Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Pasientkurs

Bipolar liding - Ålesund

Deltakarane må ha diagnosen bipolar lidelse type I eller II.

Tid og stad

Når

Kurs kvart halvår. Det vert igangsett grupper når det er påmeldt mange nok deltakarar.

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Kvar

Du møter på Vaksenpsykiatrisk poliklinikk. Det er i bygget som ligg nordaust for sjukehusblokkene.

Tilvising skal sendast elektronisk til Psykiatrisk poliklinikk, Ålesund sjukehus
Ønsker du/dykk å delta på opplæringa, ta kontakt med fastlegen din eller behandlar i spesialisthelsetenesta for tilvising.

Kvifor delta på kurs

Med kursa ynskjer vi at du skal få

  • Betre livskvalitet.
  • Auka sjukdomsforståing og medvit om livsstil.
  • Tidleg oppdaging av prodromalsymptom.
  • Betre etterleving av medikamentell behandling.
  • Unngå rusmisbruk / sjølmordsatferd.
  • Meistring av psykososiale konsekvensar av affektive episodar.
  • Betre sosial fungering mellom episodane.

Innhald

Strukturert behandling. Fast agenda på kvart møte med gruppediskusjon og heimelekse.

  • Teori og faktakunnskap om bipolar liding.
  • Allment om behandling og medikamentell behandling.
  • Fokus på korleis forebyggje nye affektive episodar.
  • Stressmeistring og livsførsel.

Praktiske opplysningar

Gruppa møtast 2 timar i veka over 8 veker.
8 – 16 deltakarar i gruppa

Deltakarane får ein individuell informasjons/vurderingssamtale før gruppa starter.Saman med terapeuten finn ein ut om gruppetilbodet er den rette behandlinga no.

Deltakarane må ha diagnosen bipolar lidelse type I eller II.

Rettar og eigenandel

Sjukemelding: Dersom du treng sjukmelding, kontakt fastlegen din.

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

 

Nyttige nettsider

Bipolarforeningen

Kontakt