Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Helse Møre og Romsdal

Lokalt samarbeidsutval for sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR)

Formålet til lokale samarbeidsutval er å vere eit forum for forbetringsarbeid og samarbeid mellom sjukehus og kommunane i opptaksområdet. Lokale samarbeidsutval skal i hovudsak behandle saker som gjeld det enkelte opptaksområde for sjukehus og som ikkje har konsekvensar for samarbeid i andre deler av fylket.  Lokale samarbeidsutval rapporterer til strategisk samarbeidsutval.

  1. Følge opp felles handlingsplan for Helsefellesskapet i Møre og Romsdal og implementere forbetringar med mål om gode samhandlingsløysingar og standardiserte pasientforløp.
  2. Arbeidet med avvikshandtering og forbetringsarbeid skal vere høgt prioritert hos partane og særleg vere tema i LSU.
  3. Skal i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret, pasientorganisasjonar, frisklivssentralar og ev. andre relevante i kommunar og sjukehus bidra til utvikling og bruk av lærings- og meistringstiltak for å førebygge og utsette behov for helsetenester

24 januar 2025 - Konsitueringsmøte SNR 

14.februar 2025 - Teamsmøte

Sist oppdatert 27.01.2025