Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Helse Møre og Romsdal

Måling av beintettleik

Beintettleik blir målt med ei enkel røntgenundersøking med ein metode som er kalla DXA (dual-energy X-ray absorptiometry). Metoden gir mindre stråling enn vanleg røntgen. Vi måler vanlegvis beintettleik i hofte og nedre del av ryggen.

Tilvising og vurdering

Undersøkinga blir utført etter tilvising frå lege.

Henvisning til beintetthetsmåling / vurdering av osteoporose bør innehalde:

1 Anamnese

a. Familieanamnese på brot – særleg om mor/far har hatt hoftebrudd/lårhalsbrudd

b. Eigen bruddanamnese – tap av høgde frå ung alder

c. BMI, røyking, tidleg menopause, inaktivitet/bevegelseshemming

d. Sjukdommar som disponerer for osteoporose (til dømes kroniske inflammatoriske sjukdommar, diabetes, hyperthyreose, hyperparathyroidisme, malabsorbsjon, nyresvikt, alkoholisme)

e. Medikament som disponerer for osteoporose  (til dømes glukokortikoider, aromatsehemmarar, antiandrogener, antiepileptika, protonpumpehemmarar)

f. Tidligare eller noverande behandling for osteoporose

2 Røntgen av ryggen

Dette kan vere nyttig før undersøkinga ved høydetap over 3–4 cm hos eldre pasientar og mistanke om virvelbrot. Dersom det føreligg atraumatiske virvelbrot, er det oftast indikasjon for behandling – uansett resultatet av beintettleiksmålinga. Ein bør også utgreie for andre bakenforliggjande sjukdommar.

 

Tilvisinga må innehalde informasjon om: 

  • Informasjon om risikofaktorar og relevant sjukdom
  • Medikamentbruk
    Om pasienten tek førebyggande medisinar for osteoporose
  • Om det er sett i gang behandling av osteoporose
  • Relevante blodprøver
  • Resultat av tidlegare målingar av beinmasse
  • Om pasienten har protesar eller anna metall i hofte/rygg

    Det kan ikkje utførast målingar i område der pasienten har metall.

Før

Undersøkinga krev inga førebuing. Det er ein fordel å ta på lette og ledige klede utan metall som knappar, spilar eller glidelås i midje-/lårområdet.

Under

Undersøkinga tek 15-20 minutt. Du ligg på ryggen på ein røntgenbenk, med beina litt frå kvarandre. For å få riktig vinkel på hofteledda under målinga, blir ei kasse med skrå sider plassert mellom føtene dine. Rygg og hofte blir skanna av ein "arm" som beveger seg over deg. Vi tar og eit sidebilete av ryggen. Du ligg då på sida med øvre arm kvilande på ei pute.

Etter

Ein lege granskar bileta og skriftleg rapport blir send til legen som tilviste deg. Om resultatet tilseier det, kjem legen med forslag til behandling.

Viser målingane forstadiet til beinskjørheit (osteopeni) eller beinskjørheit (osteoporose) gjer ein målingane på nytt etter 2–5 år. Slik kan vi følgje med på utviklinga og gi deg best mogleg behandling. Dei siste åra har det blitt meir vanleg å følgje effekten av osteoporosebehandling med ein blodprøve (P1NP) framfor beintetthetsmålingar.

Kontakt

  • Kontakt Radiologi Kristiansund

    Oppmøtestad

    Radiologisk avdeling finn du i 1. etasje.
    Bruk hovudinngangen til sjukehuset.

    Ta kontakt med røntgenekspedisjonen ved frammøte.

  • Kontakt Radiologi Ålesund

    Oppmøtestad

    Radiologisk avdeling finn du i 1. etasje.
    Bruk hovudinngangen til sjukehuset.

    Ta kontakt med røntgenekspedisjonen ved frammøte.

  • Kontakt Radiologi Volda

    Oppmøtestad

    Radiologisk avdeling finn du i 1. etasje.
    Bruk hovudinngangen til sjukehuset.

    Ta kontakt med røntgenekspedisjonen ved frammøte.

Kurs

  • Osteoporose - Volda
    Kurs for deg med beinskjørhet (osteoporose) og dine pårørande
    Osteoporose - Volda
    Dato kjem