Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Avdeling for psykisk helsevern barn og unge

Avdelinga gir tilbod til barn og ungdom frå 0 til 18 år. Vi skal vere med på å leggje til rette for at personar som har problem med tankar, kjensler og atferd skal få eit godt heilskapleg tilbod. Dette inneber også å leggje vekt på dei positive sidene med barnet/ungdomen. Tilboda er tverrfaglege og vi legg stor vekt på deltaking frå pårørande og andre viktige personar for pasienten der dette kan vere til nytte.

Avdelinga er ein del av Klinikk for psykisk helse og rus i Helse Møre og Romsdal. 

Avdelinga har fem seksjonar: 
- BUP poliklinikk Kristiansund
- BUP poliklinikk Molde
- BUP poliklinikk Ålesund
- BUP poliklinikk Volda
- Døgnseksjon PHBU (Psykisk helsevern barn og unge) 
          - Akutt- og utgreiingseining lokalisert på Åse i Ålesund
          - Familieeining lokalisert ved Knausensenteret i Molde 

Meir informasjon finn du på nettsidene til dei ulike seksjonane.

Avdelingssjef: Jenny Raftevold Lyngstad

 

Barn og unges helseteneste
Gjenom satsinga barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal samarbeider brukarar av tenestene, fastlegar, fagfolk i kommunale tenester og spesialisthelsetenesten om å utvikle samhandlingsforløp for born og unge. Verktøyet er delt inn i sju forløp for dei vanlegste psykiske helseplager born og unge kan ha.
Les meir om barn og unges helseteneste

Barneblikk

Barneblikk skal utvikle familieteam for tettare oppfølging av gravide og familiar med barn i førskulealder der ein av dei vaksne har problem med rus eller har psykiske vanskar. Les meir om Barneblikk

Kontakt

Telefon

Måndag - fredag kl 08:00 - 16:00

Postadresse

Helse Møre og Romsdal
Avd. for psykisk helsevern barn og unge
Postboks 1600
6026 Ålesund

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Avdelingssjef har kontor ved BUP poliklinikk Ålesund.

Ingen henvisingar skal sendast til avdeling, men til den aktuelle seksjon (BUP).

Kurs og møter

Nyheiter