Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Diagnose

ADHD hos barn og unge

Ved mistanke om ADHD hos deg som er barn/ungdom, kan foreldre/føresette kontakte barnehagen, skulen, helsesjukepleiar eller fastlegen. Eller desse tek kontakt med foreldre/føresette ved mistanke om ADHD. Dei vurderer i fellesskap om det er grunn til å gå vidare til kommunale tenester, som til dømes PPT eller fastlegen, som igjen vurderer behovet for å tilvise til spesialisthelsetenesta.

Ventetider på Velg behandlingssted (helsenorge.no)

Tilvising og vurdering

Dersom du eller nokon rundt deg lurer på om du har ADHD, kan du bestille time hos fastlegen din. Fastlegen vil snakke med deg og foreldra dine og gjere nokre undersøkingar. Dersom fastlegen trur du har ADHD, vil du bli vist vidare til ein Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) for vidare undersøkingar og eventuelt behandling.

Den som tilviser barn og unge vidare til spesialisthelsetjenesten med mistanke om ADHD, gjer desse vurderingane:

Kartlegging av barnet sin psykiske og fysiske status, identifisere utfordringar og samanhengar, vurdere og iverksetje aktuelle tiltak.

  • Grundig anamnese med vekt på utviklingshistorie inklusive tilleggsopplysningar om skulegang, eventuelt utdanning og arbeid, fritidsaktivitetar og interesser.
  • Vurdering av syn og hørsel og eventuell sjukdom eller medisinsk behandling som kan forklare vanskane.
  • Vurdering av tidlegare og aktuelle somatiske og psykiske symptom/plager/sjukdomar.
  • Vurdering av eventuelle utviklingsforstyrringar.
  • Vurdering av psykososiale belastingar.
  • Vurdering av ADHD-symptom – type, omfang og innverknad på funksjon i kvardagen.
  • Vurdering av andre relevante forhold, til dømes om barnet har lærevanskar, om det er gjennomført psykologiske og/eller pedagogiske testar eller andre observasjonar.

Den som mottek tilvisinga har ansvar for å:

  • Innhente samtykke for samarbeid
  • Avklare og inkludere aktuelle aktørar
  • Fordele ansvar og oppgåver
  • Utarbeide utgreiingsplan

Utgreiing

ADHD hender ofte saman med andre psykiske lidingar, og derfor blir det gjennomført ei brei utgreiing i BUP. For å gi deg rett diagnose og dermed behandlinga som passar deg best, snakkar BUP med deg og dine føresette om mange ulike område i livet, som korleis du tenker og kjenner, om du har nokre andre sjukdommar eller vanskar, og korleis du har det i familien, på skulen og saman med andre.

For å få ei brei forståing kan BUP avtala med deg og dine føresette at dei snakkar med andre som kjenner deg, til dømes lærarar.

Utgreiingsplanane blir laga saman med deg og dine føresette slik at dei skal passa best mogleg for deg. Utgreiingsplanen inneheld namn på behandlaren som har hovudansvar, namn på andre som skal delta i utgreiinga, lista over planlagde utgreiingar og ein hypotese på kor lang tid utgreiinga vil ta. Utgreiinga går over nokre månader, og skal gi svar på om BUP tilrår vidare behandling, og kva behandlinga i så fall skal bestå av.

Under

Dersom du får ei ADHD-diagnose, blir det laga ein behandlingsplan for deg, saman med deg, dine føresette og dei kommunale tenestene. Denne planen skal vere konkret, den skal vise tiltak for møter med oss og eventuell medisinering, den skal innehalde ei tidsavgrensing, og den vil bli tilpassa deg og behova dine.

Målet med behandling av ADHD er å redusere symptom, å gjere kvardagen lettare og å avgrense tilleggsproblem. 

Psykososial behandling

Den psykososiale behandlinga inneheld ulike element. Behandlingsplanen din seier noko om kva som er mest relevant for deg.

  • Informasjon om diagnose til ungdommar, foreldre og skule
  • Rettleiing til foreldre
  • Rettleiing til skule
  • Familiesamtalar
Følgje opp eventuelle psykososiale risikofaktorar i samsvar med behandlingsplanen

Medikamentell behandling

I behandling av ADHD er det viktig å leggje godt tilrette i heimen og på skulen, men medisinering kan vere ein effektiv tilleggsbehandling for mange. Den vanlegaste behandlinga er såkalla sentralstimulerande medisin, som til dømes Ritalin og Concerta.

Du som pasient og dine pårørande kan bruke tid saman med legen til å finne ut om medikamentell behandling er aktuelt, og i så fall kva for medisinar som vil fungere best for akkurat deg. Det er pasientansvarleg lege som har ansvar for organisering av utprøvinga.

Om du ønskjer medikamentell behandling er det vanleg å gjennomføre ei systematisk utprøving over nokre veker med varierte dosar og daglege notatar/sjekklister om effektar og biverknader.

Når fast medisinering har fungert greit ei viss tid, kan spesialist og fastlege avtale at medisinkontrollane blir overført til fastlegen.

Kosthald

Diettar skal berre følgjast når det er gode grunnar for det. Ein diett eller kosthaldsplan blir sett opp for deg dersom det er behov.
ADHD kan inntreffe saman med andre psykiske lidingar (komorbiditet).


Oppfølging

BUP samanfattar og evaluerer behandlinga. Du og dine føresette får informasjon og opplæring, og etter avtale kan informasjon og opplæring også bli gitt til barnehage, skule, PPT og eventuelt barnevernstjenesten. Ved avslutning skriv BUP eit samandrag (epikrise) av det som gjeld for deg, og sender denne til fastlegen eller andre som har vist deg til oss. Det er fastlegen din som har ansvaret for den vidare oppfølginga.

Relevante lenker:

ADHD Norge (adhdnorge.no)

Nasjonale retningslinje (helsedirektoratet.no)

Veileder for multiaksial klassifikasjon i psykisk helsevern for barn og unge (legeforeningen.no)

Kontakt

Nyheiter

    Kurs