Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Aure rehabiliteringssenter
Aure rehabiliteringssenter er ein 5-døgnspost, og har følgeleg drift frå måndag til fredag (stengt på helg). Vi har gruppeopphald innan arbeidsretta rehabilitering, samt til personar med Parkinsons sjukdom/parkinsonisme og Multippel Sklerose. Vi har òg vurderingsopphald for personar med muskel-/skjelettproblematikk og nevrologiske tilstander.
Vi kan tilby ein unik kombinasjon med oppfølging av pasientane både fysisk ved senteret når dei er innlagt i 5-døgnsposten vår, og poliklinisk både i forkant og etterkant av dei fysiske opphalda. Vi jobbar tverrfaglig i rehabiliteringsteam, og tilbodet vårt byggjer på tverrfagleg samhandling med pasientane, pårørande og aktuelle instansar i både kommunane og spesialisthelsetenesta. Kva for yrkesgrupper som inngår i rehabiliteringsteamet til den enkelte, varierer etter behov, men kan for eksempel vere sjukepleiar, nevrologisk sjukepleiar, psykiatrisk sjukepleiar, nevrolog, fysioterapeut, psykomotorisk fysioterapeut, osteopat, ergoterapeut eller helsefagarbeidar. Alle pasientane får sin eigen rehabiliteringskoordinator. Arbeidet styrast av ein rehabiliteringsplan, med mål og tiltak, som teamet og pasientane samen utarbeider.
Vi tilbyr følgande:
Gruppeopphald Parkinson
Gruppeopphald Arbeidsretta rehabilitering, ARR
Gruppeopphald Multippel Sklerose, MS
Vurderingsopphald
Poliklinisk forløp
Les meir om tilboda under Behandling.
Tilvising til spesialisert rehabilitering:
Tilvising frå sjukehus eller fastlege må sendast elektronisk* via journalsystemet til:
Helse Møre og Romsdal HF Fysikalsk medisin og rehabilitering (Ålesund) Postadresse 6026 Ålesund
Tilvisingane må sendast innan måndag kl 15.00 for å bli behandla i inntaksnemnd tysdagar.
Tilvisinga må innehalde opplysingar om:
Mål for opphaldet
Kva type opphald det blir søkt om
Aktuelle funksjonsvanskar og diagnose
Kva som er prøvd av tidligare behandling, og kva som er noverande behandling/oppfølging
Legg ved Individuell Plan, ev. rapport frå andre faggrupper som pasienten mottek tilbod frå, f.eks. heimebasert omsorg, psykisk helse, fysioterapeut, ergoterapeut eller logoped
* Om du ikkje har moglegheit til å sende elektronisk, kan tilvising sendast per post:
HELSE MØRE OG ROMSDAL HF Ålesund sjukehus Felles inntaksnemnd ved Fysikalsk medisin og rehabilitering 6026 Ålesund
Transport til staden:
Kvernberget lufthavn i Kristiansund er næraste flyplass. Derifrå blir det buss og drosje til Aure.
Det er dagleg bussruter frå Kristiansund og Trondheim. Bussen stoppar i sentrum, ca 3 km frå Aure rehabiliteringssenter. Du kan bestille drosje frå Aure taxi 99 11 66 90
Ved inn- og utskriving dekker Pasientreiser den rimlegaste reisemåten. Ved reise med offentleg transport eller skyss av pårørande, kan du søke om refusjon av reiseutgifter på nett. Vi har også skjema i resepsjonen. Hugs å ta vare på kvitteringane.