Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ungdom ser mot havet

Eit kart over tenestene for barn og unge

Barn og unges helseteneste

Satsinga barn og unges helseteneste består av sju samhandlingsforløp for dei vanlegaste psykiske plagene hjå born og unge. Forløpa fungerer som eit kart over tenestene og skal gi brukarar og fagpersonar betre oversikt over ansvarsområder og roller.

Vi treng å høyre til

Barn og unges helseteneste har laga video om psykisk helse. 

Dei sju samhandlingsforløpa

I 2021 starta Helse Møre og Romsdal samarbeidsprosjektet Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal, etter modell frå Helse Fonna. Det er eit samarbeid mellom alle kommunar og Psykisk helsevern for barn og unge i helse Møre og Romsdal.

Satsinga går ut på å implementere 7 samhandlingsforløp rundt dei vanlegste psykisk helseutfordringane hos barn og unge. Møre og Romsdal har teke utgangspunkt i forløpa frå Helse Fonna, men har no arbeidd seg gjennom forløpa og har laga sine eige forløp som vart ferdig januar 2024.

Målsetjinga er å sikre samanhengande tenester mellom kommunar og spesialisthelsetenesta for barn og unge med psykiske lidingar i Møre og Romsdal, og gi barn og unge med psykiske vanskar «rett hjelp – på rett stad – til rett tid».

Forløpa er først og fremst laga for at fagfolk skal gi barn og ungdom eit samanhengande hjelpetilbod, men du finn også informasjon for barn, ungdom og føresette om kor ein kan få hjelp.

I prosessen har vi mellom anna hatt arbeidssamlingar, leiarsamlingar og nettverksmøte for å få innspel i satsinga. I tillegg til forløpa har vi starta med dialogbaserte inntaksmøte, felles møte mellom kommunar og BUP for å drøfte saker kring brukarar kor ein er usikker i kva teneste dei skal få hjelp i. Desse er positivt evaluert og skal breddase vidare til andre kommunar. Kompetansehevande webinar har også vore arrangert som vi held fram med. Satsinga blir implementert vidare i åra framover.

​​

Sist oppdatert 09.01.2025