Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Vedlikehald og stell av høyreapparat

Her finn du våre filmar og skildringar om vedlikehald og stell av høyreapparat.

Oppladbare høyreapparat

Oppladbare høyreapparat

  • Det er berre apparat som ligg bak øyret som kan ladast (BTE,RITE)
  • Dei ulike leverandørane har alle sine høyreapparatmodellar og ladarar
  • Ladast ein gong i døgnet (3 timar = fullada), gjerne om natta.
  • 100 % fullada = 20-24 timar brukstid avhengig av tid brukt på streaming.
  • Slår seg automatisk av når dei blir sett i ladar
  • Varierer om dei slår seg automatisk på eller om dei må slåast på av brukar. Sjå bruksanvisning for ditt apparat.
  • Teleslynge er ikkje tilgjengeleg på alle.

App-ar

  • Erstattar fjernkontroll
  • Enkel utforming
  • Justering i ulike lyttesituasjoner
  • Tilgjengeleg for både Android og iPhone
  • Følg med for oppdateringer

Reingjering

For rengjering kan du sjå film eller skildring for din type høyreapparat på denne sida. 

Tørkeboks

Dei fleste ladarane har ein tørkefunksjon. Apparata varmast opp når dei ladar og tørka dermed. 

BTE høyreapparat

Bak øyret høyreapparat

Skifte slange

Dersom slangen er hard eller gul må den bytast, då dette har betyding for lyden. Slangen bør bytast ca. kvar tredje månad. Ta kontakt med høyreapparatfirma for å bestille slangar

Gjer rein proppen

Det er individuelle skilnader på kor ofte proppa må reingjerast. Vi anbefalar å reinse den ca. kvar andre veke.

Tørk gjerne av proppen kvar kveld med ein tørr klut.

 

 

RITE høyreapparat

Reins og skifte av domar

Tette domar og filter er av dei vanlegaste årsakene til at det er dårleg eller ingen lyd i høyreapparata. Domen kan reinsast og etterkvart bytast. Når du får tilpassa høyeapparata får du eit bestillingskort. Audiografen merkar av kva type filter du skal bruke.

Skifte filter

Det finst fleire typar filter. Når du får tilpassa høyreapparat får du eit bestillingskort. Audiografen merkar av på dette kortet kva type filter du skal bruke.

Tørkeboks

Fukt er noko som kan påverke lyden og som kan gjere at høyreapparatet ikkje fungerer så godt. Sveittar du mykje eller oppheld deg i fuktig vêr kan det vere lurt å bruke tørkeboks ofte.

 

 

I øyret høyreapparat

Skifte filter

Tette filter er den vanlegaste årsaka til at det ikkje er  lyd i høyreapparatet. Det finst fleire forskjellige typar filter. Når du får tilpassa høyreapparat får du eit bestillingskort. Audiograf merkar av kva type filter du skal bruke.

Bruk av tørkeboks

Denne typen apparat er nokså tette i øyret, det er derfor vanleg at det blir varmt og fuktig i øyregangen. Det kan derfor vere lurt å bruke tørkeboks med jamne mellomrom.

 

 

Nyttige nettsider

Du finn også nyttig informasjon på følgende nettsider:

 

Sist oppdatert 19.08.2024