Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Diagnose

Sjøgrens syndrom

Sjøgrens syndrom (SS) er ein kronisk revmatisk sjukdom dominert av autoimmun betennelse i tåre- og spyttkjertlar gjer redusert kjertelfunksjon og dermed tørre auge og munn.

Tilvising og vurdering

Ved mistanke om Sjøgrens syndrom kan fastlege tilvise til revmatologisk poliklinikk. Revmatolog vurderer tilvisingane ut i frå nasjonal prioriteringsrettleiar om du har behov for vurdering i spesialisthelsetenesta, i så fall får du vanlegvis time til utgreiing innan 12 veker.  

Sjøgrens syndrom er en sjelden årsak til tørrhetsplager, men hvis tilstanden mistenkes er første trinn å måle ANA. Hvis det ikke påvises SSA/B-antistoff er diagnosen lite sannsynlig.                         
         
En henvising ved mistanke om Sjøgrens syndrom må inneholde:    
  • Tørre øyne eller munn over 3 måneder                    
  • Allmennsymptomer eller symptomer/funn fra andre organer
  • ANA-status med evt subklasser og eventuelle andre avvik i laboratieundersøkelser                    
  • Medikamenter pasienten bruker som kan gi munntørrhet
  • Evt. undersøkelse fra øyelege
  • Evt. røntgenundersøkelser
    


    

Utgreiing

I utgreiinga gjer vi først ein måling av spytt- og tåreproduksjon, og tek blodprøvar. Du får informasjon om dette på førehand. Videre utgreiing er avhengig av opplysningane i tilvisninga, og resultat av spytt- og tåremålingane. I nokre tilfelle får du time hos sjukepleiar, og nokre ganger hos lege. Legen vil undersøke deg og oppsummere tidlegare sjukehistorie. 

Det er viktig at du tar med oversikt over medikamenta du bruker til utgreiinga. Ta også med informasjon om bruk av alternativ medisin. 

Hvis du ikkje har SSA-antistoff, er det ikkje sannsynleg at Sjøgrens syndrom er årsaka til plagene med tørrleik. Men i nokre sjeldne tilfelle er det eit sterkt ønske om endeleg avklaring, og da er det aktuelt å ta ein spyttkjertelbiopsi i tillegg.

    



Behandling

Hovudbehandlinga mot Sjøgrens syndrom er å gje lindring av plagene med tørrleik.

Hvis du får autoimmun betennelse i indre organ er det vanleg å gje behandling med medisiner som demper immunforsvaret. Sjølv om det finnes medisiner som kan dempe autoimmun betennelse, er det dessverre ikkje vist at disse kan forebygge skaden som skjer i kjertelvev ved Sjøgrens syndrom.

Oppfølging

Dersom diagnosen Sjøgrens syndrom blir stilt, vil du få informasjon om diagnosen på sjukehuset. Nokre sjukehus har tilbod om kurs der du vil få meir innsikt i sjukdomsutviklinga og kva du kan gjere for å redusere plagane sjukdommen gir. 

Det er vanlegvis ikkje behov for regelmessige kontrollar på sjukehus eller hos fastlegen din ved Sjøgrens syndrom, med mindre det er tekn til svært overaktivt immunforsvar, for eksempel i form av forhøya sekningsreaksjon eller ved tekn til påverknad av indre organ. 

Ver merksam

Ta kontakt med fastlegen dersom du får følgande symptom/plager:

  • feber, nattesvette, og/eller uforklarleg vekttap. 
  • Leddhevelse eller forstørra spyttkjertler eller lymfeknuter i fleire veker. 

Kontakt

Revmatologisk poliklinikk

Kontakt Revmatologisk poliklinikk

Oppmøtestad

Den gamle poliklinikkinngangen er no stengt pga ombygging. Bruk hovudinngangen på sørsida og gå tvers gjennom sjukehuset. Du finn oss i enden forbi skyvedørene. 

Kurs

  • Sjøgrens syndrom - Ålesund
    Revmatologi. Kurset er spesielt tilrettelagt for deg som har nokså nyoppdaga sjukdom, i løpet av dei siste åra. Pårørande er velkomne til å delta.
    Sjøgrens syndrom - Ålesund
    17.
    mars
    2025
    2 dagar