Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

DPS poliklinikk Volda

Poliklinikken tilbyr utgreiing og behandling til menneske som har moderate til alvorlege psykiske lidingar. Med bakgrunn i tilvisinga så vil dei fleste pasientar få tilbod om helsehjelp her. Pasientar med til dømes mindre lidingar kan ha god nytte av å heller møte fastlegen, kommunal psykolog eller kommunalt helseteam. Behandlinga kan vere ulike former for samtaleterapi individuelt eller i grupper, og eventuelt medikamentell behandling.

Poliklinikken har mellom anna kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, EMDR, korttids- og langtids gruppebehandling og medikamentell behandling.

Vi samarbeider med fastlegar, NAV og andre relevante instansar der det er behov for det.

I tillegg til ordinær poliklinikk har vi eit fylkesdekkande behandlingstilbod for pasientar med tvangslidingar (OCD). OCD-teamet held til i poliklinikken ved DPS Molde.

Tilvising

Tilvisingane til oss kjem i hovudsak frå fastlege. Alle tilvisingar blir vurdert i inntaksteam fortløpande. Pasienten sin helsetilstand blir først og fremst vurdert ut frå opplysingane i tilvisinga, og difor er det viktig at denne inneheld relevante opplysingar om sjukehistorie, symptom og forsøk på behandling.

Innan ti arbeidsdagar frå vi har fått tilvisinga skal vi ha vurdert den og sendt svar til pasienten med vår vurdering og eventuelt tidspunkt for behandling.

Sjekkliste for tilvising:

  • Aktuelle symptom.
  • Aktuell funksjonsskildring.
  • Aktuelle kartleggingar/testar (eksempelvis MADRS).
    - Kva behandling/oppfølging er gitt fram til no, og effekt så langt?
    - Tidlegare psykiske helseplager.
    - Kjente psykiske helseplager i nær familie.
    - Somatisk status.
    - Medisinar (dato for siste endringar, og serumkonsentrasjon).
    - Eventuell rusmiddel-/legemiddelavhengigheit.
    - Cave.
    - Omsorg for barn.
    - Nettverk.
    - Pasienten sin motivasjon for behandling.


Ved behov for akutt hjelp kan du kontakte vårt ambulante akutteam.

Poliklinikken samarbeider nært med DPS døgnseksjonar og ambulante seksjonar i foretaket, og skal videre bistå kommunehelsetenesta med vegleiing og kompetanseutvikling. Vi har fokus på gruppebehandling og samarbeid med det somatiske tilbodet, samt behandling av rus- og avhengigheitstilstandar.

Utgreiing

Utgreiing skjer gjennom samtalar og ulike former for kartleggingsverktøy. Behov for dette vert vurdert individuelt.

Behandling

Behandling skjer ved samtalebehandling og gruppebehandling.

Det vert nytta ulike terapiformer som mellom anna:

  • kognitiv terapi
  • psykodynamisk terapi
  • EMDR

Poliklinikken gir også tilbod om vurdering av medikament og elektrosjokk-behandling (ECT).

Gruppetilbod ved poliklinikken

- Dialektisk atferdsterapi (DBT).

- Psykoterapigruppe for ADHD-pasientar.

- Pagasuskurs for ADHD-pasientar.

- Kroppsorientert gruppe (frå haust -24).

Opningstid
Poliklinikken er open frå måndag til fredag kl 08.00 - 15.30.

Tilvising
Det skal nyttast ordinær søknad ved tilvising.

Lokalisering
Poliklinikken er lokalisert ved sjukehusbygninga. Inngangen er på vestsida av bygget, rett inn frå parkeringsplassen. Du finn oss i 2. etasje.

Busstopp
Bussen stoppar like ved hovudinngangen til Volda sjukehus.

Drosje/pasienttransport
Dersom du på grunn av helsa di ikkje kan nytte rutegåande transport til sjukehuset, kan du be om rekvisisjon til pasienttransport hos fastlegen eller behandlaren din. Du finn meir informasjon om dette på pasienttransport.no.

Parkering
Parkeringa som er nærast poliklinikken finn du rett utanfor inngangen, eller du kan parkere på andre stadar i sjukehusområdet. Det er innført parkeringsavgift også ved Volda sjukehus.

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Postadresse

DPS Volda poliklinikk, Helse Møre og Romsdal HF, Volda sjukehus, Boks 113, 6102 Volda

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Poliklinikken finn du i eige bygg på vestsida av Volda sjukehus. I andre etasje på DPS-bygget for vaksne.

Kurs og møter

  • ADHD (Psykoterapi) - Volda
    Ferdigheitstrening (psykoterapi) for vaksne som har diagosen ADHD.
    ADHD (Psykoterapi) - Volda
    Dato kjem
  • Dialektisk atferdsterapi (DBT) - Volda
    For personar med emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring.
    Dialektisk atferdsterapi (DBT) - Volda
    Dato kjem
  • Kroppsorientert gruppe - Volda
    Ope for pasientar som nyttar psykiatrisk poliklinikk. Pasientar i alle aldrar som har motivasjon for og evner/tåler å kjenne etter i kroppen.
    Kroppsorientert gruppe - Volda
    Dato kjem