringsarena for læringsmål knytt til såkalla Eining for rehabilitering er ved følgande seksjoner: Døgnbehandling psykisk helse DPS Kristiansund, Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde, Rehabilitering psykisk helse Hjelset(Molde), Døgnbehandling psykisk helse DPS Volda, Døgnbehandling psykisk helse DPS Sjøholt(Ålesund) og Døgnbehandling psykisk helse DPS Vegsund(Ålesund). Tenestetid er minimum 9 månader.
  • Læringsarena for læringsmål knytt til fordjupningsteneste gis ved følgande seksjonar: Alderspsykiatri Nordmøre og Romsdal(Molde) (fordypningstjeneste Alderspsykiatri), Alderspsykiatri Sunnmøre(Ålesund)(fordypningstjeneste Alderspsykiatri), Utredning og behandling psykisk helse Molde(fordypningsområde Korttidsintervensjon døgn), Poliklinikk psykisk helse Molde(fordypningsområde Traumebehandling) og Poliklinikk psykisk helse Ålesund(fordypningsområde Personlighetspsykiatri). Tenestetid er minimum 9 måneder.

Nye læringsarenaer kan kome til etter nærare søknad. Alternative læringsarenaer for fordjupningsteneste kan vere ved godkjend seksjon innanfor spesialiteten Barne- og ungdomspsykiatri ved dei respektive sjukehusa.
 
Resterande tenestetid kan takast valfritt som forlenga tid ved ein utvalt seksjon eller fordelt mellom fleire seksjonar.

Vi sender skriftleg informasjon om spesialistutdanninga og seksjonane før første arbeidsdag. Da får du og informasjon om oppmøtetidspunkt og oppmøtestad. På den aktuelle seksjonen du blir plassert blir dei første dagane brukt til introduksjon og arbeidet det er forventa at du som LIS skal gjere der. Du får tildelt klinisk rettleiar og rettleiinga startar i løpet av dei første to vekene.

Så raskt som mogleg etter oppstart skal du delta på obligatorisk kurs i vurdering av sjølvmordsrisiko og aktuelt lovverk innan psykisk helsevern.

Du har følgevakt med introduksjon til vaktarbeid før du startar i sjølvstendige vakter.

Alle LIS på Sunnmøre samlast kvar veke til teoriundervisning og fagleg utveksling i Ålesund. Etter ny plan er det hovudsakleg overlege/spesialist i psykiatri som leiar undervisninga og føreles for LIS-legane, men og av og til LIS-lege som skal halde innlegg. Undervisninga foregår over to timar kvar veke, 39 veker i året. Dette er fordelt med 30 minutt til litteraturmøte der vitskapleg artikkel eller anna relevant litteratur blir presentert, og 90 minutt teoretisk hovudundervisning i gitte relevante emner. Undervisningsplanen er sett opp etter læringsmåla i spesialistutdanninga og er basert på ein 4-årsplan for undervisning med anbefalte emner og litteratur. Hovudundervisninga blir dels gitt som foredrag i powerpoint, dels som fagleg diskusjon, kasuistikk eller workshops. Vi har og jamleg, 2-3 gonger i året, dagsseminarer/workshops med eksterne foredragshaldarar/ superspesialistar innan vårt fagområde.

Alle LIS blir oppmuntra til å delta på dagsseminar og kurs i føretaket. Det er i tillegg obligatorisk deltaking på helseføretaket sitt etikkseminar. Som LIS får du fri med løn til deltaking på nasjonalt anbefalte grunnkurs i psykiatri, samt emnekurs og valfrie kurs etter behov. I tillegg kjem dei nasjonalt anbefalte kursa, samt moglegheit for deltakelse på eksterne kurs og kongresser. Både LIS og overlegar får støtte til å delta på viktige kurs.

Ferdigheter lærast best gjennom klinisk praksis på dei enkelte seksjonar. Det er ikkje lagt opp til eigen simulering eller ferdigheitstrening.

Alle våre seksjonar er små og oversiktlege og du vil arbeide tett ilag med spesialistane. Supervisjon av LIS inngår som ein del av arbeidsoppgåvene til den enkelte spesialist på dei enkelte seksjonar. Dette skjer i form av felles samtalar med tilbakemelding til deg, drøftingar på morgonmøte og teammøter, og diskusjonar knytt til enkeltpasientar. Supervisjonen vil vere tettare på døgnseksjonar og meir etter behov ved poliklinikkane.

Du får oppnemnd rettleiar innan 1-2 veker etter oppstart. Det blir sett av fast tidspunkt 1 time kvar veke for klinisk rettleiing, som er obligatorisk.

Det er sett av 4 timer kvar veke til  fagleg fordjuping for LIS. Sjukehuset har eit godt fagbibliotek med tilgang til MedLine og andre faglege databaser.

Dersom du ønsker det er det gode moglegheiter for å få rettleiing innan forsking.

Foretaket har ei eiga forskingssavdeling som er tverrgåande i foretaket med aktivitet ved alle fire sjukehusa, og frå forskingsavdelinga får ein både hjelp og rettleiing i samband med forskingsprosjekt. 

For å dekke læringsmål knytt til forsking og kunnskapshandtering i felles kompetansemål er det sett opp kurs over 2,5 dagar med undervisning i tema innan både forsking og forbetringsarbeid og i samband med dette vil du som LIS også gjennomføre eit forbetringsprosjekt lokalt. Det er ansatte i forskingsavdelinga og seksjon for helsetenesteutvikling som deltek i undervisninga ved desse interne kursa. 

Vi oppmodar deg som LIS til å delta i kvalitetsforbedringsprosjekt og andre prosjekt knytt til forsking. Det blir med jamne mellomrom arrangert ELF-kurs der du kan delta. Spesialistar i psykiatri med akademisk kompetanse har med jamne mellomrom innlegg på LIS-undervisninga for å understøtte og bidra til at du oppnår læringsmål knytt til forskning.

I Ålesund har vi to LIS-legar og ein overlege i PhD-løp, samt ein overlege med PhD. Desse tilbyr rettleiing innan forsking og utviklingsarbeid i klinikken

Dei psykiatriske avdelingane ved Ålesund og Volda sjukehus og DPS har felles utdanningsutval som utgjerast av 3 overlegar der den eine og er psykoterapirettleiar, 2 LIS der den eine er tillitsvalt, og ein avdelingssjef. Det er overlege som leiar utdanningsutvalet.

Utdanningsutvalet møtest 2-3 gonger kvart semester. Ulike saker knytt til spesialistutdanning og LIS blir drøfta. I tillegg blir det ein gong kvart halvår arrangert klinisk rettleiarsamling der rettleiar kan ta opp saker som gjeld LIS; ønskelege eiegnskapar,  rettleiing og utvikling, samt utfordringar knytt til rettleiing. Ein gong kvart halvår arrangerer leiar for utdanningsutvalet evaluering av LIS. Dette er individuelt for kvar enkelt LIS der både leiarar, rettleiar og LIS er tilstade. En gong i året er det felles evaluering for rettleiarar og LIS-legar med omsyn til læringsarena, korleis LIS-utdanninga generelt fungerer, utfordringar, forbetringsområder og andre aktuelle saker i samband med LIS-utdanning.

Det er felles YLF-tillitsvalt for Volda/Ålesund. Denne sit og som fast medlem i utdanningsutvalet og har såleis ei viktig stemme med omsyn til utdanninga. YLF-tillitsvalt er og involert i ei rekke ulike fora saman med tillitsvalt for overlegane. Tillitsvalt handterer og andre saker og spørsmål som LIS ved avdelinga måtte ha. I tillegg er det YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.

For spørsmål knytt til spesialistutdanninga i Ålesund og Volda, kontakt:

Overlege og leiar for utdanningsutvalet ved Ålesund og Volda sjukehus, Marianne Klokk, tlf 70 10 50 00


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.






Sist oppdatert 02.05.2023