Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
En gruppe mennesker iført hvite laboratoriefrakker

Høyrselssentralen Ålesund

Høyrselssentralen har ansvar for høyrselsomsorga på Sunnmøre med utgreiing og behandling av høyrselstap, tilpassing av høyreapparat og søknad om tekniske hjelpemiddel. I samarbeid med barneavdelinga blir høyrselen vurdert hos alle nyfødde på Sunnmøre.

Det er nødvendig med tilvising frå fastlege eller ØNH-lege for å få første time hos høyrselssentralen. Vidare kan du ta direkte kontakt med oss for å bestille time. 

Ved første kontakt vil du møte audiografen som gjennomfører utgreiing av høyrsel og behovet og anbefaler vegen vidare. Planen kan vere å få tilpassa høyreapparat, eller anna utstyr. Du får ny time for tilpassing av nødvendig utstyr og opplæring i bruk. 

Vidare blir du følgd opp med kontrolltimar etter behov. Audiografen søker NAV om støtte for høyreapparat/utstyr ved behov.

Ta kontakt for time dersom du ikkje får til å bruke apparata eller du ikkje opplever tilstrekkeleg effekt. Det kan vere behov for ny høyrselstest og/eller justering.

Viktige punkt om ditt høyreapparat

  • tapt høyreapparat blir ikkje erstatta – vurder forsikring 
  • reparasjon av høyreapparat blir dekt av NAV (kontakt høyrselssentralen eller leverandøren direkte)
  • høyreapparat skal returnerast til høyrselssentralen viss det/dei ikkje lenger er i bruk
  • nye høyreapparat blir innvilga normalt kvart 6.år. Regelen kan fråvikast under særskilde vilkår.

HUGS! Sjekk øyra jamleg for øyrevoks. Høyrselen blir endra – høyreapparat bør etterjusterast.

Høyrselskontakt i kommunane

Høyrselskontakt finst i dei fleste kommunar. Dei hjelper hjelpemiddelsentralen med å greie ut behov for høyrselshjelpemiddel. Dei kan bidra med tanke på utprøving av aktuelle hjelpemiddel og hjelpe med nødvendige søknader til NAV. 

Ein kan kanskje forstå høyrselshjelpemiddel og høyreapparat som det same. Hjelpemiddelsentralen har andre hjelpemiddel enn oss, som gjeld varsling, tilrettelegging og samtale til dømes. Det er i tillegg til høyreapparata. Det gjeld hjelpemiddel som ein kan ha heime feks. 

Det er (som oftast) ein høyrselskontakt i kvar kommune, som har ein prosentdel av stillinga si med ansvar for høyrsel. Det er ofte ein ergoterapeut der stillinga er kombinert med andre ansvar, feks syn. Dei har moglegheit for heimebesøk og kan vurdere behovet ditt med tanke på korleis det er der du bur. Dei kan også hjelpe dersom vi leverer ut tilbehøyr til høyreapparata som må koplast opp heime.

Hjelpemiddelsentralen bidreg også ved behov for tilrettelegging på skule (kontakt via audiopedagog) og i arbeid (kontakt via arbeidsgivar).

Ta kontakt med kommunen din for å opprette kontakt med lokal høyrselskontakt. Audiograf hos oss kan også tilvise deg viss ønskjeleg.

NAV Hjelpemiddelsentral Møre og Romsdal

Kontaktinformasjon

Telefonnnummer: 40702815 (kl. 09-14.30)

E-post: nav.heit.mora.og.romsdal@nav.no

Adresse: Langrabben 4, 6013 Ålesund


HLF Hørselshemmedes Landsforbund – brukarorganisasjon

Sjekk ut nettstaden hlf.no for meir informasjon. Det finst kanskje ein likeperson nær deg? Dei bidreg med hjelp, støtte og råd ut frå eigne erfaringar. 

Finn leverandøren din

Ved problem med høyreapparat, tilleggsutstyr eller mobilappen kan du gjerne ta kontakt direkte med høyreapparatleverandøren din som kan hjelpe deg. Du kan ta kontakt på telefon eller ved å sende inn høyreapparat/utstyr.

Sørg for å ha nødvendig utstyr for reingjering og vedlikehald tilgjengeleg. Det kan vere filter, domer eller slange, alt etter kva høyreapparat du har. Kontakt leverandøren din for bestilling. Høyrselssentralen har ikkje sal av utstyr til høyreapparat.

Leverandør + nettbutikk Telefonnummer + e-post Adresse

GN RESOUND 

Resound-nettbutikk.no 

22 47 75 30 

post-no@gnhearing.com 

GN Hearing Norway AS 

Postboks 132 Sentrum, 0102 Oslo 

CANTEC (tidl. GEWA) (Bernafon) 

Cantec.no/horsel/nettbutikk

66 99 60 00 

post@cantec.no 

Cantec AS 

Postboks 626, 1411 Kolbotn 

WIDEX  

Widexbutikk.no 

22 59 90 40 (kl 10-14) 

post.no@widexsound.com 

Widex Norge AS 

Postboks 9077 Grønland, 0133 Oslo 

OTICON 

Shop.oticon.no 

23 25 61 00 

info@oticon.no 

Oticon AS 

Postboks 404 Sentrum, 0103 Oslo 

OTICON MEDICAL 

Oticonmedical.com/country/no  

23 25 61 00 

info@oticonmedical.no 

Oticon Medical 

Hegdehaugsveien 31, 0352 OSLO 

PHONAK (Sonova)  

96 09 86 00 (kl 10-14) 

brukerstotte@phonak.no 

Sonova Norway AS 

Postboks 525 Sentrum, 0105 Oslo 

SIVANTOS (Signia/Siemens) 

Webshop.sivantos.no 

22 63 22 22 (kl 10-14) 

signia.net/nb-no/service/contact 

Sivantos AS 

Postboks 378 Sentrum, 0102 Oslo 

STARKEY 

Nettbutikk.starkey.no 

51 82 00 80 (kl 8-15) 

Starkey Norway AS 

PB 74, Sentrum, 4001 Stavanger 

MEDUS (Hansaton) 

Medus.no  

61 32 90 50 

medus@medus.no 

Medus AS 

Postboks 4, 2712 Brandbu

COCHLEAR 

Nettbutikk.cochlear.no

22 59 47 00 (kl 0830-15) 

nettbutikk.cochlear.no/kontakt-oss/ 

Cochlear Norway AS 

Postboks 6614, Etterstad, 0607 Oslo 

MED-EL  

Medel.com/no

23 11 32 80 

norge@medel.com 

MED-EL Nordic AS  

Postboks 1680 Vika, 0120 Oslo 

 

Kontakt

Telefon

Telefontid mandag, tysdag, torsdag og fredag: kl. 8.00 - 11.00 og 13.00 - 14.30. Onsdag kl 9.00 - 11.00 og 13.00 - 14.30.

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF Postboks 1600 6026 Ålesund

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Du finn oss i 1 etasje i høgblokka. Korridoren til høgre når du kjem frå hovudvestibylen. Følg oransje stripe på veggen, og/eller vanleg skiliting.

Servicetilbod og drop-in

Dersom du har fått teknisk utstyr tilpassa ved høyrselssentralen, tilbyr vi drop-in for service og enkle reperasjonar slik at du kan møte opp utan avtale. Vi har ofte stor pågang, så ein må rekne med noko ventetid.
Servicetilbod og drop-in
En person i en døropning som tar i mot en besøkende

Kurs og møter