Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Pasientkurs

KOLS - Volda

Kurset er for deg som har fått diagnosa KOLS. Pårørande er velkomne til å delta på kurset.

Tid og stad

Når

Årleg kurs

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Kvar

Kløvertun

Tilvising skal sendast elektronisk til medisinsk poliklinikk, Volda sjukehus og merkast "KOLS". Fastlege eller spesialist i lungesjukdommar kan sende tilvising til kurset.

Du blir kontakta når henvisning er mottatt, og får tilsendt endelig program.

Kvifor delta på kurs

På kurset får ein informasjon om kols og møter andre med same sjukdom.
Målet er at ein etter kurset skal meistre kvardagen med kols på ein betre måte og få betre livskvalitet.

Innhald

  • Kva er kols

  • Medikamentell behandling

  • Ulike typar inhalatorar

  • Fysisk aktivitet og kols

  • Pusteteknikk

  • Sekretmobilisering

  • Kosthald og kols

  • Mestring og det å leve med kols

  • Rettigheiter

    *Med forbehold om endringar i programmet. 

Praktiske opplysningar

Årleg kurs, neste kurs vert i 2024. Du kan likevel sende tilvising fortløpande og vert satt på venteliste. Kurset varer over to dagar.

Du møter ved Lærings- og meistringssenteret, Kløvertunvegen 8 (bygget nedanfor Volda sjukehus). Betalingsparkering etter eigne reglar.

Ta med eigne inhalasjonsmedisiner. Desse kan vere nyttig å ha med når ein går igjennom dei ulike inhalatorane.

Bevertning: 130,- per kursdag, som inkluderer kaffi/te og lunsj. Faktura sendes i etterkant av kurset. Gi beskjed dersom du har allergiar/intoleranse eller ikkje ønsker bevertning. 

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset. 

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset. 

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Nyttige nettsider

Landsforeningen for hjerte- og lungesyke (LHL)

Kols - Helsenorge

Norges astma og allergiforbund (NAAF)

Kontakt

Relevante behandlingar