Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Kvinne og mann som trener med strikk i lag med fysioteapeut

Kliniske støttefunksjonar Ålesund

Vi tilbyr ergoterapi og fysioterapi til inneliggande og polikliniske pasientar ved dei fleste somatiske avdelingane ved sjukehuset. Vi samarbeidar tett med dei ulike yrkesgruppene ved avdelingane.  Vi har også utlån av hjelpmidlar mens du er på sjukhuset.

Seksjonsleiar: Bente Marit Borhaug

Seksjonen har fysioterapeutar, turnuskandidatar (fysioterapi), ergoterapeutar og  assistentar.

Fysioterapi tar utgangspunkt i mennesket sine ressursar og stimulerer til ansvar og eigenmeistring. Optimal funksjon og bevegelsesglede er sentrale mål for fysioterapeutars yrkesutøving. Fysioterapi er eit tilbod til enkeltpersonar og grupper av pasientar der siktemålet er å betre og halde ved like funksjon og hindre eller kompensere for funksjonssvikt.

Fysioterapeutane arbeider ikkje på bakgrunn av diagnose, men ut frå funksjon og problemstilling. Det er difor ikkje diagnosen til den einskilde pasient som avgjer om fysioterapeutane skal koplast inn. Vi har faste fysioterapeutar knytt til barne- og ungdomsavdelinga, intensivavdelinga, kirurgisk avdeling, medisinsk avdeling, ortopedisk avdeling og revmatologisk avdeling. Utover dette kan vi koplast inn ved andre avdelingar når det er behov for det.

Fysioterapeutane samarbeidar nært med dei andre faggruppene ved sjukehuset. Vi er med i kartlegging og diagnostisering av pasientar. Vår oppgåve er å kartlegge funksjonsevna og kva for ressursar pasientane har for å betre funksjon og eigenmeistring. I dette arbeidet brukar vi ulike metodar, til dømes funksjonstestar, kartlegging av bevegelsesbegrensningar og smerte, samt analyse av livssituasjon.

Vi kartlegg funksjonsevne og set i verk tiltak i forhold til det. Tiltaka kan omfatte øvingsterapi, funksjonstrening, rådgiving, rettleiing og opplæring. Det bidrar til betre meistring og motiverar til gode arbeidsmåtar og levevanar. Vi tilviser til ulike samarbeidspartnarar for vidare behandling dersom vi finn det nødvendig.

Målet med behandling hos ergoterapeut er å meistre daglege aktivitetar.

Undersøkingar ved ergoterapiseksjonen er ofte ein del av det tverrfaglege diagnostiske arbeidet ved den einskilde avdeling. Den er basert på observasjon og utprøving av aktivitetar, samtaler og testar.

Valg av behandlingstiltak vil avhenge av problemstilling og kompleksitet. Aktuelle tiltak kan være trening, tilpasning og tilrettelegging for aktivitet, planlegging, utforming og tilrettelegging av omgivelser. Trening skjer ved bruk av ulike aktivitetar som fremjar grunnleggande funksjonar. Eksempel på slike funksjonar kan vere balanse, handfunksjon, berøringssans, evne til problemløysing og sjølvinnsikt.

Vi kan også hjelpe til med å søke om hjelpemidler, og vi lagar og tilpassar ortoser/skinner.

Ergoterapeutane arbeider ikkje på bakgrunn av diagnose i seg sjølv, men ut frå funksjon og problemstilling. Det er difor ikkje diagnosen til den einskilde pasient som avgjer om ergoterapeutane skal koplast inn.

Vi har faste ergoterapeutar knytt til medisinsk avdeling, ortopedisk avdeling og revmatologisk avdeling. Utover dette kan vi koplast inn ved andre avdelingar når det er behov for det.

Samarbeid, rådgjeving og rettleiing til kommunehelsetenesta er sentralt ved overføring og oppfølging av tiltak.

Intern utlånsentral har ansvaret for at sjukehuset har hjelpemidlar til utlån til inneliggande pasientar.
Tilgjengelige hjelpemidlar for utlån til inneliggande pasientar er:

  • Rullestolar med nødvendig utstyr
  • Rullatorar
  • Preikestolar

Etter bruk, eller når pasienten utskrives frå sjukehuset, skal hjelpemidlane returnerast til oss. Vi har nokre hjelpemidlar for salg. Dette gjeld krykker, ispiggar, tigergrep, gripetenger og strømpepåtrekkarar.

Tilvising:

Tilvising skal i hovudsak skje via behandlande lege ved sjukehuset her, eller frå andre sjukehus i landet. Ved tilvising frå primærhelsetenesta skal dette gjerast via fastlegen.

Kontakt

Telefon

Ekspedisjonen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i underetasjen i hovudbygget. Lokala våre er store og trivlege med treningssal, gymsal, treningskjøkken og ulike behandlingsrom. Behandlinga skjer både her og på sengepostane.

Kurs og møter

  • Håndartrose - Ålesund
    Revmatologi. Månadleg gruppetilbod for pasientar vurdert ved ortopedisk eller revmatologisk poliklinikk.
    Håndartrose - Ålesund
    2.
    september
    2024
    4 dagar