Diagnose
Crohns sjukdom ved Ålesund sjukehus
Crohns sjukdom er ein kronisk tarmsjukdom som kan gi alvorlege komplikasjonar. Legemiddel kan halde symptoma i sjakk, men mange treng kirurgisk behandling.
Symptom
Ved Crohns sjukdom får pasienten flekkvis betennelse i tarmen. Sjukdommen kan gi betennelse i heile tarmsystemet, frå munn til endetarmen. Dei vanlegaste symptoma er diaré og magesmerter, men sjukdommen kan gi varierande grad av plagar og er mange gonger vanskeleg å påvise. Nokon har hatt ulike mageplagar i lang tid før dei kontaktar lege, andre får akutte plagar. Hos dei aller fleste kan ein stille diagnosen med koloskopi.
Dersom ein har Crohns sjukdom i tarmen og symptom som diare, magesmerter og vekttap, er det i dei fleste tilfelle behov for behandling med medisinar. Behandlinga har som mål å hemme betennelsen, hindre tilbakefall og forhindre langtidsskade av tarmen. Ved manglande effekt av medisinar eller ved sjukdomskomplikasjonar er kirurgisk behandling nødvendig.
Sjukdommen krev livslang oppfølging. Pasientar med ukomplisert sjukdom kan bli følgd opp av primærhelsetenesta, men pasientar med stadige tilbakefall med betennelse og komplikasjonar bør følgjast opp ved sjukehuset. Målet med oppfølginga er å vurdere effekt av behandling samt å påvise og behandle tilbakefall og komplikasjonar.
Tilvising og vurdering
Pasientens fastlege eller privatspesialiserande spesialist i mage-tarmsjukdommar tilviser pasienten til sjukehuset for utgreiing og / eller behandling av mistenkt Crohns sjukdom.
Utredning
På sjukehuset går ein på ny gjennom sjukehistoria og ny kroppsundersøking, og tidlegare undersøkingar blir gjennomgått saman med pasienten. Manglande opplysningar blir innhenta og manglande undersøkingar blir bestilt. Nokon gonger vil undersøkingar planleggjast før ein oppsummerande samtale.
Ved diagnostisering av sjukdommen og for å følgje med om behandlinga har effekt, bruker ein fleire ulike testar. Det viktigaste verktøyet er endoskopiske undersøkingar. Dei fleste av pasientane med Crohns sjukdom (90 prosent) får påvist sjukdommen ved koloskopi.
For dei som har Crohns sjukdom i øvre deler av mage-tarmkanalen, er det nødvendig med ei eller fleire supplerande undersøkingar. Det blir brukt både MR og ultralyd, men også ulike andre endoskopiske undersøkingar.
Aktuelle undersøkingar
- Avføringsprøvar: Infeksjonar utelukkast og fekal-test kan gi mistanke om betennelse i tarmen.
- Koloskopi kan brukast for å undersøkje tykktarmen og siste del av tynntarmen.
- Gastroskopi brukast for å sjå etter sjukdom i matrøyr og magesekk.
- Ultralyd av magen kan brukast for å sjå på magesekk, tynntarm og tykktarm.
- MR tynntarm brukast for å sjå etter sjukdom i tynntarm.
- Kapselendoskopi brukast for å sjå etter sjukdom i tynntarm.
Ventetid
Ventetiden for utgreiing kan variere frå ei veke til nokre månader, og det kjem an på korleis symptoma er og kor alvorleg tilvisande lege vurderer tilstanden. I sjeldne tilfelle blir pasientane innlagt for utgreiing dersom allmenntilstanden er veldig dårleg.
Hos dei fleste av pasientane er sjukdommen lokalisert i tykktarm og/eller siste del av tynntarmen. Hos desse vil ein kunne stille diagnosen dersom ein ser sår og betennelse, men nokon gonger må vi vente på svar frå vevsprøvane som blir tatt under undersøkinga. Det tar vanlegvis nokon veker å få svaret på.
Hos pasientar med sjukdom i øvrige deler av mage-tarmkanalen eller lite funn, kan det vere vanskelegare å setje diagnosen då eit vanleg magesår eller magekatarr av og til kan likne på Crohns sjukdom. Vi brukar då gastroskopi, ultralyd tarm, MR tynntarm og kapselendoskopi for å finne diagnosen, men ofte må ein eller fleire av desse undersøkingane kombinerast før ein er sikker.
Etter at diagnosen er stilt vil behandlinga som oftast starte umiddelbart, men det er avhengig av kva medikament ein har bestemt å gi.
Behandling
Hvis du har Crohns sykdom, vurderer vi nå om du skal ha behandling og eventuelt hvilken behandling som er best for deg.
Det finnes flere mulige behandlinger. Hvilken som er best for deg kan du og helsepersonell komme frem til sammen. Dette kalles samvalg. Å være med og bestemme er en rettighet du har.
- Hvilke alternativer har jeg?
- Hva er de mulige fordelene og ulempene ved disse alternativene?
- Hvor sannsynlig er det at disse fordelene og ulempene vil gjelde for meg?
Medisinsk behandling
Medisinsk behandling av Crohns sykdom har tre hovedprinsipper:
- Anfallsbehandling for å slå ned akutt og kronisk betennelse slik at pasienten får mindre plager (behandlingseffekt) eller ikke lenger har plager eller tegn til betennelse i tarmen (remisjon)
- Vedlikeholdsbehandling for å hindre tilbakefall
- Hindre komplikasjoner av sykdommen og langtidsskade av tarmen
Noen medisiner brukes bare til å slå ned betennelse, mens andre kan gis både som anfallsbehandling og vedlikeholdsbehandling.
Les mer om betennelsesdempende- og immunhemmende legemidler på helsenorge.no
Crohns sykdom er en sykdom man har hele livet og behandlingen kan derfor også være livslang. De fleste pasienter får behandlingseffekt av anfallsbehandlingen innen en uke. Det kan imidlertid ta betydelig lengre tid før man er i remisjon.
Effekten av medisiner som skal brukes over lengre tid kan ta 3 – 5 måneder, men vurderes vanligvis etter 3 måneder.
Ved utilfredsstillende effekt vil man vurdere å skifte til annen type behandling.
Kirurgisk behandling
Ved hjelp av medikamentell behandling kan de fleste oppnå kontroll med symptomene, men hos enkelte pasienter kan kirurgi være nødvendig.
Oppfølging
Oppfølginga skjer i samarbeid med fastlegen. Ved milde sjukdomstilfelle kan all vidare oppfølging gjerast av fastlegen, som tilviser til sjukehuset ved behov.
Ved meir uttalt sjukdom bør sjukehuset styre behandlinga av pasienten og ta dei inn til jamnlege kontrollar. Framleis vil fastlegen ha ei viktig rolle i oppfølginga mellom spesialistbesøk.
Kontakt
Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar Ålesund
Oppmøtestad
Poliklinikk for mage- og tarmsjukdommar er lokalisert i 4. etasje i lågblokka, på nordsida av sjukehuset. Gå til poliklinikkane, inngang nord (Åsehaugen 5A) og følg den grøne streken på veggen.
Adresse
- I dag 08:00 - 16:00
Kurs
- IBD - MoldeEit kurstilbod til deg med inflammatorisk tarmsjukdom Ulcerøs Colitt eller Morbus Crohns. Pårørande er velkome til å delta.IBD - Molde22.januar2025
- IBD-skule - ÅlesundEit kurstilbod til deg med inflammatorisk tarmsjukdom Ulcerøs Colitt eller Morbus Crohns. Pårørande er velkome til å delta.IBD-skule - Ålesund4.mars2025
- IBD - KristiansundEit kurstilbod til deg med inflammatorisk tarmsjukdom Ulcerøs Colitt eller Morbus Crohns. Pårørande er velkome til å delta.IBD - KristiansundDato kjem