Nyfødt intensiv
Nyfødt intensiv behandlar pasientar innan følgande fagområde: premature og fullbårne, sjuke nyfødde. Seksjonen har spesialkompetanse innan nyfødtmedisin med behandling av akutte og kronisk sjuke nyfødde og premature. Det blir lagt vekt på å skape eit godt vekst- og utviklingsmiljø for barna, og dessutan å ivareta heile familien. Nyfødt intensiv har 13 behandlingsplassar. Fire av desse er høgintensive (internasjonalt: nivå III) med alle typar avansert respiratorbehandling, kjølebehandling (terapeutisk hypotermi) og anna intensivbehandling etter internasjonal standard, tilsvarande det norske regionsjukehus har.
Kontakt
Telefon
Alle dagar.
Postadresse
Helse Møre og Romsdal HF Postboks 1600 6026 Ålesund
Slik finn du fram
Oppmøtestad
Nyfødt intensiv finn du ved barneavdelinga, eit eige bygg like ved hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Vi er svært glad for at du ønsker å bli morsmjølkgivar.
Morsmjølk er den beste næringa for tidleg fødde og sjuke nyfødde barn kan få. Som morsmjølkgivar er du med på å gi sjuke nyfødde ein god start i livet.