Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

DPS poliklinikk Ålesund

Poliklinikken tilbyr utgreiing og behandling til menneske som har moderate til alvorlege psykiske lidingar. Med bakgrunn i tilvisinga så vil del fleste pasientar få tilbod om helsehjelp her. Pasientar med til dømes mindre lidingar kan ha god nytte av å heller møte fastlegen, kommunal psykolog eller kommunalt helseteam. Opptaksområdet vårt er kommunane Giske, Haram, Hareid, Norddal, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven, Ørskog og Ålesund. Behandlinga kan vere ulike former for samtaleterapi individuelt eller i grupper, og eventuelt medikamentell behandling. Poliklinikken har blant anna kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, korttids- og langtids gruppebehandling og medikamentell behandling.

Vi samarbeider med fastlegar, NAV og andre relevante instansar der det er behov for det.

I tillegg til ordinær poliklinikk har vi eit fylkesdekkande behandlingstilbod for pasientar med tvangslidingar (OCD). OCD-teamet held til i poliklinikken ved DPS Molde.

Tilvisingar

Tilvisingane til oss kjem i hovudsak frå fastlege. Alle tilvisingar blir vurdert i inntaksteam fortløpende. Pasienten sin helsetilstand blir først og fremst vurdert ut frå opplysingane i tilvisinga, og difor er det viktig at denne inneheld relevante opplysingar om sjukehistorie, symptom, og forsøk på behandling.

Innan ti arbeidsdagar frå vi har fått tilvisinga skal vi ha vurdert den og sendt svar til pasienten med vår vurdering og eventuelt tidspunkt for behandling.

Sjekkliste for tilvising:

  • Aktuelle symptom
  • Aktuell funksjonsskildring 
  • Aktuelle kartleggingar/testar (eksempelvis MADRS)
  • Kva behandling/oppfølging er gitt fram til no, og effekt så langt? 
  • Tidlegare psykiske helseplager
  • Kjente psykiske helseplager i nær familie
  • Somatisk status 
  • Medisinar (dato for siste endringar, og serumkonsentrasjon)
  • Eventuell rusmiddel/legemiddelavhengigheit 
  • Cave 
  • Omsorg for barn
  • Nettverk 
  • Pasienten sin motivasjon for behandling


Ved behov for akutt hjelp kan du kontakte vårt ambulante akutteam.

Allmennteama

Allmennteama tilbyr utgreiing og behandling til menneske over 18 år. Vi diagnostiserer og gir råd om vidare handtering, anten det er tilbakeføring etter den første utgreiingsfasen eller vidare behandling i poliklinikken. Vi lagar då individuelle behandlingsavtalar der mål, behandlingstype og lengd blir fastsette. Gjennom dette inviterer vi pasienten til å vere aktiv deltakar i sin eigen behandlingsprosess.

Pasienten sine mål kan mellom anna vere å oppnå: 

  • symptomlette
  • auka innsikt i eigne problem og eigen sjukdom
  • betre meistringsevne, livskvalitet og/eller auka funksjonsnivå

Tilbodet inneheld mellom anna:

  • medikamentell behandling
  • individuelle samtalar med ulike typar psykoterapi
  • par- og familieterapi
  • samarbeid med fastlege, sosialteneste og liknande (førstelinja) gjennom ansvarsgrupper, teamreiser, telefonkontakt m.m.

Når pasienten sitt behov for opplegg endrar seg, vil vi i samråd med pasienten søkje vedkomande til rett tilbod.

Rusteamet

Vurderingsinstans

Rusteamet er ein tverrfagleg spesialisert vurderingsinstans i samarbeid med Rusbehandlig Midt-Norge, og skal:

  • Vurdere om pasientar som blir tilviste, har rett til spesialiserte tenester.
  • Fastsetje frist for når ein seinast kan gi slik helsehjelp (behandlingsgarantidato).
  • Vurdere behandlingstype (poliklinisk eller døgnopphald, korttidsopphald/langtidsopphald).

Rusteamet kan også tilrå eigna behandlingsstad.

Poliklinisk behandling

Rusteamet tilbyr poliklinisk behandling til menneske over 15 år, som opplev eigen eller andre sin rusmiddelbruk som problematisk. Det kan vere misbruk av alkohol, medikament, illegale narkotiske stoff eller andre rusmiddel.

Målet for denne delen av arbeidet vårt er å gi eit individuelt tilpassa behandlingstilbod, som kan medverke til at pasienten meistrar rusproblema og dei psykiske lidingane sine, og at både livskvaliteten og funksjonsnivået dermed vert betre. 

Tilbodet kan inkludere individuelle samtalar, gruppeterapi og samarbeid med aktuelle instansar. Vi gir også råd og rettleiing til andre delar av hjelpeapparatet, og driv også med rusførebyggjande arbeid blant born og ungdom.

Teamet har eigen overlege og psykologspesialist. Personalgruppa er  tverrfagleg samansett.

Gruppebehandlingsteamet

Gruppebehandlingsteamet har tilbud om både kurs og gruppeterapi til menneske over 18 år med psykiske problem. Sjå meir om dei ulike tilboda under.

I gruppeterapi kan pasientane medverke mykje til kvarandre sine betringsprosessar. Særleg i samhandling med andre er det mogleg å få betre innsikt i sin eigne mønster, og å arbeide med å fungere betre mellommenneskeleg.

Gruppebehandlingsteamet i Ålesund er tilknytt Nettverk for Personlighetsforstyrrelser (klinisk forskningssamarbeid mellom behandlingsenheter).

Før du kan bli deltakar:

Du må ha tilvisning frå lege eller behandlar i spesialisthelsetenesta for å delta i gruppebehandling. Før oppstart i gruppe eller kurs vil det bli gjennomført ein eller fleire samtaler for å vurdere om tilbodet er rett for deg no.     

 

Dei ulike gruppebehandlingstilboda:

Pedagogisk traumegruppe 
Målgruppe: Personar som har diagnose PTSD, og personar som har erkjende traumeerfaringar utan nødvendigvis å ha fylt kriteria for ei PTSD-diagnose.

Målsetting:

  • Stabilisering og meistring av ferdigheiter, ikkje bearbeiding av traumeminner.
  • Gi reiskap til å handtere dei symptoma ein har gjennom auka forståing for effekten av traumet på dagleg fungering.
  • Dette kan være første fase før en eventuelt vidare traumebearbeiding, for eksempel gjennom EMDR-behandling.

Tilnærming og metode: Pedagogisk gruppe med undervisning og øvingar med heimeoppgåver. Dette er ikkje ei samtaleterapigruppe, men i gruppa kan ein likevel utveksle eigne erfaringar som døme på dei tema det vert undervist om.

Rammer: Gruppene varer i 2 timer og møtast ein fast dag i veka i 10 veker. 
8 deltakarer.

Tilvisning: Du må ha tilknyting til ein behandlar her i poliklinikken for å delta. Det er din behandlar som tilviser deg til gruppa, og fylgjer deg opp gjennom individuelle samtalar gjennom den perioden kurset varar.

Link til utskriftsvennlig brosjyre Pedagogisk traumegruppe.

 

Kognitiv leveregelgruppe
Målgruppe:  Personar med interesse for kognitiv arbeidsmetode, som ønsker å endre uhensiktsmessige mønster i livet sitt
Målsetting:

  • Å forstå sammenhengen mellom tidligere erfaringer og uhensiktsmessige reaksjonsmåtar i dag

Tilnærming og metode: leveregel-/skjemafokusert kognitiv terapi utvikla av Jefferey Young. Kombinasjon mellom kognitive og psykoanalytiske metodar

Rammer: Gruppene varer 2 timer og møtast ein fast dag i veka i 17 veker.
Max 8 gruppedeltakarar.

Det vert igangsett grupper når det er påmeldt mange nok deltakarar (3-4 gongar i året)

Lenke til utskriftsvennlig brosjyre kognitiv leveregelgruppe

 

Mentaliseringsbasert pedagogisk gruppe
Målgruppe:  Personar med svekka mentaliseringsevne, dvs svekka evne til å forstå sine eigne og andre sine følelsar, tankar og motiv.
Målsetting: 
• Auke forståinga både for seg sjølv og andre i den personlige samhandlinga.

Tilnærming og metode: Pedagogisk gruppe med undervisning og øvingar med heimeoppgåver. Dette er ikkje ei samtaleterapigruppe, men i gruppa kan ein likevel utveksle eigne erfaringar som døme på dei tema det vert undervist om.

Rammer: Gruppene varer i 2 timer og møtast ein fast dag i veka i 6 veker. 
10-12 deltakarar.

Gruppa går vanlegvis to gongar i året, haust og vår. (PS: Ikkje haust -23).

Lenke til utskriftsvennlig brosjyre Mentaliseringsbasert pedagogisk gruppe

 

Personar med bipolar lidelse

Målgruppe: Personar med diagnose innanfor bipolarspekteret, og deira pårørande.

Målsetting: 

  • Betre sjukdomsforståing.
  • Kunnskap om tiltak for å førebygge nye sjukdomsepisodar.

Tema: 

  • I kurset vil det bli ei veksling mellom undervisning og drøfting - fast agenda på kvart møte.

Rammer: Gruppene varer 2 timer og møtast ein fast dag i veka i 8 veker med 
14 til 18 gruppedeltakarar. Det blir arrangert ein kursdag for pårørande i etterkant av pasientkurset.

Gruppa går to gongar i året, haust og vår.

Lenke til utskriftsvennlig brosjyre bipolar lidelse 

 

Mentaliseringsbasert psykoterapigruppe
Målgruppe: Personar med diagnosen emosjonelt ustabil personlegheitsforstyrring (PF), der anna behandling ikkje har ført til godt nok resultat. Personar med PF som strevar med mentalisering og i forholdet til andre menneske, men som ikkje har diagnosen emosjonelt ustabil PF, kan og vurderast for deltaking i gruppa.
Aldersgruppa 20–30 år vil bli prioritert.

Målsetting:  

  • Redusere symptomer og plager
  • Auke generelt funksjonsnivå
  • Betre sjølvkjensle
  • Betre forholdet til andre mennesker
  • Betre kontroll og kontakt med kjensler
  • Betre sjølvinnsikt

Tilnærming og metode:  Mentaliseringsbasert gruppeterapi kombinert med individuelle samtaler.

Rammer:  Gruppene varer 1½ time og møtast ein fast dag i veka. Den er «slow open», dvs. at ho er ikkje tidsavgrensa og tek inn nye medlemmar når nokon sluttar.

Vanleg behandlingstid er 18 månader. 8 gruppedeltakarar. 

Lenke til utskriftsvennlig brosjyre Mentaliseringsbasert psykoterapigruppe

 

Bildeterapigruppe
Målgruppe:  Personar med psykiske lidingar (individuell tilnærming bør vere prøvd først).

Målsetting: Å få hjelp til å formidle tankar og kjensler gjennom å lage bilete og andre kreative uttrykksformer, og å bearbeide desse.

Redusere symptom og opne opp for personleg vekst og utvikling.

Bileta kan hjelpe ein til å nærme seg det som er vanskeleg å snakke om.

Den kreative prosessen er heilande, styrker motet, gir glede og håp.

Tilnærming og metode: 

  • Deltakarane kan uttrykke seg gjennom teikning, maling, leire, gips, plastelina, papir, collage, tekstilar og ord. 
  • Bildeterapi handlar om relasjonen mellom kunstuttrykk, pasient, terapeut og gruppa.

Rammer:  Gruppene varer 2 timer og møtast fast ein dag i veka. Den er «slow open», dvs at ho er ikkje tidsavgrensa og tek inn nye medlemmar når nokon sluttar.
6-8 gruppedeltakarar.

Lenke til utskriftsvennlig brosjyre billedterapigruppe

 

Analytisk psykoterapigruppe
Målgruppe: Personar som slit med kjennslemessige konfliktar i mellommenneskelege relasjonar, der dette fører til angst, depresjon, fortviling, åtferdsproblem, kroppslege smertetilstander og liknande.

Målsetting: 

  • Fremme betre sjølvforståing og å etablere betre løysingar på kjennslemessige og relasjonelle problem.
  • Gjennom dette arbeidet er målet å redusere symptom og opne opp for personleg vekst og utvikling.

Tilnærming og metode:

  • Behandlingstilnærminga tek utgangspunkt i at mennesket alltid lever som eit knutepunkt i eit nettverk av relasjonar som påverkar kvarandre gjensidig.
  • Gruppa blir som ein slags minimodell av samfunnet.
  • Ved å dele personlege erfaringar, tankar og kjennsler med kvarandre, gjennom responsen frå dei andre gruppemedlemma og terapeuten, vil ein gradvis forstå og meistre ulike sider ved seg sjøl og i forhold til andre mennesker.

Rammer: Gruppene varer 1 ½ time og møtast ein fast dag ein gong i veka.
Den er «slow open», dvs at ho er ikkje tidsavgrensa og tek inn nye medlemmar når nokon sluttar.
Deltakarane må forplikte seg til å vere med i minimun 1 år, maksimum varigheit på deltaking i psykoterapeutisk gruppe er 3 år.
8 gruppedeltakarar.

Lenke til utskriftsvennlig brosjyre Analytisk psykoterapigruppe

 

Korttids analytisk psykoterapigruppe
Målgruppe: 
Menneske som slit med kjenslemessige konfliktar i mellommenneskelege relasjonar, der dette fører til angst, depresjon, fortviling, åtferdsproblem, kroppslege smertetilstandar og liknande.
Målsetting:
Gruppeanalyse er ei behandlings-form som har som mål å fremme betre sjølvforståing og å etablere betre løysingar på kjenslemessige og relasjonelle problem. Gjennom dette arbeidet er målet å redusere symptom og opne opp for personleg vekst og utvikling.
Tilnærming og metode:
Denne type gruppe er ei tidsavgrensa analytisk psykoterapigruppe. Behandlinga er fokusert på avgrensa problem, for eksempel uhensiktsmessige interpersonlege relasjonsmønstre, som ofte vil kome til uttrykk i forholdet mellom deltakarane i gruppa, og gjere arbeid i «her-og-no» modus muleg. 
 
Ved å dele personlege erfaringar, tankar og kjensler med kvarandre, gjennom responsen frå dei andre gruppemedlemmene og terapeuten, vil ein gradvis forstå og meistre ulike sider ved seg sjølv  og sitt forhold til andre menneske.
 
Rammer:
Behandlinga omfattar 25 sesjonar à 90 minutt, og alle starter og avslutter samtidig. Gruppa møtast til faste tider ein gong i veka. 8 deltakarar.
 
Tilvisning:
Du må ha tilvising frå fastlege for å delta i gruppebehandling i spesialisthelsetenesta.
 
Eksklusjonskriterier:
Pasientar som har alvorleg depresjon. Gruppa er ikkje eigna som traumebehandling av PTSD. Det same gjeld pasientar som har hovuddiagnose innan rusmiddelmisbruk.
Erfaring viser også at bruk av vanedannande medikament i stor grad reduserer utbyttet av terapien. 

Lenke til utskriftsvennlig brosjyre Korttids analytisk psykoterapigruppe.

 

Gruppekurs for personer med ADHD og deira pårørande
Målgruppe:  Vaksne med ADHD og deira pårørande.

Målsetting: På dette kurset lærer du meir om ADHD, og kva ein kan gjere for å betre handtere dei utfordringar som ADHD kan medføre i kvardagen. Du får også møte andre i same situasjon, og kan dele erfaringar og få råd frå andre.

Tema:

  • ADHD hos vaksne – en introduksjon
  • Medikamentell- og psykologisk behandling av ADHD
  • Livsstilsfaktorar og ADHD
  • Strategiar og kognitiv støtte i kvardagen
  • ADHD og relasjonar
  • ADHD i arbeidslivet
  • Støtte og tilbod frå samfunnet

Tilnærming/metode:
Undervisning om dei ulike tema.
Det vil også vere tid til diskusjon og utveksling av erfaringar mellom deltakarane.

Rammer: Gruppene går over to heile kursdagar på dagtid. 
Maks 20 deltakarar som kan ta med ein pårørande kvar. 

Gruppa går to gonger i året, haust og vår.

Lenke til utskriftsvennlig brosjyre Gruppekurs for personer med ADHD og deira pårørande

 

Gruppereglar
Konfidensialitet (teieplikt):
Det er svært viktig at ting det vert snakka om i gruppa ikkje vert       fortalt utanfor gruppa. Du kan sjølvsagt ønske å snakke om viktige ting med personar som står deg nær, men det er viktig at det ikkje vert nevnt namn og heller ikkje spesiell informasjon som kan identifisere andre personar i gruppa. Vår erfaring er at det svært sjeldan skjer brot på teieplikta i terapigrupper.

Oppmøte til rett tid:
Du vil sjølv merke at gruppa fungerer best når alle er tilstades og møter presis. Viss det av ein eller annan grunn ikkje er mogleg for deg å kome til gruppemøtet, gi beskjed i god tid på førehand slik at gruppa slepp å sitte og vente på deg!

Sosialisering med gruppemedlemmene:
Å ha sosial kontakt med gruppemedlemmene utanom terapitida vil lett føre til at du utviklar spesielle forhold som det blir vanskeleg for deg å vere åpen om i gruppa, og vil derfor virke som eit hinder på di utforsking av forholdet til dei andre. Derfor blir du tilrådd å avstå frå kontakt med andre gruppemedlemmer i fritida. I den grad du likevel har slik kontakt, er det viktig å snakke om det i gruppa.

Rusmidlar:
Når du er påvirka av rusmidlar vil du i større eller mindre grad endre deg som person, og vil ha ein endra måte å forhalde deg til deg sjølv og andre på. Dette vil vere forstyrrande for andre, og vil heller ikkje gi deg utbytte av behandlinga. Du vert vanlegvis beden om å gå heim dersom du er påvirka.

Fråver i gruppebehandling:
Viss du av ein eller annan grunn er borte frå gruppebehandlinga, ønskjer vi at du gir beskjed til ekspedisjonen. Dette er viktig fordi då veit terapeutane om det er noko spesielt som trengs å bli gjort. For gruppa er det viktig fordi tomme stolar utan at dei andre veit kvifor, som oftast skaper litt uro og unødvendig bekymring. Når du gir beskjed om fråver, slepp du også å betale eigendelen.

Eigenandel:
Du betaler ein eigenandel opp til frikort som ved eit anna poliklinisk besøk.

Kontakt

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
DPS poliklinikk Ålesund
Postboks 1600
6026 ÅLESUND

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Geilebergvegen 20

Kurs og møter

  • Analytisk psykoterapigruppe - Ålesund
    Tilbod for menneske som slit med kjenslemessige konflikter i mellommenneskelige relasjonar, der dette fører til angst, depresjon eller andre psykiske symptom.
    Analytisk psykoterapigruppe - Ålesund
    Dato kjem
  • Billedterapigruppe - Ålesund
    For personar med psykiske problem som slit med å sette ord på vanskelege tankar og kjensler.
    Billedterapigruppe - Ålesund
    Dato kjem
  • Bipolar liding - Ålesund
    Deltakarane må ha diagnosen bipolar lidelse type I eller II.
    Bipolar liding - Ålesund
    Dato kjem